Den fyrste verdskrigen
var ein global
konflikt
med sentrum i
Europa
, utløyst av
skota i Sarajevo
, som varte fra
1914
til
1918
. Over 70 millionar soldatar vart
mobiliserte
og over 9 millionar stridande og over 7 millionar sivile vart drepne i løpet av krigen.
[note 1]
Krigen omfatta
stormaktene
pa denne tida:
Ententemaktene
(opphavleg
Frankrike
,
Russland
og
Storbritannia
,
USA
fra 1917) og
sentralmaktene
(
Tyskland
,
Austerrike-Ungarn
, kort etter krigsutbrotet
det osmanske rike
). Begge alliansegrupper freista a mobilisere heile økonomien i ein
total krig
; særleg bidrog kvinner til mye av arbeidet. Sentrale arsaker til krigen var dei europeiske stormaktene sin
imperialisme
og
militarisme
, drivne fram av
rasisme
og
nasjonalisme
, i land prega av klassemotsetningar og diskriminerande
kjønnsroller
.
[note 2]
Den 28. juli 1914 erklærte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia. Tyskland angreip Belgia og Frankrike i vest, og Russland angrep Tyskland i aust. Etter nokre manader laste kampane pa
vestfronten
seg, og fram til varen 1918 vart frontlinjene ubetydeleg endra. Pa
austfronten
var frontlinjene meir dynamiske, og krigen enda med at sentralmaktene sigra etter
dei russiske revolusjonane
i 1917. Kampane i Afrika braut ut i august 1914, da konflikten vart spreidd fra dei imperialistiske statane i Europa til koloniane. Fra 1915 sette Det osmanske riket i verk
folkemordet pa armenarane
. Etter at Russland
kapitulerte
i 1918 konsentrerte Tyskland styrkane sine pa vestfronten, men den tyske
varoffensiven
stoppa etterkvart opp.
Hundredagarsoffensiven
til Ententemaktene pressa den tyske hæren tilbake, og landet matte underteikne
vapenkvile
den 11. november 1918.
Ved avslutninga av krigen vart grensene til mange land teikna om, og fleire nasjonar fekk tilbake
sjølvstende
eller vart oppretta. Det osmanske riket vart oppløyst. Austerrike-Ungarn vart erstatta av ei mengde mindre sentraleuropeiske statar. Tyskland vart omforma fra
keisardøme
til
republikk
. Under
fredskonferansen i Paris
i 1919 vart dei fire stormaktene (Storbritannia, Frankrike, Italia og USA) samde om vilkar for dei tapande nasjonane i ei rekke avtalar (mellom anna
Versaillestraktaten
), og
Folkeforbundet
vart oppretta. Byrjinga til
avkolonisering
vert kopla av historikarar til fyrste verdskrigen og etterverknadane av han. Første verdskrigen avslutta det hundrearlange hegemoniet til Europa over resten av verda. Ei rekke faktorar knytte til følgjene av fyrste verdskrigen, som revolusjonar, store økonomiske svingingar (
den store depresjonen
), og ei tysk kjensle av a ha vorte audmjuka (egga av nasjonalistisk propaganda, som i
dolkestøytsoga
), bidrog til utbrotet av den
andre verdskrigen
.
Ententemaktene
|
Slutta seg til ententemaktene
|
Sentralmaktene
|
Slutta seg til sentralmaktene
|
|
|
|
|
Wienkongressen
i
1815
, etter
Napoleonskrigane
, teikna kraftig om pa kartet over
Europa
. Malet var a skapa ein ny situasjon utan større konfliktar. Situasjonen endra seg etter kvart, i og med at
nasjonalismen
som tanke voks fram. Mindre statar med sams kultur byrja arbeid for a sla seg saman, og større rike risikerte a bryta saman etter som ulike folkegrupper ynskte sjølvstende. Samlinga av
Italia
og
Tyskland
er døme pa den fyrste tendensen. I løpet av
Otto von Bismarck
si karriere oppstod eit system av alliansar mellom ulike land, for a skapa ei
maktbalanse
. I byrjinga av
1900-talet
kom det fram ei rad spenningar mellom to store blokker av allierte som dreiv med
militær opprusting
. Frankrike ynskte oppreising etter nederlaget i
den fransk-tyske krigen 1870-71
,
Storbritannia
og Tyskland konkurrerte i kolonispørsmal og om
marinestyrke
, medan
Russland
og Austerrike-Ungarn hadde ulike meiningar om korleis
Balkan
og
Austeuropa
skulle delast opp mellom dei.
