Det osmanske riket
, ogsa kalla
Det ottomanske riket
, var eit enormt,
tyrkisk
imperium
, grunnlagd av
Osman I
ved byrjinga av
1300-talet
og styrt av
Det osmanske dynastiet
fram til
Tyrkia
som republikk vart skipa av
Mustafa Kemal Ataturk
i
1923
etter
den fyrste verdskrigen
.
Riket var mektigast pa
1500-talet
under sultan
Suleiman den store
. Det hadde likevel størst utstrekking i
1683
, da det strekte seg fra
Wien
i vest, gjennom
Midtausten
og
Nord-Afrika
, til dagens
Iran
og
Den arabiske halvøya
i aust. Sjølv om riket var stort, hadde det berre rundt 40 millionar innbyggjarar.
Ein
sultan
styrte riket saman med
diwanen
, ei regjering sett saman av
vesirar
og leia av
storvesiren
. Seinare tok sultanane den muslimske tittelen
kalif
, det andelege overhovudet til alle muslimar. I fleire hundrear sag ein pa desse sultanane som dei einaste som hadde rett til a erklæra
heilag krig
.
Historia om Det osmanske riket er omfattande og spenner over sju hundrear. Det er mange forskjellige perspektiv; nokre baserer seg berre pa den militære delen av historia, krigane som riket var innblanda i, og kva det underla seg og seinare matte gje fra seg, medan andre peikar pa den indre utviklinga. Denne artikkelen prøver a ha eit meir generelt perspektiv.
Det osmanske riket oppstod som ein
Uc Beyli?i
(ei form for
adel
) innanfor Seljukstaten i
Anatolia
mot slutten av 1200-talet. Denne staten var sjølv underlagt
Ilkhanatet
(ein del av
Det mongolske riket
) pa den tida. Det er ei utbreidd oppfatning hos historikarar at
Osman I
erklærte sjølvstende i
1299
, men det er vanskeleg a fastsette det nøyaktige tidspunktet.
I riket sin vekstfase vart identiteten og karakteren til riket definert, og det sikra seg sin plass i historia under
Mehmet II
, ≪erobraren≫. Det var i denne perioden at den osmanske eliten (kjernen av tyrkarar rundt Osman I) diskuterte korleis ein skulle organisere ein ny stat. Det er viktig a legge vekt pa det ekspanderande riket sin geopolitiske situasjon. Det hadde kontakt med og kunne hente erfaringar fra mange forskjellige kulturar. Ut fra kunnskapen sin om tidlegare imperium og sogene deira, var den osmanske eliten av den klare oppfatning at det ikkje var sverdet aleine som kunne bygge og vedlikehalde store imperium.
Den osmanske eliten hadde stor tru pa at sverdet matte styrast av mannen, og ikkje omvendt. Det var viktig a finne sterke og dyktige menn som var villige til a samarbeide for a erobre store delar av
Europa
,
Asia
og
Afrika
. Det var og viktig a organisere og regjere desse erobra omrada pa ein tilfredsstillande mate, og etablere ein struktur det ville vere vanskeleg a bryte ned seinare. Den osmanske eliten gav prioritet til politiske idear som legitimerte imperiet. Berre med desse ideane var det mogeleg a skape samhald mellom sa mange forskjellige folkeslag, kulturar og religionar, og fa alle desse til a dra i same retning. Ideen og kulturen som vart skapt i desse tidene var sa sterk at det tok 300 ar med forfall og katastrofar a bryte ned riket. Under bygginga av dette enorme riket vart det utvilsamt utøva bade urett, vald og øydelegging. Men det ville vore urettferdig ikkje a gje godkjenning til den historia som byrja pa 700-talet, da tyrkarane byrja a utvandre fra eit
sarasenarrike
i forfall.
Trass i at Det osmanske riket oppstod før
Osman I
, vert han sett pa som grunnleggaren av riket og han var den første høvdingen (
Bey
pa tyrkisk). Han erklærte sjølvstende fra
Austromarriket
og skapte ein front mot det, og hans eige rike fekk namn etter han. Tidlegare tyrkiske leiarar sleit med interne konfliktar.
Osman I
flytta hovudstaden til
Bursa
, der han prega
mynt
i sitt namn. Som bevis pa hans gode ettermæle var uttrykket ≪matte han bli like god som Osman≫ mykje brukt hos tyrkarar, og det vert til dels framleis nytta i dag.
Mehmet II
var berre tolv ar da han vart
sultan
, og han vart omtalt som ein ≪lærd krigar≫. Hans militære dugleik vart demonstrert ved
slaget om Konstantinopel
. Han naut full støtte fra heile riket. Den nytta han til a reorganisere staten sin struktur og militærvesen.
Ein kan dele inn veksten av Det osmanske riket i to periodar. Den første perioden var prega av erobringar og vekst; fra erobringa av
Konstantinopel
i
1453
til
Sultan
Suleiman den store sin bortgang i
1566
. Dette var ein periode med store bragder sett med osman-tyrkiske auge. Etter erobringa av Konstantinopel ekspanderte imperiet nordover.
