Bajkalsjøen

Koordinatar : 53°30′N 108°12′E  /  53.5°N 108.2°E  / 53.5; 108.2
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Bajkalsjøen
innsjø
Land   Russland
Innsjøtype Riftsjø
Tilsig Selenga , Tsikoj , Khilokh , Uda , Barguzin , Øvre Angara
Utløp Angara
Nedslagsfelt 560 000  km²
Opphaldstid 350 ar
Høgd over havet 456 moh.
Lengd 636  km
Breidd 79  km
Areal 31 494  km²
Middeldjupn 758  m
Volum 23 600 km³
Kystlengd 1 2 100  km
Tilfrosen Januar?mai
Koordinatar 53°30′N 108°12′E  /  53.5°N 108.2°E  / 53.5; 108.2
Øyar 22 ( Olkhon )
Byar Irkutsk
Kart
Bajkalsjøen
53°18′10″N 108°00′17″E  /  53.30277778°N 108.00472222°E  / 53.30277778; 108.00472222
Wikimedia Commons: Lake Baikal
1 Kystlengd er eit unøyaktig mal som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Bajkalsjøen ( russisk О?зеро Байка?л, Ozero Bajkal ; burjatisk Байгал нуур Bajgal nuur ) er ein innsjø i det sørlege Sibir i Russland , mellom Irkutsk oblast i nordvest og Burjatia i søraust, nær Irkutsk . Han vert og kalla ≪Det bla auga i Sibir≫.

Med ei djupne pa 1637  meter er han den djupaste innsjøen i verda [1] og den største innsjøen i verda ut fra volum. Innsjøen inneheld om lag 20 % av det totale ferskvatnet som finst pa jordoverflata. [2]

Som Tanganyikasjøen er Bajkalsjøen forma i ein eldgamal riftdal og er difor lang og halvmaneforma med eit overflateareal pa 31 500 km². Bajkal har over 1700 dyre- og planteartar og to tredelar av desse finst ingen andre stader i verda. [3] Han vart innskriven pa verdsarvlista til UNESCO i 1996. [4] Med ein alder pa over 25 millionar ar er han den eldste innsjøen i verda. [2]

Geografi og hydrografi [ endre | endre wikiteksten ]

Halvøya Svjatoj Nos .

Bajkalsjøen vart kalla ≪Nordsjøen≫ i historiske kinesiske tekstar . Han lag da i Xiongnu-omradet og særs lite var kjend om innsjøen før den transsibirske jarnvegen vart bygd i omradet mellom 1896 og 1902 . Den naturskjønne jarnbana som gar rundt Bajkalsjøen krev 200 bruer og 33 tunnelar. Da han vart bygd vart det utført ei stor hydrografisk kartlegging av F.K. Drizjenko som gav dei fyrste detaljerte karta av djupnene i Bajkal. Kartlegginga viste at Bajkalsjøen inneheld meir vatn enn Dei store sjøane i Nord-Amerika til saman - 23 600 km³, eller om lag ein femdel av det samla flytande ferskvatnet pa jordoverflata. [5] Alderen og den isolerte plasseringa gjer at innsjøen har noko av det rikaste og mest uvanlege dyrelivet i verda, noko som gjev han stor verdi for utforsking av evolusjon . [2]

Bajkalsjøen ligg i ein riftdal danna av Bajkal riftsone , der to jordskorpeplater dreg fra kvarandre. [6] Med ei lengd pa 636 km og ei breidd pa opp mot 79 km er Bajkalsjøen den største ferskvassinnsjøen i Asia (31 494  km² ) og er den djupaste innsjøen i verda (1637 m). Botnen av innsjøen ligg 1371 meter under havniva, men under dette ligg 7 km med sediment , og botnen av rifta er dimed 8?9 km under overflata, den djupaste kontinentalrifta pa jorda. [6] . Geologisk sett er rifta ung og aktiv, og ho utvidar seg med to centimeter i aret. Forkastingssona er og seismisk aktiv. Det er varmekjelder i omradet og merkbare jordskjelv med fa ar mellom. Innsjøen drenerer ut i Angaraelva , som er ei sideelv av Jenisej .

Nedslagsfeltet til Jenisej , Bajkalsjøen og busetnadane Dikson , Dudinka , Turukhansk , Krasnojarsk , Irkutsk .

Alderen pa innsjøen er estimert til 25-30 millionar ar, noko som gjer han til ein av dei eldste innsjøane i geologisk historie. Han er unik av dei store innsjøane pa høgare breidder fordi sedimenta i innsjøen ikkje har vorte rørte av kontinentale isbrear. Amerikanske og russiske studiar av sedimenta i 1990-ara gav detaljerte data om klimavariasjonar dei siste 250 000 ara. Det er planlagt a bore djupare i sedimenta for a sja lenger tilbake. Bajkalsjøen er og den einaste ferskvassjøen der ein finn direkte og indirekte spor pa gasshydrat . [7] [8] [9]

Innsjøen er heilt omgjeven av fjell. Bajkalfjella pa nordsida og taigaen her er verna som ein nasjonalpark . Bajkalsjøen inneheld 22 øyar og den største av desse er Olkhon , som er 72 km lang. Denne øya er den fjerde største øya i ein innsjø i verda. Innsjøen far vatn fra om lag 330 elvar. [10] Dei største som renn direkte ut i Bajkalsjøen er Selenga , Barguzin , Øvre Angara , Turka , Sarma og Snezjnaja . Han har berre eitt utløp, elva Angara .