Sjølv om krigen 1914?1918 blir omtalt som ≪den fyrste verdskrigen≫, var det fleire verdsomspennande krigar mellom europeiske makter før den tida; den fyrste var sjuarskrigen (1756?1763).
[6]
[7]
Fram til andre verdskrigen braut ut, vart fyrste verdskrigen vanlegvis berre omtalt som ≪verdskrigen≫ eller 'den store krigen' (engelsk
the Great War
, fransk
la Grande Guerre
, tysk
der große Krieg
).
Etter Napoleonskrigane (1803?1815) var Tyskland delt opp i mange statar; dei fleste var sma, laust sammenknytte i
det tyske forbundet
. I 1860-ara var Preussen, under leiing av rikskanslaren
Otto von Bismarck
, den drivande krafta i arbeidet for ei tysk samling, mot rivalen
Keisarriket Austerrike
. Preussen overvann Danmark i
den andre slesvigske krigen
i 1864 og Austerrike i
den austerriksk-prøyssiske krigen
i 1866?1867 i konfliktar om landomrade. Eit tilnærma samla Tyskland overvann Frankrike i
den fransk-tyske krigen
i 1870. Alsace-Lorraine vart etablert som ein prøyssisk provins (Reichsland Elsaß-Lothringen).
Samlinga av Tyskland
vart proklamert den 18. januar 1871 i Spegelsalen i Versailles.
[8]
Dette skapte bitterheit og revansjisme ? hemnlyst og krav om a fa tilbake dei avstatte omrada ? i Frankrike.
[9]
Med sigeren vart og Tyskland den kontinentale stormakta i Europa.
[10]
Tyskland vart bade frykta og ein del av stormaktsspelet.
[11]
Dei neste 19 ara, til 1890, vart dominerte av det diplomatiske systemet til Bismarck, der han fokuserte pa a halde fred i Europa ved a halde Frankrike isolert politisk, og at Tyskland var pa parti med minst to av dei andre europeiske stormaktene.
[12]
Eitt av trekka var a opprette trekeisarforbundet med Austerrike-Ungarn og Russland i 1873. I 1890 avsette keisar
Vilhelm II av Tyskland
Bismarck.
[13]
Under Wilhelm II nedprioriterte rikskanslarane diplomatiske avtalar med Russland, som da gjekk inn i forhandlingar med Frankrike og i 1894 inngjekk ein allianse. Dette var eit problem bade for Tyskland, som vart inneklemt, og Storbritannia, som var imperialistisk rival til Frankrike i Afrika og til Russland i Asia,
[14]
i ara 1895?1905 var særleg Storbritannia isolert i Europa.
[12]
Ein allianse mellom to av Storbritannia sine rivalar ville tidlegare ført til ein britisk-tysk allianse. At sa ikkje skjedde var dels grunna britisk tilbakehald, dels amatørmessig tysk diplomati, men særleg den tyske flateopprustinga.
[15]
≪
|
Historia om tilbakeliggjande land i det nittande og tjuande hundrearet er historia om freistnaden pa a na att den meir utvikla delen av verda ved a etterlikna han.
|
≫
|
?Historikaren
Eric Hobsbawm
i boka
On History
[note 3]
[16]
|
Ved hundrearsskiftet hadde Tyskland hjelpt Frankrike og Russland i Kina, medan britane hadde hindra dei. Forsøk pa allianse, eller i det minste ein avtale, mellom Storbritannia og Tyskland mislykkast.