Slaget ved Kosovo Polje
var eit gjennombrot for osman-tyrkarane, trass i at den serbiske riddaren
Milo? Obili?
klarte a drepe den daverande sultan
Murat I
. Sigeren var grunnlaget for ekspansjonen vidare inn i
Sentral-Europa
. Sultan
Selim I
(1512-1520) gjekk mot aust, slo
Safavidane
i
Persia
under slaget pa Chaldiran, og etablerte ein egen
marine
i
Raudehavet
. Etterfølgjaren hans Suleyman den store skulle auke makt og storleiken til imperiet ytterlegare. Etter a ha tatt
Beograd
, erobra han
Ungarn
i
1526
, men tapte 16 000 mann i
Slaget ved Mohacs
. Det ungarske kongedømet braut saman etter dette, og
Huset Habsburg
overtok dei delane av Ungarn som tyrkarane ikkje tok. Suleyman den store heldt fram mot
Wien
, men klarte ikkje a ta byen før vinteren kom og tvinga han til retrett. Ikkje lenge etter vart
fyrstedøma
Transylvania
,
Valakia
og
Moldavia
under Det osmanske riket.
I aust vart
Bagdad
erobra fra
Det persiske riket
i
1535
, stadig under leiing av sultan Suleyman den store. Dette førte til at tyrkarane fekk kontroll over store delar av Midtausten. Det osmanske riket gjekk inn i sin gullalder i regjeringstida til Suleiman den Store, og kjend som Lovgjevaren.
Dei 230 ara med ubroten vekst avslutta med den første omleiringa av
Wien
i
1529
. Ataket pa Wien var ikkje eit eigentleg erobringsforsøk, men nærast ein reaksjon pa Huset Habsburg si innblanding i Ungarn. Dei osmanske styrkane tapte rundt 25 000 mann, medan motparten sitt tap var minimale. Dette førte og til at nokre av imperiet sine allierte vendte dei ryggen.
Paven
mante no til eit
krosstog
mot tyrkarane, etter at han tidlegare hadde inntatt ein relativt passiv haldning. No var Det osmanske riket ikkje lenger berre ein inntrengar og okkupasjonsmakt, men ein varig faktor i europeisk politikk. Det andre
slaget om Wien
i 1683, da kongen av
Polen
,
Jan III Sobieski
, braut omleiringa til tyrkarane, vart eit vendepunkt i den 300 ar lange kampen mellom dei kristne rika i Sentral-Europa og Det osmanske imperiet. Riket gjekk no inn i ein langvarig periode med stagnasjon.
I denne perioden hadde Det osmanske riket ei rekkje av sultanar som trass i gode føresetnadar ikkje klarte a na mala sine i same grad som
Mehmet II
,
Selim I
og
Suleiman I
. Under denne stagnasjonen vart imperiet svekka av krigar mot
Persia
,
Den polsk-litauiske realunionen
,
Russland
og
Austerrike
. Den russiske ekspansjonen sørover gav opphav til ei rekkje pa ti krigar mellom Det russiske imperiet og Det osmanske imperiet pa 1600-talet-1800-talet. Det osmanske imperiet viste stor uthald under desse krigane og heldt stand lenge.
Da
Kara Mustafa
tapte slaget om
Wien
i 1683 mot Jan III Sobieski fra
Polen
, byrja tilbaketrekkinga fra
Europa
. Kara Mustafa fall ikkje i slaget, men vart avretta i Beograd i desember 1683 som følgje av nederlaget. Etter nok eit nederlag i den store tyrkiske krigen i
1699
gav Det osmanske riket for første gong fra seg omrade i
Karlowitz-traktaten
. Desse vesentleg ungarske omrada hadde vore under Det Osmanske riket sin kontroll i 200 ar. Men tyrkarane slo Russland i
Pruth-felttoget
i
1712
, og
Passarowitz-traktaten
skapte ein kortvarig fred mellom dei to imperia fra
1718
til
1730
. Etter dette samla tyrkarane seg til ein kraftinnsats og sigra over Austerrike i
1736
. Ved
Beograd-traktaten
fekk osmanarane igjen nokre av dei europeiske omrada som hadde gatt tapt i
1699
.
Det osmanske riket konsentrerte seg etter kvart om a haldet det dei hadde vunne framfor a ekspandere ytterlegare. Riket byrja a utvikle byane pa Balkan, dei ytre postane mot europeisk ekspansjon. Ein byrja a utbetre levekara for innbyggjarane i riket. Skattetrykket vart redusert, det vart oppretta konsulat, og handel, handverk og industri vart oppmuntra. Tida vart kalla ≪tulipanæraen≫ etter eit motiv som vart mykje nytta i dekorativ kunst. Det vitskaplege forspranget som den muslimske verda hadde hatt over Europa, vart innhenta i denne perioden. I stagnasjonsperioden klarte tyrkarane ikkje a halde tritt med utviklinga hos dei europeiske rivalane
Frankrike
,
Storbritannia
,
Austerrike
og
Russland
.
Krigar vart tapt og omrade avstatt pa
Balkan
og i
Kaukasus
til fordel for Austerrike og Russland. Omrade som
Egypt
og
Algerie
fekk reelt sjølvstende, sjølv om dei i namnet høyrde til riket. Frankrike og Storbritannia fekk auka innverknad i
Nord-Afrika
. Under sultan
Selim III
vart det gjort forsøk pa a modernisere systemet. Men mange av reformene som sultanane forsøkte a gjennomføre for a fornye riket vart motarbeida av konservative krefter, bade dei religiøse og det no korrupte elitekorpset
janitsjarane
. Janitsjarkorpset vart til slutt utsletta i
1826
.
Trass i stagnasjonen hadde Det osmanske riket halde sin posisjon som stormakt heilt fram til 1800-talet, men da byrja oppløysninga av det enorme riket. Samtidig var perioden prega av omfattande moderniseringsforsøk med reorganisering og forandringar i alle delar av riket.
