Republikken Bulgaria
ligg i søraust i
Europa
og grensar til
Svartehavet
i aust, til
Hellas
og
Tyrkia
i sør, til
Serbia
og
Nord-Makedonia
i vest, og til
Romania
over elva
Donau
i nord. Fra og med 1. januar
2007
er Bulgaria medlem i
EU
.
Landet har fatt namn etter bulgararfolket, som leia av
khan
Asparoukh
kom inn pa nord-balkanske landomrade og blanda seg med slaviske og thrakiske innbyggjarar. Den første bulgarske staten blei til i
681
, og landet var ei viktig europeisk stormakt pa atte- og nihundretalet. Det kjempa mellom anna mot
Det bysantinske riket
om kontroll over
Balkan
.
Det bulgarske spraket
er eit slavisk sprak i slekt med t.d.
russisk
og
serbisk
.
Bulgaria utgjer delar av dei gamle omrada
Thrakia
,
Moesia
og
Makedonia
. Den sørvestlege delen av landet er fjellkledd med to alpine fjellkjeder -
Rila
og
Pirin
- og lenger aust dei lagare, men meir utstrekte
Rodopifjella
. I
Rila
ligg det høgaste fjellet pa
Balkan
,
Musala
med ei høgd pa 2925 meter. Den lange fjellkjeda
Balkanfjella
gar fra vest mot aust i sentrale delar av landet, nord for den vidkjende
Rozovadalen
(Rosedalen). Ein har askledde landskap og sletter i søraust, langs kysten av
Svartehavet
, og langs den største elva i Bulgaria,
Donau
, i nord. Andre store elvar i landet er mellom anna
Struma
og
Maritsa
i sør.
Balkan
har fatt namnet sitt fra Balkanfjella (eller Stara Planina) som delar Bulgaria i to fra
Serbia
i vest til Svartehavet i aust.
Dei største byane i landet er
Sofia
(1 246 791),
Plovdiv
(376 918),
Varna
(345 522),
Burgas
(259 985),
Ruse
(177 538),
Stara Zagora
(163 193),
Pleven
(121 700),
Dobritsj
(115 861) og
Sliven
(100 300).
Bulgaria har ein vitskapleg
base
pa
Livingstonøya
i
Sør-Shetland
i
Antarktis
.
To fjellrekkjer og to breie dalar paverkar mykje av
klimaet
i Bulgaria gjennom heile aret, og klimaet er ein overgang mellom
middelhavsklima
i sør og klimaet i sørlege delar av
Russland
i nord.
Balkanfjella
gar aust-vest gjennom sentrale delar av landet, og skjermar delvis dei sørlege laglanda mot vinterkulda fra nord. Langs den sørlege grensa finn vi
Rodopifjella
, som hindrar varm og fuktig luft fra
Hellas
i a strøyme nordover. Det er likevel varmt i Bulgaria om sommaren.
Sofia
er eit par grader kjøligare enn dei lage dalane i aust, og spesielt kysten langs
Svartehavet
er mildare om vinteren. Hausten fører ofte med seg moderate
temperaturar
og er den tørraste tida pa aret, medan vinteren som regel er kjølig og
skya
.
Snø
er ganske vanleg i store delar av landet.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Bulgaria