[17]
[18]
Først i 1904 kom ei avgjerd, da Storbritannia og Frankrike signerte
Entente cordiale
(ein avtale, opphavleg berre knytt til grenser for koloniane deira).
[19]
Tyskland tvilte pa styrken til denne avtalen, og aret etter reiste keisar Wilhelm II til Marokko for a støtte landet sitt sjølvstende. Marokko var kontrollert av Frankrike, og Vilhelm si vitjing vart oppfatta av Frankrike som ein provokasjon. Dette vart kjent som
den fyrste Marokkokrisa
, og enda i diplomatisk nederlag for Tyskland, medan ententen kom styrka ut.
[20]
[21]
Ogsa andre tyske framstøyt enda med a styrke ententen. I 1911 blussa det opp ein konfrontasjon i Marokko, Agadirkrisen, og igjen kom Tyskland tapande ut.
[21]
[22]
Gjennom store delar av 1800-talet hadde Russland og Storbritannia vore rivalar i det store spelet (rivaliseringa mellom Russland og Storbritannia over Afghanistan og tilstøytande omrade).
[23]
Rivaliseringa vart avslutta ved at Russland vart ein del av ententen, no kjend som trippelententen.
[24]
Av dei fem stormaktene var tre pa same side, og Tyskland og Austerrike-Ungarn var i mindretal. Bade før og etter
Balkankrigane
(1912?1913) var det osmanske riket ute etter ein sterk alliert. Tyskland hadde investert i jernbanen Berlin-Bagdad, og bistod med militær opplæring og radgiving.
[25]
[26]
Det osmanske riket hadde hatt ei rekke krigar mot Russland, og sidan Russland var alliert med Frankrike og Storbritannia, var det antirussiske alternativet gunstigast.
[27]
[28]
Det var likevel ingen formell allianse med Tyskland ? bade Storbritannia og Frankrike hadde og militære radgivarar i landet.
[26]
Rasisme, imperialisme og rustningskappløpet
[
endre
|
endre wikiteksten
]
Bakgrunnen for fyrste verdskrigen var ein i hovudsak europeisk
nasjonalisme
, fundert pa
rasisme
, som for dei større nasjonane (særleg Storbritannia, Frankrike og Tyskland) førte til etablering av koloniar, eller rivalisering om dei.
[29]
Fra 1880-ara var det ei ny bølgje av kolonisering, kjend som ny-imperialisme eller høgimperialisme.
[30]
[31]
Ifølgje historikaren John Morrow jr. kan fyrste verdskrigen ikkje forstaast utan a sja han i samanheng med den samtidige imperialismen.
[32]
Offisielt vart ekspansjonen forklart med behov for ramateriale og marknader, geopolitisk vinning ved kontroll av strategiske omrade, auka nasjonal prestisje og for a sikre busetjing for den overflødige befolkninga i heimlandet. Ny-imperialismen spira fra og forsterka den utbreidde rasistiske nasjonalismen i Europa mot slutten av 1800-talet, basert pa
sosialdarwinisme
.
[31]
[33]
[34]
[35]
[36]
[37]
Den radande forstainga av sosialdarwinisme i samtida - at statane var dømde til a kjempe mot kvarandre - spelte og ei stor rolle for synet ein hadde pa krig.
[35]
[36]
[37]
[38]
[39]
[40]
≪
|
Naturligvis ma jeg ønske at vi seirer og haper pa det ettersom vi er den sunnere, oppadstigende
rasen
. Dette viser seg ikke bare gjennom den bedre kroppslige kondisjonen, den større disiplinen og unektelig større paliteligheten hos tyskerne jevnført med franskmennene, men ogsa gjennom deres bedre moralske tilstand.
|
≫
|
?Den austerrikske fysikaren
Lise Meitner
i brev til den svenske fysikaren
Eva von Bahr
, hausten 1914. Meitner hadde jødisk bakgrunn, og matte flykte fra Tyskland i 1938.