Karikaturen til høgre er fra denne perioden (1885) og viser korleis riket vart oppfatta. Det er ein parodi av ein funksjonær i det osmanske utanlandskontoret (anda). Papegøyen, apen, og grisen (britar, italienarar og tyskarar) som plagar han er vaktarar og omsetjarar (europeiske stormakter). Russarane er i bakgrunnen som bjørnar.
Perioden er kjend som
Tanzimat
(tyrkisk for 'reorganisering') og varte fra 1839 til 1876. I denne tida vart hæren kraftig modernisert. Pa same mate gjekk banksystemet gjennom store reformer. Ei byrjande industrialisering førte til at handverks
lauga
fekk konkurranse fra moderne fabrikkar. Økonomisk hadde imperiet problem med a innfri lana det hadde tatt opp i europeiske bankar. Militært hadde det problem med a forsvare seg mot utanlandsk aggresjon og dei balkanske minoritetane sine ønske om lausriving. Frankrike okkuperte Egypt i 1798 og erobra
Algerie
i 1830.
Montenegro
fekk autonomi i 1798, og
Serbia
i 1804.
Hellas
frigjorde seg i 1829 etter ein lang
sjølvstendekamp
med hjelp av utanlandske frivillige og trugslar om intervensjon fra stormaktene si side. Vasallstatane pa Balkan oppnadde auka sjølvstende.
Ei viktig endring var at imperiet slutta a ga til krig aleine og etablerte alliansar med europeiske land. Det vart inngatt ei rekkje alliansar med land som Frankrike,
Nederland
,
Storbritannia
og
Russland
.
Krimkrigen
vart utkjempa i allianse med
Frankrike
,
Storbritannia
og
Kongedømet Sardinia
for a stanse den russiske frammarsjen, som vestmaktene var uroa for. Dei allierte slo Russland i september 1856.
Av alle idear Det osmanske riket tok imot fra vesten var
nasjonalismen
ein av dei viktigaste
ideologiane
. Osmanarane matte ikkje berre uroe seg for nasjonalismen innanfor eigne grenser, men og utanfor. Mange nasjonale minoritetar gjorde opprør i løpet av
1800-talet
. Det er vorte sagt at desse opprøra var avgjerande for den politikken som Det osmanske riket matte ta opp pa
1900-talet
, men arsakene til opprøra er omstridde. Det osmanske riket hevda sjølv at arsakene til dei nasjonalistiske opprøra var interne og at dei vart støtta av krefter som hadde skjulte mal.
Eit opprør i
Bosnia-Hercegovina
i 1875 spreidde seg til
Bulgaria
og utløyste intervensjon fra
Austerrike-Ungarn
,
Serbia
,
Montenegro
og
Russland
. Russarane marsjerte nesten inn i Istanbul, men vart stansa etter press fra vestmaktene. Fredssluttinga i 1878 etter
Berlinkongressen
førte til at Austerrike-Ungarn tok Bosnia-Hercegovina, medan Serbia, Montenegro,
Valakia
og
Moldovia
vann fullt sjølvstende. Bulgaria vart skild ut som autonomt fyrstedøme.
Kypros
vart overlate til britane til gjengjeld for britisk støtte i krigen mot Russland. Frankrike sikra seg herredømet i
Tunis
. Av landvinningane i Europa var berre
Albania
,
Novi Pazar
og
Thrakia
tilbake.
Det osmanske riket fekk ein kortvarig periode med konstitusjonelt styre medan konfliktane med indre og ytre fiendar pagjekk. Reformkreftene, kjend som
Ung-osmanarane
, gjennomførte i 1876 eit militærkupp og tvinga sultan
Abdulaziz
til a abdisere til fordel for
Murat V
. Han var mentalt sjuk og matte ga av etter fa manader, og kuppmakarane tilbaud
Abdulhamit II
(1876-1909) trona mot løfte om a innføre konstitusjonelt monarki, noko han gjorde 23. november 1876. Ei grunnlov (
Kanun-ı Esasi
) vart utforma og eit parlament med representantar for alle folkegrupper i imperiet vart kalla saman. Men det første konstitusjonelle styret varte berre i to ar, til Abdulhamit oppløyste parlamentet i 1878.
Mot slutten av 1800-ara vart arva etter
Ung-osmanarane
tatt opp av ein ny generasjon progressive tyrkarar, no med eit sterkare innslag av tyrkisk nasjonalisme.
Ungtyrkarane
(tyrkisk:
Jonturkler
) var ein patriotisk organisasjon, offisielt kjend som ≪Komiteen for eining og framsteg≫ (tyrkisk:
?ttihat ve Terakki Cemiyeti
, engelsk:
Committee of Union and Progress
). Leiarane gjorde opprør mot
Sultan
Abdulhamit II
i 1908 og tvinga fram gjeninnføringa av konstitusjonelt styre. Dei hadde regjeringsmakta i Det osmanske riket til slutten av
den første verdskrigen
i november 1918.
Oppløysinga av imperiet hadde pagatt lenge da
Kreta
gjekk tapt i 1898, etter at eit opprør i den greske folkesetnaden førte til at stormaktene greip inn og tvinga fram opprettinga av ein autonom republikk under formell osmansk suverenitet, men med ein gresk prins som president. I 1908 vart øya annektert av Hellas.
I 1908 vart og Bosnia-Hercegovina formelt annektert av Austerrike-Ungarn, og Bulgaria nytta sjansen til a erklære seg som eit fullt sjølvstendig kongedøme.
