Lærar

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Ein lærar er ein kunnskapsformidlar. Ein person som er utdanna til a undervise barn og ungdom blir og kalla ein pedagog .

Lærargrupper [ endre | endre wikiteksten ]

Lærarar er delte inn i fleire undergrupper, ut fra kva utdanning dei har:

Lærarutdanning [ endre | endre wikiteksten ]

Lærarutdanninga kan og delast i ulike undergrupper som siktar inn mot ulike lærargrupper:

  • Førskulelærarutdanning pa tre ar.
  • Almennlærarutdanning pa fire ar.
  • Yrkesfaglærarutdanning pa tre ar.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning pa eitt ar, nytta som pabyggingsstudium til bachelorgrad eller mastergrad, og for yrkesfaglærarar med praktisk og teoretisk fagutdanning, f.eks. fagbrev og teknisk fagskole.
  • Integrert mastergrad (femarig).

Det er laga nasjonale rammeplanar for dei ulike lærarutdanningane der det er fastsett studiepoengskrav i høve fag , fagdidaktikk , pedagogikk og praksis .

Historikk [ endre | endre wikiteksten ]

Dei fyrste lærarutdanningskursa for allmugeskulen vart starta pa slutten av 1700-talet. Desse var drive i privat regi og det same var mange av lærarskulane som kom til i siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste offentlege lærarskulen vart oppretta i 1826 i Trondenes ved Harstad.

Dei to-arige stiftsseminara bygde pa allmugeskulen, og var nytta som lærarutdanning pa 1800-talet.

I 1890 vart lærarutdanninga for fyrste gong regulert gjennom ei eiga lov.

Lengda pa lærarutdanninga vart i 1902 regulert til tre-arig, ved lærarskolelovene av 1930 og 1938 vart utdanninga fire-arig med ei to-arig studentlinje. Med lærarutdanningslova av 1973 vart almennlærarutdanninga tre-arig, bygd pa gymnas/studiekompetanse, og fra 1992 fire-arig.

Den praktiske pedagogiske utdanninga (for a verte adjunkt, lektor eller yrkesfaglærar) blei i 1991 utvida fra eit halvt ar til eitt ar.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]