Kjemi

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kunnskap om eigenskapane til ulike kjemiske stoff kan ha stor tyding for tryggleik, som vist ved denne brannslokkingsøvinga .

Kjemi er tradisjonelt definert som læra om stoffa og forholdet mellom stoffa, det vil seia om korleis stoffa reagerer med kvarandre og ordnar seg i forhold til kvarandre. Med grunnlag i nyare teoriar kan ogsa kjemi uttrykkast som læra om elektron og overføring av elektron.

Utforsking av kjemiske eigenskapar har røter tilbake til alkymien .

Kjemi vert ofte inndelt i to hovudkategoriar: Organisk og uorganisk kjemi , der førstnemnde er læra om karbonsambindingar, medan sistnemnde tek for seg resten av kjemifaget. Ein kan og dela faget inn i andre kategoriar som fysikalsk kjemi , teoretisk kjemi , miljøkjemi og analytisk kjemi

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Kjemi utvikla seg fra alkymi . Pa 1700-talet utvikla kjemien seg til ein vitskap . Pa denne tida vart oksygen oppdaga. Seinare voks det fram ulike retningar, til dømes organisk og uorganisk kjemi.

Grunnstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Gull er eit grunnstoff med særskilde eigenskapar. Her fanst gullet i kvarts , som er samansett av ulike grunnstoff.

Grunnstoffa er sentrale i kjemifaget; det er uavhengige stoff som ikkje kan omformast i seg sjølve. Desse vert samanfatta i det periodiske systemet .

Eit grunnstoff er ei samling av like atom , med eit bestemt protontal i kjernen og eit like stort elektrontal rundt kjernen. Dette talet kallar me atomnummer til grunnstoffet. I det periodiske systemet finn me ei oversikt over alle grunnstoffa, organisert etter atomnummer.

Isotopar [ endre | endre wikiteksten ]

Nøytrontalet i kjernen kan variera; isotopar er stoff av same grunnstoff som har ulike nøytontal.

Som eit døme kan me ta hydrogen, det enklaste grunnstoffet. Det har kjemisk symbol H og atomummer 1, men nøytrontalet kan vera 0 (vanleg hydrogen), 1 (deuterium) eller 2 (tritium).

Kjemiske sambindingar [ endre | endre wikiteksten ]

Modell av eit enzym bygd opp av ulike stoff med kjemiske bindingar mellom seg.

Eit grunnstoff vert sjeldan funne aleine i naturen; dei er som oftast i sambindingar med andre grunnstoff. Motdøme er til dømes oksygen , som kan finnast i to allotrope former : oksygengass og ozongass, men ogsa desse er kjemiske sambindingar, da dei inneheld respektive to og tre oksygenatom, og ikkje eit enkelt eit.

Kjemiske sambindingar er gruppert i tre kategoriar ? molekyl , salt og metall ? som kvar for seg er karakterisert ved ein bindingstype: Elektronparbinding , ionebinding og metallbinding . Desse bindingane kallast med eit samleord intramolekylære bindingar , det vil seie bindingar mellom atoma i sambindinga.

Døme pa kjemiske sambindingar er molekyl som metan (CH 4 ), karbondioksid (CO 2 ) og vatn (H 2 O), salt som natriumklorid (NaCl), kaliumsulfat (K 2 SO 4 ) og magnesiumoksid (MgO) og metall som platina (Pt), wolfram (W) og tinn (Sn).

Organiske og uorganiske sambindingar [ endre | endre wikiteksten ]

Organiske sambindingar er det store fleirtalet av karbonsambindingar, berre med unntak av karbondioksid (CO 2 ), hydrogencyanid (HCN), og liknande stoff. Uorganiske sambindingar er pa si side alle sambindingar som ikkje er organiske.

Me kjenner til fleire millionar organiske sambindingar, medan talet pa uorganiske sambindingar er beskjedent i forhold.

Intermolekylære bindingar [ endre | endre wikiteksten ]

Intermolekylære bindingar er bindingar mellom ulike kjemiske sambindingar. Blant desse har me mellom anna hydrogenbindinga og dipol-dipol-bindinga .

Kjemiske reaksjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Kjemiske stoff reagerer med kvarandre, og me far danna nye kjemiske stoff. Døme er at hydrogengass og oksygengass reagerer, og me far vatn, eller at organiske sambindingar i veden vert forbrent i vedomnen under nærvær av oksygengass. Dette er kjemiske reaksjonar

Av vanlege reaksjonstypar har me redoksreaksjonar og syre-base-reaksjonar . Oppløysingsreaksjonar vert ogsa nemnde, men dette er ikkje eigentlege reaksjonar, men endringar av intermolekylære bindingar (forholdet mellom ulike sambindingar endrar seg).

Kjemi i kvardagen [ endre | endre wikiteksten ]

I kvardagslivet gjer ein seg stadig nytte av kjemiske reaksjonar, til dømes i forbrenning , matlaging , endring av utsjanad ( sminking , harfarging og -fjerning ) og vaskemiddel .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Kjemi