Italia
sitt ønske om a skaffe seg eit kolonirike gjorde at landet med støtte fra vestmaktene gjorde invasjon i
Libya
i 1911. Den osmanske hæren under general
Musta Kemal Pasja
gjorde sterk motstand, men italienarane si overmakt til sjøs førte til at bade Libya og øya
Rodos
og dei andre
Dodekanesane
vart avstatt til Italia i 1912.
Det var mykje uro pa Balkan før
den første balkankrigen
braut ut i 1912. Den osmanske hæren sin styrke pa Balkan var stor, og tilsynelatande var den moderne. Men det var berre pa overflata, i røynda var han korrupt, darleg leia, darleg trent og lite stridsdyktig. Etter opprør i
Albania
, og oppmuntring av italienarane sin militære framgang, gjekk
Balkanligaen
(som bestod av
Serbia
,
Montenegro
,
Hellas
og
Bulgaria
) til atak pa dei ottomanske styrkane i oktober. Albania erklærte sjølvstende 28. november. Det vart inngatt vapenkvile 2. desember. Det osmanske riket matte avsta nesten alle sine gjenverande omrade i Europa ? Albania,
Kosovo
,
Novi Pazar
-regionen,
Makedonia
og det meste av den historiske regionen
Thrakia
. Berre eit bruhovud vart tilbake, ei kyststripe fra
Svartehavet
til
Middelhavet
.
Sigerherrane vart likevel ueinige om fordelinga av erobringane, og i
den andre balkankrigen
i 1913 gjekk Det osmanske riket saman med dei andre balkanstatane mot Bulgaria og lukkast i a gjenerobre delar av Thrakia, om lag til dei noverande grensene.
I eit siste forsøk pa a gjenvinne tidlegare tapte omrade og utfordre britane sitt herredøme over
Suezkanalen
inngjekk den ungtyrkiske krigsministeren
Enver Pasja
ein avtale med
Sentralmaktene
under
den første verdskrigen
. I byrjinga av krigen hadde Det osmanske riket noko framgang. Dei allierte, som no og omfatta den nyoppretta
ANZACstyrken
, tapte i
Irak
og forsøket pa a erobre
Gallipoli
. Britane vart slatt tilbake, og nokre av de tapte territoria vart gjenerobra. I
Kaukasus
tapte derimot osmanarane store landomrade og over 100 000 soldatar. Russarane rykte fram i
Armenia
til ei linje fra
Trabzon
,
Erzurum
til
Van
.
Den russiske revolusjonen
gav Det osmanske riket ein sjanse til a sla tilbake, men den britiske offensiven i
Midt-Austen
vart for mykje. Osmanarane tapte heilt mot slutten av krigen for dei allierte under leiing av general
Edmund Allenby
, med hjelp av arabiske opprørarar og
Thomas Edward Lawrence
.
Under den første verdskrigen innleia det ungtyrkiske styret ei massiv forfølging av den store og mektige
armenske
minoriteten i riket. Konsentrert armensk busetnad fanst i det historiske Armenia i riket sine austlege delar mot
Kaukasus
, men armenarane utgjorde og eit stort innslag i byfolkesetnaden i heile riket, der dei var kjend som dyktige handelsmenn. Dei første isolerte massakrane mot armenarar i det austlege
Anatolia
vart opptakten til ein statleg organisert utryddingsaksjon, til dels med bakgrunn i frykta for at armenarane skulle ga saman med riket sine kristne fiendar.
I 1915 innførte staten lover retta mot armenarane, og organisasjonen
Te?kilat-ı Mahsusa
vart oppretta for a gjennomføre deportasjonar og massedrap over dei neste to ara. Kanskje sa mange som 1,5 millionar armenarar vart drepne eller omkom under deportasjonane, som det er brei semje om a omtale som det første
folkemordet
pa 1900-talet. Talet pa døde er derimot usikkert og omstridd, og den
tyrkiske
staten nektar for at det fann stad. Tilsvarande skuldingar om brutalitetar mot dei greske og
assyriske
minoritetane er og retta mot Det osmanske riket.
- Sja
Folkemordet pa armenarane
for meir informasjon.
Med vapenstillstanden i
Mudros
30. oktober 1918 matte Det osmanske riket trekke seg tilbake fra alle sine omrade utanfor Anatolia og godta alliert okkupasjon av hovudstaden Istanbul og byen
?zmir
(Smyrna). Som vilkar for fred matte osmanarane godta ei oppdeling av riket ved
Sevres-traktaten
av 10. august 1920. Ifølge denne skulle Italia og Hellas fa overta store delar av Antatolia sin kyst, Armenia sin sjølvstende og heile Midtausten skulle delast mellom Storbritannia og Frankrike.
Dei audmjukande fredsvilkara, saman med okkupasjonen av Istanbul og ?zmir, utløyste ein sa sterk reaksjon hos riket sine tyrkiske innbyggjarar at det utløyste eit opprør som førte til Det osmanske riket sitt fall og til opprettinga av republikken
Tyrkia
i 1923. Men i mellomtida tok nye nasjonalistiske leiarar makta i det svekka imperiet og starta
den tyrkiske sjølvstendekrigen
, som skulle kome til a omstøyte dei fleste av avgjerslene i Sevres-traktaten og jage okkupasjonsstyrkane ut av det tyrkiske kjerneomradet.