[41]
|
Imperialisme og demokrati
Den kraftige styrkinga av imperialismen (kjent som nyimperialismen) og
militarismen
mot slutten av 1800-talet var ifølgje professor
Rolf Hobson
nært knytt til utstrekt demokratisering i europeiske land. Ved at større grupper av befolkninga fekk stemmerett, vart det og auka folkeleg deltaking i utanrikspolitikken i landa. Kontrollen til dei tidlegare elitane over dei mest sentrale sakene til staten vart utfordra av ein nasjonalisme som omfatta stadig aukande delar av innbyggarane. Krimkrigen, dei tyske og italienske samlingskrigane oppstod dels og vart intensivert av nasjonale fiendebilde. Perioden er ifølgje Hobson eit døme pa at demokratisering ikkje nødvendigvis fører til ei fredelegare verd.
[42]
|
Kulturen i perioden med ny-imperialisme var gjennomsyra av tanken pa krig, den europeiske over- og mennene til middelklassen bokstaveleg talt lengta etter a utmerke seg i kamp. Ulike organisasjonar, fra
speidarrørsla
i Storbritannia,
[43]
til
wandervogel
i Tyskland, skulle førebu ungdommen pa krig. Imperialistisk tankegang preget europearane sitt syn pa seg sjølv, og pa andre europearar,
[44]
til den grad at ulike nasjonalitetar vart oppfatta som forskjellige rasar.
[45]
[46]
≪
|
Imperialismen var til en stor del statlig organisert plyndring, muliggjort av overlegen militærmakt.
|
≫
|
?Professor
Rolf Hobson
, s. 314 i boka
Europeisk politisk historie: 1750?1950
|
Under utanriksminister
Bernhard von Bulow
lanserte Tyskland mot slutten av 1890-ara ein strategi kalla
Weltpolitik
(global politikk). Bakgrunnen var innanrikspolitisk, men resultatet var eit ønske om koloniar, og med det og ein vesentleg større marine.
[47]
[48]
[49]
Som følgje av den tyske flateutvidinga vedtok Storbritannia a bygge opp, og konsentrere ein stor flate i
Nordsjøen
, med base i Skottland.
[50]
Denne strategien vart støtta ved britiske avtaler med Frankrike,
Japan
og USA, der dei tre sjømaktene patok seg a dekke andre omrade enn Nordsjøen.
[22]
[50]
Erfaringane fra
den russisk-japanske krigen
(1904?1905) vart studert av dei europeiske stormaktene, den tyske generalstaben innsag fordelen med skyttargraver og mobilt tungt artilleri.
[51]
I arene rett før 1914 meinte nokre europeiske leiarar, særleg i Tyskland og Frankrike, at ein storkrig i Europa nærast var uunngaeleg.
[52]
Dette var eit resultat av endringane i maktbalansen, og dei store militære opprustingane som starta med flatekappløpet,
[53]
maktbalansen vart militarisert.
[54]
Tyskland var den største landmilitære makten, og om den store krigen var uunngaeleg, var det mange tyske
offiserar
som hevda at han burde kome raskt. De hadde ikke rad til a vente pa resultata av dei store militære opprustingane i Frankrike og Russland.
[55]
[56]
[57]
[58]
Andre leiarar, spesielt i Storbritannia, meinte at Europa var sa sammenknytt økonomisk at ein storkrig i praksis var umogleg.
[59]
Den internasjonale finansmarknaden viste heller inga særleg bekymring for krig før dei siste dagane i juli 1914, først da byrja frykta for konflikt a visast i lagare prisar pa
statsobligasjonar
.
