Wikipedia : Fleirtyding

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Snarvegar :
Wikipedia:Fleir

Problemet [ endre wikiteksten ]

Fleirtyding er nar to eller fleire ord med ulike tydingar er homografar (har same skrivemate).

Dersom eit oppslagsord kan ha fleire tydingar, vert det ein konflikt i Wikipedia-namnerommet, for i Wikipedia kan ikkje to artiklar ha same namn.

For a løysa slike namnekonfliktar pa ein systematisk mate, treng me retningsliner for kva som skal liggja pa sida med det fleirtydige namnet.

Eit døme:

Kva skal brukarane sja nar dei opnar Mars ?
Ein artikkel om planeten Mars?
Ein artikkel om manaden mars?
Ein artikkel om krigsguden Mars?
Ei liste over ulike tydingar av ordet mars ?
Eller skal dei omdirigerast til eit av dei øvre alternativa?


Løysinga pa Nynorsk wikipedia [ endre wikiteksten ]

Brukarane av Nynorsk wikipedia har diskutert seg fram til følgjande politikk for homonyme oppslagsord.

  1. Dersom to eller tre oppslagsord har same namn, men ei av tydingane skil seg ut som det mest naturlege valet (den som folk flest vil venta a finna under oppslagsordet), skal artikkelen om hovudtydinga liggja under oppslagsordet . Dei andre artiklane skal ha eit kvalifiserande element i tittelen som skil dei fra hovudtydinga. Den første lina i artikkelen med hovudtydinga skal innehalda peikarar til dei andre tydingane.
    Døme:
  2. Dersom det ikkje er generell semje om ei hovudtyding av oppslagsordet, skal ingen av artiklane liggja direkte under oppslagsordet ; alle artiklane ma ha ein kvalifikator i tittelen. (For artiklar om personar vil dette normalt vera arstala for fødsel og evt. død.) Aleine skal oppslagsordet berre gje ei liste med peikarar til alle desse artiklane, med maksimalt ei setning med tekst for a skildra kvar artikkel.
    Døme:
  3. Dersom det er semje om ei hovudtyding, men det er meir enn (ca.)?to andre tydingar, slik at det blir i meste laget a lista opp alle tydingane i den første lina av artikkelen (sja punkt 1 ), skal artikkelen om hovudtydinga likevel liggja under oppslagsordet . Men i tillegg kan det lagast ei fleirtydingsside, med ordet fleirtyding i tittelen, som inneheld ei liste med peikarar til alle tydingane. Lesaren skal kunna forventa at hovudartikkelen opnar med ei line som fortel kvar fleirtydingssida finst.
    Døme:

Sja diskusjonssida for meir utførlege diskusjonar om fleirtydingssituasjonar.