Den osmanske regjeringa vart sett pa som passiv og mista respekt hos folk. Han vart kritisert for a avgje for store landomrade etter krigen. Hellas hadde idear om eit nytt Stor-Hellas og forsøkte med base i det okkuperte ?zmir a utvide sitt herredøme langs heile kysten mot
Egearhavet
i
den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922
. Frankrike okkuperte
Hatay
og
Syria
og ønska i tillegg delar av Anatolia. Italienarane ville ha den sørlege delen av Anatolia, som dei og var lova. Britane hadde allereie
Arabia
,
Palestina
,
Libanon
,
Jordan
og Irak. Den tyrkiske nasjonalismen blussa opp, spesielt næra av frykta for gresk ekspansjon. Ført av Mustafa Kemal, ein tidlegare sigerrik general i den osmanske hæren, slo tyrkarane tilbake. I april 1920 oppretta Kemal Pasja ei revolusjonsregjering med hovudkvarter i
Ankara
. Han avgjorde a sla tilbake med militær makt mot okkupasjonen av tyrkiske omrade. Dei allierte var krigstrøytte og trekte seg raskt tilbake. Det vart halde mange kongressar, mellom anna ein nasjonal kongress i
Sivas
. Der vart det avgjort at gresk sjølvstende i
Aydin
,
Manisa
og
Bahikesir
var uakseptabelt.
Sultan
Mehmet VI
Vahdettin vart den siste sultanen. Han sa fra seg sin verdslege makt den 1. november 1922 og forlet Konstantinopel 17. november om bord pa eit britisk krigsskip for a ga i eksil pa
Malta
. Han døydde i
Italia
den 15. mai 1926. Men sultanatet si religiøse leiarstilling som
kalif
vart opprettheldt enno i to ar under prins
Abdulmecid II
, fram til republikken avskaffa kalifatet 3. mars 1924.
Republikken Tyrkia
vart oppretta 29. oktober 1923.
Det osmanske riket omfatta mellom anna fleire
kurdiske
fyrstedømme. Likevel fekk tyrkarane eit eige land etter krigen, men ikkje kurdarane. Tyrkarane meinte sjølve at dei hadde gjeve avkall pa (meir enn) nok av imperiet sitt som følgje av krigen, og ville ikkje avsta meir land for at
Kurdistan
skulle fa sitt eige omrade.
I 1999, etter 76 ar, skjenka det tyrkiske
parlamentet
statsborgarskap
til dei noverande medlemmane av osmanfamilien. Den siste som fekk statsborgarskap var det noverande overhovudet for familien,
Ertu?rul Osman V
. Han fekk det i 2004, men flytta ikkje tilbake til
Tyrkia
. Han bur for tida pa
Manhattan
i
New York
i
USA
.
Det osmanske riket vart administrert ved hjelp av erfarne
kristne
,
jødar
og folk fra andre etniske og religiøse grupper, i motsetnad til andre herskarar, som favoriserte folk av eigen religion og nasjonalitet. Det var eit fornuftig val for ein raskt ekspanderande stat, som trong lokalkjende undersattar til a styre imperiet. Denne pragmatiske haldninga kom og til uttrykk ved at riket i byrjinga brukte
gresk sprak
i sin diplomatiske korrespondanse med framande makter. Sultanane brukte radgivarar (sakalla
vesirar
) som ofte vart vald blant lojale kristne ? grekarar, italienarar og andre. Diplomatar omtalte ofte imperiet som ???? ??? (
Bab-i-ali
≪Den store porten≫ eller ≪Porten≫), som viste til den store slottsporten til det keisarlege
Topkapı-palasset
, der Sultanen tok i mot utanlandske
ambassadørar
. Andre trur det stammar fra imperiet si plassering og byen Istanbul, som ein slags passasje mellom Europa og Asia, aust og vest. Folk fra vest omtalte ofte Det osmanske riket som
Det tyrkiske rike
eller berre
Tyrkia
, noko som er noko misvisande. Det osmanske riket ma ikkje forvekslast med den moderne
nasjonalstaten
Tyrkia.
Riket produserte lite varer, bortsett fra osmantyrkiske bønder som produserte matvarer. Det osmanske riket var ikkje økonomisk utnyttande eller oppstatt og motivert som dei europeiske kolonirika. Den osmanske regjeringa var opptatt av a verne landet og a sørgje for tryggleik og harmoni. Det er ein del vestlege og kristne som forbinder Det osmanske riket med vald pa grunn av riket sine siste ar, men dette var heller eit resultat av nasjonsbygging, og ikkje av den osmanske administrasjonen. Elles er Det osmanske riket og kjend for a vere eit sentrum for forskarar og vitskapsmenn, og det er først pa 1700-talet at de vart forbigatt av andre europeiske stormakter nar det gjeld teknologi og medisin.
Sultanen
var den offisielle eineherskaren i riket.
Dynastiet
vart som oftast kalla
Osmanli
eller Huset Osman. Dei første herskarane kalla seg for
bey
og gav med det til kjenne at dei aksepterte Suljek-sultanatet sin forrang og overherredøme, etterfølgjarriket etter Ilkhanat-sultanatet.
Murad I
var den første tyrkaren som tok tittelen ≪
sultan
≫ (
konge
). Med erobringa av
Konstantinopel
i 1453 var staten pa veg til a verte eit mektig rike med Mehmed II som herskar, eller
padishah
, i Europa ofte omtalt som Stortyrken (den store tyrkar). Fra 1517 og framover var sultanen og
Kalif av Islam
, og fram til 1922 (eller 1924) var Det osmanske riket synonymt med
Kalifatet
, den islamske verdsstaten. Sultanen hadde mange titlar som Herskar av Huset Osman, Sultanane sin Sultan,
Khanane
sin Khan, og fra 1517, Kommandør av dei trufaste og etterfølgjar av
Profeten
for Universets Herre, mao.
kalif
, som teoretisk sett gav han herredøme over alle andre muslimske herskarar i heile verda.
