Albania

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
[ endre ]
Republika e Shqiperise

(norsk: Albania, albansk)

Det albanske flagget Det albanske riksvåpenet
Flagg Riksvapen
Nasjonalsong Hymni i Flamurit (Salmen for flagget)≫
Geografisk plassering av Albania
Offisielle sprak Albansk
Hovudstad Tirana
Styresett
Demokratisk republikk
Bajram Begaj
Edi Rama
Flatevidd
 ? Totalt
 ? Andel vatn
 
28 748 km² ( 142. )
4,8 %
Folketal
 ? Estimert (2017)
 ? Tettleik
 
3 047 987 ( 135. )
106 /km²
Sjølvstende
fra Det osmanske riket
28. november 1912
Nasjonaldag 28. november
BNP
 ? Totalt (2015)
 ? Per innbyggjar
 
32 440 mill. USD ( 121. )
12 200 USD ( 99. )
Valuta Lek a 100 qindarka
Tidssone UTC +2
Telefonkode +355
Toppnivadomene .al


Albania ( albansk : Republika e Shqiperise ) er eit middelhavsland i Søraust- Europa . Landet grensar til Montenegro i nord, Kosovo i nordaust, Nord-Makedonia i aust, Hellas i sør, Adriahavet i vest og Det joniske havet i sørvest. Landet er eit ganske nytt demokrati , med det fulle namnet Republikken Albania.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Kart over Albania
For meir om dette emnet, sja Albansk geografi .

As- og fjellterreng utgjer mykje av landomrada i Albania, der det høgaste fjellet, Korab i distriktet Dibra , strekkjer seg opp til 2 753 m. Ved sidan av hovudstaden Tirana , som har omlag 800 000 innbyggjarar, er dei største byane Durres , Elbasan , Shkoder , Gjirokaster , Vlore , Korce og Kukes . I albansk kan namn, til liks med andre substantiv, ha bade bestemt og ubestemt form, og dette gjeld og for bynamn. Derfor kan ein i ulike samanhengar støyte pa bade Tirane og Tirana, Shkoder og Shkodra og sa vidare.

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Albania har eit klassisk middelhavsklima , men har om lag dobbelt sa mykje regn som til dømes Roma i Italia . Fra november til midt pa varen kan ein vente regn om lag annakvar dag, men ein har og ein god del sol og mildver i løpet av vinterhalvaret. Sommaren er varm og fuktig, men ein lett nordavind gjev meir behagelege forhold pa kysten. Om lag ein gong i veka sveipar torebyer innover landet og vidare inn i Makedonia . Enkelte fjellomrade er høge nok til a fa ein god del snø og kaldt ver om vinteren. Fjellomrada er elles blant dei omrada i Europa som far mest nedbør. Tirana har ein arleg nedbørsnormal pa 1353 mm, men i enkelte av manadane pa hausten regnar det ikkje sa mykje mindre enn i Bergen .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Rundt tusen ar f.Kr. var dagens Albania folkesett av illyriske stammar . I ar 168 f.Kr. blei omradet ein romersk provins fram til det blei delt i ar 395. Tida som følgde var prega av slaviske invasjonar og lokale maktkampar. I 1344 blei landet annektert av Serbia . [1]

Etter at Gjergj Kastrioti Skanderbeg (d. 1468) i fleire tiar hadde statt imot den osmanske hæren, kom landet under osmansk herredøme i 1478, noko som varte fram til 1912. Eit fleirtal av innbyggjarane gjekk etter kvart over til islam , men ein del blei verande katolske eller ortodokse kristne. [1]

Den sakalla Prizren-ligaen gjorde krav om auka sjølvstyre i 1877-78 utan at dette førte fram. Men da osmanarane leid nederlag i Balkankrigen proklamerte albanske leiarar Albania som ein sjølvstendig stat 28. november 1912 og skipa ei mellombels regjering. Aret etter blei staten internasjonalt anerkjend, men mista Kosovo . Med mindre justeringar blei grensene bekrefta i 1921, etter fyrste verdskrigen . [1]

I 1928 utropte president Ahmet Zogu seg sjølv til konge og styrte fram til andre verdskrigen i 1939, da landet blei okkupert av Italia . I 1943 overtok Nazi-Tyskland , men blei drive ut av partisanar i 1944. Den kommunistiske nasjonale frigjeringsfronten leia av Enver Hoxha skipa straks kommunistisk styre. I 1947 braut Albania med Jugoslavia og allierte seg med Sovjetunionen fram til brotet i 1961, da landet forlet Warszawapakten . Fra 1960 var det einaste allierte landet deira Kina . I 1967 blei Albania utropt til verdas første ateistiske republikk. Fra 1978 var grensene til landet heilt stengde, og diktaturet blei stadig meir undertrykkande. Etter Hoxha overtok Ramiz Alia . [1]

I 1991 hadde landet sitt første fleirpartival. I 1992 blei den første ikkje-kommunistiske regjeringa vald. I 1999 tok Albani imot hundretusenar av flyktningar fra Kosovo-krigen . 28. november 2012 feira landet hundrearsjubileum som sjølvstendig stat. [1]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Endresen, Cecilie (16. desember 2015), ≪Albania≫, Store norske leksikon  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Albania
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .