Sverre Strandli

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sverre Strandli

Sverre Strandli i landskamp mot DDR i 1955
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. september 1925
Brandval
Død

4. mars 1985 (59 ar)
Charlottenberg

Yrke sleggekaster , lærar
Høgd 186 centimeter
Sverre Strandli pa Commons

Sverre Strandli ( 30. september   1925 4. mars   1985 ) var ein norsk friidrettsutøvar, europameister i sleggekast i 1950, og som fekk EM-sølv i 1954. Hans hovudøving var sleggekast, mellom norske konkurrentar kunne han ogsa hevde seg i kulestøyt . Han var 186 cm høg, og hadde ei tevlingsvekt pa kring 93 kg.

Nasjonalt [ endre | endre wikiteksten ]

Strandli var fra Brandval i Hedmark , og var medlem av idrettslaget i heimbygda fram til 1951. Sesongane 1952 og ?53 var han medlem av oslolaget Torshaug. Fra 1954 representerte han Sarpsborg Idrettslag.

Strandli markerte seg første gong i 1948-sesongen, da han vann sølvmedaljen under noregsmeisterskapen. Aret etter kasta han 50,82 m og forbetra den 21 ar gamle noregsrekorden, ein rekord som han i løpet av aret flytta til 56,02 m. Han vart noregsmeister i sleggekast seks ar etter ein annan (1949-54), pa ny 1956 og -57 og 1960-62. Han vart vist til sølvplass i 1959, -64 og ?66. Si einaste bronsemedalje vann han under noregsmeisterskapen i 1968, 20 ar etter han fekk si første NM-medalje. Til saman vann han 11 gull, 4 sølv og 1 bronse under NM i slegge. I tillegg vart han noregsmeister i kulestøyt i 1954, hans einaste medalje i den greina. Seks gonger vart han tildelt kongepokalen; 1950-53, 1956 og 1962.

Strandlis aller lengste sleggekast kom i oktober 1962 i Trondheim , da han sette noregsrekord for tjuande gongen med eit kast pa 63,88 meter.

Internasjonalt [ endre | endre wikiteksten ]

Med eit kast pa 55,71 m vann Strandli gullmedaljen i EM i friidrett 1950 i Brussel , nær meteren lengre enn sølvmedaljevinnarens bestekast. Ved neste EM i friidrett 1954 fekk han sølvmedalje etter eit bestekast pa 61,07 m, sovjetrussaren Mikhail Krivonosov vart europameister etter a ha sett verdsrekord (63,34 m). I OL-tevlingar kom Strandli pa sjuandeplass i 1952 i Helsingfors , ein attandeplass i 1956 i Melbourne og ein ellevteplass i 1960 i Roma . Han var flaggberar for Noreg under leikane i Roma. Under EM i friidrett 1962 vart han utslegen i kvalifiseringa.

Strandli sette to verdsrekordar i sleggekast, begge pa Bislett stadion . Den første rekorden var pa 61,25 meter vart sett 14. september 1952 i landskamp mot Finland , og aret etter (5.9.1953) kom den andre pa 62,36 meter. Verdsrekorden stod fram til august 1954, da Krivonosov kasta 63,34 meter.

Strandli deltok i 54 landskampar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap [ endre | endre wikiteksten ]

Karingar [ endre | endre wikiteksten ]

EM-sigeren førte til at Strandli vart utnemnd til Arets idrettsnamn i 1950 i Noreg. For den andre verdsrekorden vart han i 1953 for andre gong kara til Arets idrettsnamn i Noreg.

Personlege rekordar og arsbeste [ endre | endre wikiteksten ]

Ar 1948 1949 1950 1951 1952 1953 1954 1955 1956 1957 1958 1959 1960 1961 1962 1963 1964 1965 1966 1967 1968
Lengde ? 56.02 57,68 58,70 61,25 62,36 ? ? 62,96 ? ? ? 63.45 ? 63,88 ? 62,82 ? ? ? 58,40

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]