Det var ein del endringar i organisasjonen opp igjennom tidene, men det var og mykje som var konsekvent. Den øvste herskaren var alltid sultanen. Dei utvikla ein avansert organisasjon over tid. Dei hadde ei veldig sentralisert regjering med Sultan som overhovud, men hadde og ein veldig effektiv kontroll pa sine
provinsar
og byar. Dei hadde ein klasse som vart kalla
askeri
, som inkluderte adelege, militære offiserar og den religiøse klassen
ulema
. Middelklassen vart kalla
reaya
. Denne klassen hadde ingen allusjonar til religion, det viste i ein meir praktisk forstand at ein ikkje høyrte til askeriklassen. Likevel har klasseskiljet aldri vore like stort i Det osmanske riket som i land som Storbritannia og Russland.
Alle avgjersler vart tatt av den imperiale regjeringa. Rikdom og rang var ikkje noko du nødvendigvis arva, men derimot matte ein gjere seg fortent til det. Militærteneste var eitt viktig element med tanke pa steg opp i
hierarkiet
. Dette viser seg ved at sultantittelen ikkje følgde noko spesifikt mønster, (tittelen gjekk til eldste son eller til eldste bror osv).
Ministrane (
Nazir
ane) hadde ikkje sa mykje paverknad pa sultanen som visirane, men kontrollerte ministerium (
Nazereti
). Ministeriet og avdelingane var viktige delar av det osmanske
byrakratiet
. Ministeriet gav visirane alt av informasjon som dei kravde. Den viktigaste ministeren var
Adliye Nazırı
(justisministeren) som omfatta bade den borgarlege retten (
kadis
) og den militære retten (
kadiaskers
eller
kaziaskers
), som var den øvste juridiske autoriteten etter
seyhulislam
som var den øvste relegiøse leiaren av
ulema
. Andre representantar innanfor eitt ministerium var
Kethudar
, ein assistent til ministeren som hadde fleire funksjonærar (
kalfas
) under seg. Det var
kalfaane
som gjorde alt papirarbeidet.
For kvar militære avdeling var det ein
nazir
som hadde den administrative makta. Under han var det ein
A?a
som hadde den høgtidlege kommandoen over avdelinga. Det var og ei avdeling av palassvaktar (
Zuluflu Baltaci
) som var under kommando av Sverdmeisteren og palassgartnarar (
Bostancı
) som og hadde ansvaret for sultanen sin luksusbat. Dei som vart lært i europeisk etikette og sprak (for det meste
fransk
) tente som
yasakci
, vaktar for utanlandske ambassadørar i Konstantinopel. Ein hadde og det vidkjende elitekorpset
janitsjarane
.
Trass i at sultanen var eineveldig, hadde han mange radgjevarar og ministarar. Han med størst makt var
vizeri
, storvisiren, av
Divan
. Divan var eitt rad der visirane møtte kvarandre og diskuterte politikken i imperiet. Det var den øvste visiren sin plikt a informere sultanen om radet si meining. Sultanen tok svært ofte meininga til seg, men han matte pa ingen mate styre seg etter den. Nokre gonger kalla sultanen sjølv inn til møte viss det var noko viktig han matte informere om, som t.d. ein førestaande krig. Visirane sørgde sa for at ordrane hans vart følgde. Talet pa visirar i Divan varierte fra tre til sju. Enkelte gonger deltok og leiaren av Janitsjarane (
a?a
) pa møtene.
Visirane var den harde kjernen av adelen, trass i at dei hovudsakleg var tenarar for sultanen. I tillegg hadde visirane eigne radgjevarar (
kahya
). Andre adelege familiar som budde i Konstantinopel vitja ofte retten for festlege høve og seremoniar. Dei geistlege var ein annan prominent del av retten. Muftiane og imamane var alltid til stades ved religiøse seremoniar, noko som det ofte var.
Muteferrika
var ein slags klubb for unge adelege menn. Dei var ofte ute pa jakt med sultanen.
I palasset var det og en heil del tenarar som tok mat, drikke og ved til peisane gjennom palasset. Avdelinga til døropnarane (
Kapıcı
) talte mange hundre og var ansvarlege for a opne dører. Den øvste av døropnarane var og ansvarleg for a eskortere viktige gjester. Ein del lakeiar (
Cikadar
) tente som bodbringarar i palasset og i byen.
Sultanen vart beverta av ein hærskare av tenarar. Han hadde kokkar, tenestemenn til a vedlikehalde skattane og vapna sine, tenarar som følgde han pa kampanje, og dei beste av tenarane vart vald til a tene sultanen personleg. Ein som var ansvarleg for garderoben hans, ein til a servere han drikkevarer, ein til a bere vapna hans, ein til a hjelpe han pa hesten, ein var ansvarleg for turbanen hans og ein barberar som barberte sultanen kvar dag. Men mange av sultanane er og kjende for a ha gjeve avkall pa luksus sjølv om dei levde i palasset.
