한국   대만   중국   일본 
Nobelprisen ? Wikipedia Hopp til innhald

Nobelprisen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Nobelpris )
Det norske Nobelinstitutt i Oslo .

Nobelprisen ( svensk : Nobelpriset ) er ei utmerking ein gjev kvart ar til dei fremste personane innan kjemi , fysikk , medisin , litteratur og fredsarbeid . Prisen omfattar ein medalje, eit diplom og ein større sum pengar, men æra er nok likevel det viktigaste. Nobelprisen vert rekna som ei av dei høgaste utmerkingane ein kan fa innan kvart av desse felta.

Den svenske kongen delar ut alle prisane bortsett fra fredsprisen , som vert gjeven av den norske kongen . I nyare tid er det og kome til ein økonomi -pris til Alfred Nobel sitt minne.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Det var Alfred Nobel , den styrtrike oppfinnaren av dynamitt , som stifta Nobelprisen i testamentet sitt. I retningslinjene sine sa han at prisen skulle delast ut pa dødsdagen hans kvart ar. Dei som hadde gjort mest nytte for menneskja innan dei ulike felta det siste aret skulle fa prisen, fem like store delar av rentene pa formuen hans. Meininga med prisen var a støtta vinnarane i det vidare arbeidet deira.

Det uventa testamentet til Nobel vekte motstand, bade blant slektningar som ikkje fekk arva si, og i aviser der ein kritiserte ideen bak prisen. Til og med institusjonane som hadde fatt i oppgave a peika ut nobelprisvinnarane hadde kritiske innvendingar. Nasjonalistiske kjensler vart ogsa blanda inn: I ei tid da Noreg og Sverige levde i eit spent unionstilhøve, var det fa svenskar som likte at det norske Stortinget fekk ansvaret for fredsprisen.

Utdelinga fann likevel stad, første gongen i 1901 i det kongelege musikkakademiet i Sverige. Prissummen var da 150 000 kroner (ca 7 millionar kroner i dagens verdi).

Kritikk av prisen [ endre | endre wikiteksten ]

Etter at den første kritikken stilna og prestisjen til Nobelprisen auka, har andre røyster reist seg imot maten prisen vert delt ut pa. Dei to karingane som er mest subjektive, Litteratur og Fred, vert kritisert nesten kvart ar. Litteraturprisen vert skulda for a føretrekka menn og europearar, eller for a peika ut folk nesten ingen har høyrt om. Nar det gjeld Fredsprisen har mange utdelingar vore svært kontroversielle, som regel fordi vinnarane er svært langt fra a vera pasifistar (til dømes Yasir Arafat eller Henry Kissinger ). Ogsa innan dei vitskaplege prisane finst det tilfelle der mange meiner viktige medhjelparar i ei oppdaging er blitt gløymde, medan andre fekk prisen. Lise Meitner og Rosalind Franklin er døme pa dette.

Eit anna problem er at retningslinjene for alle nobelprisane, bortsett fra fredsprisen, seier at berre tre personar pa det meste kan motta kvar av dei. I ei tid da mesteparten av forskinga vert utført som lagarbeid , er det vanskeleg a gje alle den æra dei fortener.

Medan fredsprisen som regel følgjer regelen om a æra dei som har arbeidd for fred i det siste aret, vert dei andre prisane ofte gjeve pa etterskot, for ei oppdaging gjort for mange ar sidan eller for ein heil forfattarkarriere. Dette gar imot Nobel sitt testamente, men er kanskje uunngaeleg, ettersom ein ofte ikkje ser kor viktig ei oppdaging er før lenge etterpa.

Rekordar [ endre | endre wikiteksten ]

Berre fire personar fatt Nobelprisen to gonger:

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]