[60]
≪
|
Det generaloppgjøret som brøt ut i 1914, var en nesten uunngaelig følge av nasjonalisme, imperialisme og rustningskappløp.
|
≫
|
?Professor Rolf Hobson, s. 306 i boka
Europeisk politisk historie: 1750?1950
|
I ara fra 1908 til 1913 auka dei europeiske dei militære utgiftene av maktene med 50 %.
[61]
Rustingskappløpet, særleg det pa land, var ei hovudarsak til krigsutbrotet.
[62]
Fra 1911 var det ei kraftig auka av talet pa soldatar i armeane til dei kontinentale stormaktene, i juli 1914 var 3,6 millionar menn i aktiv teneste, før sjølve mobiliseringa byrja.
[63]
Austerrike-Ungarn var unntaket, det hadde ein mobiliserbar styrke pa rundt halvparten av kva Tyskland eller Frankrike hadde.
[64]
Alle dei europeiske maktene hadde utarbeidd krigsplanar før krigsutbrotet. Medan planar for ein konkret krig er kjent allereie fra
Aleksander den store
(356?323 f. Kr), var generelle krigsplanar eit produkt av 1800-talet. Utbygging av jernbaner og etablering av militære stabsskular la grunnlaget for detaljerte planverk for korleis krigar kunne utkjempast. Medan krigsplanane til stormakten var bade offensive (angrep) og defensive (forsvar), var krigsplanane til dei mindre maktene stort sett berre defensive, dei var avhengige av kva stormaktene gjorde. Hær- og marinestyrkane til dei ulike landa la kvar sine planar, og dei vart sjeldan samordna. Den øvste leiinga i statane var ofte ukjent med krigsplanane. Den tyske statsministeren
Theobald von Bethmann Hollweg
vart saleis ikkje fortald om krigsplanen i landet før i desember 1912, sjølv om planen hadde vore førebudd sidan 1905. Tilsvarande vart øvstkommanderande for den italienske marinen ikkje pa førehand underretta om hæren si avgjerd om a ga til krig mot Austerrike-Ungarn. Underretninga kom fram til
admiralitetet
same dag som krigserklæringa vart gjeven.
[65]
[66]
Overordna dei detaljerte krigsplanane lag hos begge alliansane ei tru pa ein kort krig, avgjort ved offensivar rett etter krigsutbrotet, da ein lengre krig av ulike grunnar vart sett pa som umogleg.
[67]
Krigsplanen til Det tyske keisarriket (ofte omtalt som
Schlieffenplanen
, meir korrekt Schlieffen-Moltkeplanen)
[68]
[69]
førebudde ein tofrontskrig, mot Russland i aust og Frankrike i vest. Ved mobilisering skulle fronten mot russarane forsvarast med ein mindre styrke, medan hovudstyrken angreip franskmennene. Sidan festningane langs den tysk-franske grensa vart rekna som for sterke til a trenge igjennom, skulle det tyske angrepet ga gjennom det svakare Belgia, og deretter inn i Frankrike fra nord. Etter at Paris var inntatt og Frankrike var slatt, skulle store delar av dei tyske styrkane transporterast austover med jernbane for a avgjere krigen mot russarane.
[70]
Analyser etter krigen har vist at Schlieffen-Moltkeplanen var logistisk umogleg.
[71]
Den franske krigsplanen vart endra fra hundrearsskiftet, og fram mot 1914. Fra eit defensivt forsvar ved grensa, vart planen endra til angrep pa Tyskland, og gjenerobring av
Alsace-Lorraine
. Medan ein mindre styrke skulle verne grensa mot Belgia overfor eit mogleg angrep fra Tyskland, skulle den franske hovudstyrken angripe Tyskland i aust, og trenge fram mot Rhinen. Bakgrunnen for endringa fra defensiv til offensiv strid, var dels ei utviding av den franske hæren, dels eit ønske om a bidra sa sterkt som mogleg til a nedkjempe Tyskland, saman med Frankrike sin viktigaste allierte, Russland.