Haremet
var ein av dei viktigaste delane av Det osmanske hoffet. Det vart styrt av Valide Sultan (eller
Ba? Kadın
) som var mora til sultanen. Ho hadde absolutt makt over haremet og ein utsøkt posisjon i hoffet. Ho ville til tider involvere seg i statspolitikk og svekke makta og posisjonen til sultanen i det som vart kalla Sultanatet av Kvinner. Under sultanen si mor i hierarkiet var
hasseki sultan
, dronninga og mora til sultanen sin førstefødde son. Sultanen hadde og tre andre offisielle koner,
Hasseki Kadın
. Under sultanen sine koner kom hans atte favorittelskarinner (
ikbalik
eller
hassodalik
direkte omsett 'heldig jente') føre dei ≪føretrekte≫ elskarinnene (
gozde
eller
gedik
). Neste pa rangstigen var elskarinnene til embetsmenn under sultanen. Elevar (
acemi
) eller noviser (
cariye
eller
?ahgird
) var yngre kvinner som anten venta pa a bli gifta bort eller som ikkje var ferdig med haremskulen.
Haremet var under administrasjon av
evnukkane
, som igjen var delt i to kategoriar, svarte og kvite evnukkar. Svarte evnukkar var slavar tatt i
Afrika
som serverte og tente haremkvinnene og embetsmennene i haremet som saman med vanlege tenestejenter var av lag rang. Kvite evnukkar var europearar fra Balkan. Dei tenestegjorde som rekruttar til palasskolen, og mista tilgang til haremet fra
1582
. Ein viktig person i det osmanske hoffet var sjefen for dei svarte evnukkane (
Kızlar A?ası
eller
Harem A?ası
). Han hadde kontroll over haremet og hadde eit nettverk av spionar gjennom dei svarte evnukkane over heile palasset, derfor var han involvert i dei fleste intriger og kunne dermed oppna ei viss makt over sultanen og/eller vesirane hans og andre embetsmenn av hoffet.
Slutten pa Det osmanske imperiet var veldig mykje økonomisk relatert. Det er alment meint at dei ikkje klarte a etablere eitt økonomisk og politisk
hegemoni
innanfor sitt eige imperium. Utan økonomisk støtte eller deltaking i sjukehus, bibliotek, nært sagt med alt som hadde med almenn trivsel og velferd a gjere, sa var dette berre avhengig av sivile investeringar som fekk namnet
vakif
. Gjennom heile veksten til imperiet gjekk sa og sei all handel mellom Europa og
Asia
gjennom Det osmanske riket bade pa land og pa sjø. Nar dette endra seg pa slutten av
1700-talet
mista riket eitt av sine viktigaste inntektskjelder. Staten feila og ved at dei ikkje fornya seg med tanke pa at dei ikkje industrialiserte seg noko nemneverdig, men var stort sett avhengig av bønder som ei inntektskjelde. Medan
Europa
hadde ei enorm industrialisering i same periode, stod Det osmanske riket i det store og det heile stille.
Den økonomiske strukturen til Det osmanske riket var definert av geopolitisk struktur. Imperiet stod midt i mellom Vest og Aust, dermed blokkerte dei spanjolane og tvinga dei til a søke ut ein ny rute til
Orienten
. Riket heldt same rute som
Marco Polo
ein gong brukte. Nar
Christoffer Columbus
kom til
Amerika
var Det osmanske riket pa sitt største som ein økonomisk stormakt som spreidde seg over tre kontinent. Det er studiar som viser at det er ein samanheng mellom endra politikk mellom Det osmanske riket og Sentral-Europa og opningar av nye ruter til Austen. Det er og mogeleg a sja forfallet av Det osmanske riket ved at landrutene vart mindre viktig. I realiteten stod imperiet fast pa sine tradisjonar, medan Sentral-Europa flytta seg framover.
Rettssystemet til imperiet var basert pa filosofien av lokal rettsvitskap. Lokale rettssystem som ikkje var i konflikt med staten som ein heilskap, vart stort sett latt vere i fred. Det tydde at kristne og andre grupper kunne døme kvarandre etter eigne roller. Det osmanske imperiet hadde tre rettssystem; ein for muslimar styrt av
kadi
(dommarar), ein for ikkje-muslimar (utnemnde jødar og kristne hadde sine trusretningar som ansvar) og ein for handel. Retten som vart brukt var avhengig av kva for partar som var involvert. Pa toppen av dette var Kanun-lova. Desse kategoriane var ikkje eksklusive; muslimsk rett kunne verte brukt for ein handelskonflikt eller internreligiøse saker. Øvst var den islamske retten.
For lovsystem gjaldt
Kanun
-lova og
sharia
-lova. Det osmanske riket involverte seg ikkje i andre religiøse lovsystem. Sharia utvikla seg fra
Koranen
og fra orda til
profeten Muhammed
, og baserte seg hovudsakleg pa Hanafi-tradisjonen. Kanun-lova var ei sekulær lov av sultanen. Det var undervisning av begge pa jusskulane som var i
Bursa
og
Konstantinopel
.
Jødar og kristne gjekk ofte til den islamske retten for a fa ein meir mektig avgjersle pa konfliktar og saker. Kvinner gjekk som regel alltid til den islamske retten da det oftare tok parti for kvinner og gav meir rettferdige erstatningar til dei.
Det første osmanske militæret var ein
hær
som var organisert av
Osman I
. Den bestod av tyrkiske stammefolk fra
Anatolia
seint pa
1400-talet
. Dette var ryttarar som var utstyrt med enkle vapen som pil og boge og spyd. Dei vart tildelt landomrade i okkuperte land som vart kalla
timars
og dei vart tildelt tjuvgods eller krigsbytte. Dette var godtgjersle og løn for deltaking i kampanjen.
Orhan I
organiserte ein hær som vart betalt løn og ikkje landomrade som dei okkuperte.
