Voyager 1

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kunstnarisk framstilling av Voyager 1
Voyager 1 under oppskytinga den 5. september 1977.

Voyager 1 er ein ubemanna romsonde som er send ut for a utforske det ytre solsystemet . Romsonden vart skoten opp den 5. september 1977 og er framleis i funksjon. Romsonden er no det fjernaste menneskeskapte objektet fra jorda. Avstanden til sola passerte ≪milepalen≫ 100 astronomiske einingar (AU) den 15. august 2006 , noko som tilsvarar omtrent 15 milliardar kilometer. Voyager 1 har no nadd ytterkantane av solsystemet, eit enormt omrade der sola sin innverknad vert etterstatta av interplanetært rom .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Meininga var at Voyager 1 skulle vere ein del av Mariner-prosjektet som Mariner 11, og var designa for a kunne nytte seg av gravitasjonsfeltet rundt ein planet, slik som Mariner 10 gjorde det. Eit ambisiøst prosjekt, kalla Planetary Grand Tour, var a besøke 5 av planetane lengst unna sola med ubemanna romsondar. Det ville oppsta eit slikt høve i 1970 da desse planetane stod nær kvarandre til a vitjast samtidig, eit høve som ikkje ville kome igjen før etter 170 ar. Budsjettkutt hos NASA gjorde at prosjektet vart redusert. Dei endelege mala for vart planetane Jupiter og Saturn , samt manane rundt.

Utforsking [ endre | endre wikiteksten ]

Jupiter [ endre | endre wikiteksten ]

Voyager 1 er den første romsonden som vitja planeten Jupiter. Den byrja fotograferinga av planeten i januar 1979 og heldt pa fram til april same aret. Av ei rekkje nyoppdagingar som vart gjort var svovelvulkanane pa manen Io . Gravitasjonsfeltet rundt planeten vart nytta for a auke farten samtidig som sonden sette kurs mot planeten Saturn.


Saturn [ endre | endre wikiteksten ]

Voyager 1 kom fram til planeten Saturn i november 1980. Dermed vart romsonden den første til a vitje ogsa denne planeten. Romsonden oppdaga komplekse strukturar i ringane rundt Saturn, og studerte atmosfæren pa manen Titan , som var spesielt utplukka for ei nærflyging. Voyager 1 sende og bilete av andre av manane rundt Saturn, mange av dei oppdaga for fyrste gong.

Voayger 1 sin noverande posisjon er i stjernebiletet Slangeberaren . Ein ein reknar med at instrumenta i romsonden vil vare til rundt 2020, da er det ikkje lenger nok kraft til a drive noko av utstyret.