Sjølv om han er sa djup er vatnet i innsjøen godt blanda og oksygenrikt, samanlikna med lagdelinga ein finn i vassmassar som Tanganyikasjøen og Svartehavet .

Dyre- og planteliv [ endre | endre wikiteksten ]

Omul-fisk pa marknaden i Listvjanka .

Det biologiske mangfaldet i Bajkalsjøen er det berre fa andre innsjøar som kan vise til. Bajkalsjøen inneheld 1085 planter og 1550 dyreartar og variantar. Over 80 % av dyra er endemiske . Epischura baikalensis er endemisk for Bajkalsjøen og er det dominerande dyreplanktonet her og utgjer 80 til 90 % av den totale biomasse n. [11] Bajkalselen eller nerpa ( Phoca sibirica ) finst i heile Bajkalsjøen. Det finst berre tre ferskvasselar i heile verda, og dei to andre er underartar av ferskvassringsel . Kanskje den viktigaste lokale arten er omul ( Coregonus autumnalis migratorius ), ein liten endemisk laksefisk . Han vert fiska, røykt og seld pa marknader rundt innsjøen.

Andre merkverdige artar er golomjanka eller bajkaloljefisk ( Comephorus baicalensis og C. dybowskii ). Desse langfinna, gjennomsiktige fiskane lever vanlegvis i djupner pa 200 til 500 meter og er den største matkjelda for bajkalselen, og utgjer den største fiskemassen i innsjøen. Dei er kjende fordi fisken løyser seg opp til olje og bein om han vert utsett for sollys. Bajkalharren ( Thymallus arcticus baicalensis ), ein snøggsymjande laksefisk, er ein populær fisk a prøve a ta for sportfiskarane. Bade denne og bajkalstøren ( Asipenser baerri baicalensis ) er bae endemiske artar med kommersiell verdi.

Bjørn og hjort er vanlege langs breidda av Bajkalsjøen.

Is fra Bajkal
Bilveg over den isdekte Bajkalsjøen.

Forsking [ endre | endre wikiteksten ]

Fleire organisasjonar held pa med forskingsprosjekt rundt Bajkalsjøen. Dei fleste av dei er statsstyrte eller tilknytte statlege organisasjonar. Det bajkalske forskingssenteret er ein sjølvstendig forskingssorganisasjon som forskar pa Bajkalsjøen. [12]

I juli 2008 sende Russland to sma ubatar, ≪Mir-1≫ og ≪Mir-2≫, ned til 1580 meter pa botnen av Bajkalsjøen for a gjere geologiske og biologiske testar av det unike økosystemet.

Nøytrinoteleksop i Bajkalsjøen [ endre | endre wikiteksten ]

Sidan 1993 er det forska pa nøytrinoar med eit undervassteleskop (BDUNT) i Bajkalsjøen. Teleskopet vart bygt over fleire ar fra 1995 til 1998 pa ei djupne pa 1100 meter og har 192 optiske modular. Her har ein fanga inn 320 millionar muonar for a velje ut nøytrinohendingar. [13]

Turisme [ endre | endre wikiteksten ]

Innsjøen om vinteren sett fra turiststaden Listvjanka . Isen er tjukk nok til a bere folk og snøskuterar.

Innsjøen vert kalla ≪Perla i Sibir≫ og under dei økonomiske oppgangstidene i Russland auka turistindustrien i ormadet. [14] Viktor Grigorov sitt selskap Grand Baikal i Irkutsk er ein av investorane som har planlagd tre hotell som vil skape 570 arbeidsplassar. I 2007 oppretta den russiske regjeringa ei spesiell økonomisk sone. Den populære feriestaden Listvjanka har fleire hotell. Bajkalsjøen vart innskriven pa verdsarvlista til UNESCO i 1996. Rosatom har planar om a byggje laboratorium i Bajkal i samband med eit internasjonal uranverk og skape 2000 arbeidsplassar i byen Angarsk . [15]

Miljøproblem [ endre | endre wikiteksten ]

Bajkalsk cellulose- og papirfabrikk [ endre | endre wikiteksten ]

Innsjøen om sumaren sett fra Bolsjije Koty pa sørvestkysten.