Infanteriet
vart kalla
yaya
og
kavaleriet
vart kalla
musellem
. Det var stort sett utanlandske
leigesoldatar
fordi tyrkarar generelt ikkje godtok overgangen fra ikkje a fa tjuvgods og landomrade. Desse utanlandske leigesoldatane vart ikkje tvunge eller bede om a konvertere til islam, dei matte berre lyde den osmanske kommandøren. Under eit bilete av H.G. Dwight av gravferda til mange frivillige osmanske soldatar var teksten:
- Ein offiser var igjen, han heldt ein enkel tale for dei som grov gravene. Brør, sa han, her er menn av alle nasjonalitetar, tyrkarar, albanarar, grekarar, bulgararar, jødar; men dei døde saman, pa same dag, kjempa under same flagg. Mellom oss er det og menn fra alle nasjonar, bade muhammedanarar og kristne; men vi har eitt flagg og vi ber til ein Gud. No kjem eg til a be ei bøn, og nar eg ber sa skal alle de be og, pa dykkar eige sprak og pa dykkar mate.
Den osmanske hæren var pa si tid ein av dei mest avanserte og best trente. Dei var mellom anna ein av dei første som tok i bruk
muskett
. Dei vidkjende
janitsjarsoldatane
var ei eliteavdeling som tok seg av vakthaldet rundt sultanen. Men dei var og kjende for a vere korrupte og vart oppløyst i
1826
. Den osmanske hæren leid under janitsjarane sin korrupsjon og i krigane mot Russland mangla hærane moderne vapen og teknologi. Moderniseringa av Det osmanske riket pa 1800-talet starta med militæret. Offiserar vart sende pa trening i vesteuropeiske land og det vart hyra inn utanlandske ekspertar som skulle utbetre militæret. Teknologi og nye vapen vart kjøpt inn fra
Tyskland
og
Storbritannia
. Dei fekk eit flyvapen og marine. Dei lukkast med a modernisere hæren, men det var framleis veldig langt igjen til dei vestlege stormaktene.
Før tyrkarane konverterte til
islam
, praktiserte dei ein annan
monoetistisk
religion. Etter den første kontakten deira med arabarane aksepterte ei rekkje tyrkiske stammar islam og forkynna den nye trua si lengre inn i
Turkistan
. Prosessen med konvertering var over lenge før Det osmanske riket oppstod. Sa tidleg som i
1453
, etter dei hadde erobra
Konstantinopel
, gav dei spesielle privilegium til kristne som hadde høyrt til det gamle
Austromarriket
. Dei kristne vart undersattar av Det osmanske riket, men ikkje av muslimsk tru og reglar.
Det osmanske riket gjekk aldri aggressivt til verks for a konvertere individ eller fremme islam hos ikkje-muslimske grupperingar. Staten var det viktigaste malet for Det osmanske riket og samarbeid med alle forskjellige partar var livsviktig viss imperiet skulle vare. I mange hundre ar vart Det osmanske riket sett pa som ei trygg hamn for jødar og andre som vart forfølgd for trua si.
[
treng kjelde
]
Det osmanske riket hadde og eit veldig fredeleg forhold til
den ortodokse kyrkja
. Ho fekk lov til a halde fram dei stadane ho var. Konstantinopel vart endra eksternt for a sta fram som meir tyrkisk. Namnet vart endra til
Istanbul
, og nokre kyrkjer vart omgjort til
moskear
, inkludert
Hagia Sofia
, men lite vart øydelagd i kyrkja. Dei tok mellom anna vare pa dei kristne mosaikkane som berre vart dekt til. I
1935
vart dei igjen tatt fram og Hagia Sofia er i dag eitt museum.
- Finn Fuglestad
:
Fra svartedauden til Wienerkongressen: den vesterlandske kulturkretsens historie 1347-1815 i et globalt-sammenliknende perspektiv
Ei europahistorie der utviklinga i det osmanske riket vert samanlikna med utviklinga i det kristne Europa. Cappelen 2004 (1.utg 1999)
ISBN 82-02-23857-9
- Knut S. Vikør
:
Ei verd bygd pa islam: oversikt over Midtaustens historie
Oversikt over 1300 ars Midtausten-historie skrive av Noregs fremste spesialistar pa islams rettshistorie og historie. Samlaget 2004 (1.utg 1993)
ISBN 82-521-6327-0
- Cleveland, William L.
The Ottoman and Safavid Empires: A New Imperial Synthesis
i
A History of the Modern Middle East
. s. 37?56.
ISBN 0-8133-4048-9
.
- Creasy, Sir Edward Shepherd.
History of the Ottoman Turks: From the beginning of their empire to the present time
. R. Bentley and Son, 1877.
- Finkel, Caroline.
Osman's Dream: The Story of the Ottoman Empire, 1300?1923
.
ISBN 0-7195-5513-2
.
- Imber, Colin.
The Ottoman Empire, 1300?1650: The Structure of Power
.
ISBN 0-333-61386-4
.
- Jelavich, Barbara.
History of the Balkans: Eighteenth and Nineteenth Centuries
.
ISBN 0-521-25249-0
.
- Lybyer, Albert Howe.
The Government of the Ottoman Empire in the Time of Suleiman the Magnificent
.
ISBN 0-404-14681-3
.
- Necipo?lu, Gulru.
Architecture, Ceremonial, and Power: The Topkapi Palace in the Fifteenth and Sixteenth Centuries
.
ISBN 0-262-14050-0
.
- Artikkelen inneheld omsett tekst fra
Encyclopædia Britannica
- 1911 utgava - som ikkje lenger er verna av opphavsrett.