Bajkalsk cellulose- og papirfabrikk vart bygd i 1966 like ved strandlina. Fabrikken bleikjer papiret med klor og slepper ut avfallet i Bajkalsjøen. Trass i mange protestar er fabrikken framleis i drift pa same vis. Miljøaktivistar prøver no a fa fabrikken til a reinse avfallet i staden for a leggje ned fabrikken fordi han gjev verdfulle arbeidsplassar. [16]

Den planlagde Austsibir-Stillehavs-røyrleidninga [ endre | endre wikiteksten ]

Det russiske oljerøyrleidningsselskapet Transneft [17] planla a byggje ein røyrleidning berre 800 meter fra innsjøen i eit omrade med mykje seismisk aktivitet. Miljøaktivistar i Russland [18] , Greenpeace, motstandarar mot Bajkalrøyrleidninga [19] og lokale innbyggjarar [20] ytte sterk motstand mot desse planane pa grunn av dei store fylgjene eit eventuelt oljesøk ville fatt for miljøet. Det var fyrst nar den russiske presidenten Vladimir Putin gav selskapet ordre om ei alternativ rute 40 km lenger nord for a unnga ein slik økologisk risiko at Transneft gjekk med pa a endre planane sine. [21]

Arbeidet pa røyrleidningen tok til to dagar president Putin gav løyve til endringa av ruta bort fra Bajkalsjøen. [22]

Planlagt atomkraftverk [ endre | endre wikiteksten ]

I 2006 annonserte dei russiske styresmaktene planane om a byggje den fyrste internasjonale uranrikingssenteret i verda ved eit eksisterande atomverk i Angarsk, 95 km fra kysten av Bajkalsjøen. Planane har derimot fatt kritikk pa grunn av fylgjene eit eventuelt uhell kan fa for omradet. [23]

Etter at uranet er rikt, vert berre 10 % av det radioaktive materialet sendt til kundar i utlandet, [23] medan 90 % vert lagra i Bajkalregionen. Avrenning fra uranet er radioaktivt og giftig og særs farleg for menneske og dyr, og kan ureine elvar og innsjøar. [23]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Deepest Lake in the World≫ . geology.com . Henta 16. august 2008 .  
  2. 2,0 2,1 2,2 U.S. Geological Survey Fakta om Bakjalsjøen - A Touchstone for Global Change and Rift Studies , Juli 1993 - vitja 16. august 2008
  3. ≪Russia.≫ Britannica Student Encyclopedia. 2007. Encyclopædia Britannica Online. [1]
  4. ≪Lake Baikal ? World Heritage Site≫ . World Heritage . Henta 16. august 2008 .  
  5. ≪Lake Tahoe and Lake Baikal Watersheds≫ . Tahoe-Baikal Institute . Henta 16. august 2008 .  
  6. 6,0 6,1 ≪The Oddities of Lake Baikal≫ . Alaska Science Forum . Henta 16. august 2008 .  
  7. Kuzmin, M.I., et al., 1998. First find of gas hydrates in sediments of Lake Baikal. Doklady Adademij Nauk, 362: 541?543 (russisk).
  8. Vanneste, M., et al., 2001. Multi-frequency seismic study of gas hydrate-bearing sediments in Lake Baikal, Siberia. Marine Geology, 172, 1?21.
  9. Van Rensbergen, P., et al., 2002. Sub-lacustrine mud volcanoes and cold seeps caused by dissociation of gas hydrates in Lake Baikal. Geology, 30(7), 631?634.
  10. ≪Lake Baikal: the great blue eye of Siberia≫ . CNN.com . Henta 16. august 2008 .  
  11. Зоопланктон в экосистеме озера Байкал / О Байкале.ру ? Байкал. Научно и популярно , arkivert fra originalen 19. april 2008 , henta 16. august 2008  
  12. ≪Baikalian Research Centre (ANO) (russisk)≫ . www.lakebaikal.net . Henta 16. august 2008 .  
  13. ≪Baikal Lake Neutrino Telescope≫ . Baikalweb. 6. januar 2005 . Henta 16. august 2008 .  
  14. Tom Esslemont (2007). ' Pearl of Siberia' draws investors≫ . BBC News . Henta 16. august 2008 .  
  15. BBC NEWS, 'Pearl of Siberia' draws investors
  16. Sacred Land Film Project , Lake Baikal.
  17. ≪Transneft≫ . Transneft . Henta 16. august 2008 .  
  18. ≪Baikal Environmental Wave≫ . Henta 16. august 2008 .  
  19. ≪Baikal pipeline≫ . Henta 16. august 2008 .  
  20. ≪The Right to Know: Irkutsk Citizens Want to be Consulted≫ . Henta 16. august 2008 .  
  21. ≪Putin orders oil pipeline shifted≫ . BBCNews. 26. april 2006 . Henta 16. august 2008 .  
  22. ≪Work starts on Russian pipeline≫ . BBC News. 28. april 2006 . Henta 16. august 2008 .  
  23. 23,0 23,1 23,2 Saving the Sacred Sea: Russian nuclear plant threatens ancient lake

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Bajkalsjøen