[72]
Dei fransk-russiske krigsplanane var baserte pa at krigen ville verta avgjort i løpet av dei fyrste seks vekene, derfor var rask innsats av store styrkar fra begge land avgjerande.
[73]
Den russiske krigsplanen var prega av dei store avstandane i landet og at styrkeoppbygging derfor ville ta tid. Ein mogleg tofrontskrig mot Tyskland i vest og Austerrike-Ungarn i sørvest, var og ei utfordring. Den russiske hæren vart stadig sterkare fram mot 1914, og i 1910 vart krigsplanen endra fra defensivt forsvar til a skulle angripe Tyskland. Den russiske overkommandoen sag pa eit angrep pa Tyskland som nødvendig for a hindre fransk isolasjon ved utbrot av ein krig.
[74]
[75]
Austerrike-Ungarn var den svakaste av dei europeiske stormaktene. Det rekna seg som truga av Serbia, som igjen var støtta av Russland. Ein konflikt ville derfor og for dei bli ein tofrontskrig. Hæren skulle derfor delast i tre, den sterkaste gruppa skulle ga mot Russland i nordaust, ein mindre del mot Serbia, medan ei tredje gruppe skulle vere reserve for begge frontavsnitta.
[76]
Britiske krigsplanar skilde seg ut som følgje av at Storbritannia var eit øyrike, og i motsetning til andre europeiske land var marinen den primære forsvarsgreina. Landet hadde sma staande styrkar, og i motsetning til alle andre europeiske land, hadde dei ikkje
verneplikt
. Utan a ha avgitt noka formell forplikting var landet ope for a delta med ein styrke (British Expeditionary Force, BEF) pa fransk side.
[77]
Planen til den britiske marinen var fjernblokade (blokade der skip vart stoppa langt fra kysten) av Tyskland, defensive operasjonar og avskrekking.
[78]
Belgia sine krigsplaner hadde
Londontraktaten av 1839
som grunnlag. Dei belgiske styresmaktene var fast bestemt pa a ikkje binde seg til noko land, slik at deira eigen
nøytralitet
ikkje kunne nektast for av nokon av landa som hadde signert traktaten.
[79]
Dei belgiske styrkane skulle konsentrerast sentralt i landet, med den befesta hamnebyen
Antwerpen
i ryggen. I denne posisjonen kunne styrkane forsvare seg mot eit angrep, anten det kom fra Tyskland, Frankrike eller Storbritannia.
[80]
Striden mellom
Serbia
og Austerrike-Ungarn tilspissa seg da Austerrike-Ungarn formelt annekterte
Bosnia-Hercegovina
i 1908. Dette var eit omrade Austerrike-Ungarn hadde okkupert sidan 1878, da dei erobra det fra
Det osmanske riket
.
[81]
Mange av innbyggarane var serbarar, men samla var bosnjaker (stort sett bosniere med muslimsk bakgrunn) og kroatar i fleirtal.
[82]
Serbia ønskte a innlemme Bosnia-Hercegovina i ein større sør-slavisk stat.
[83]
Konfliktnivaet var dermed allereie høgt da den austerrikske tronfølgjaren
Franz Ferdinand
og kona hans
Sophie
besøkte Sarajevo, hovudstaden i Bosnia, den 28. juni 1914. Der vart begge myrda i eit politisk
attentat
[84]
av den unge bosniske serbaren
Gavrilo Princip
.
[85]
Attentatet gjekk over i historia under namnet ≪Skota i Sarajevo≫.
Da
kronprinsen
og kona skulle besøke ein offiser som var vorten skadd under eit tidlegare atak, hoppa den 18 ar gamle Princip opp pa bilen og skaut fleire skot. Kronprinsparet døydde momentant. Guten var medlem av ein organisasjon som kalte seg
Den svarte handa
.
≪
|
Vi var dømt til a dø. Vi kunne selv velge hvordan vi skulle dø, og vi valgte den verste maten.
|
≫
|
?Utanriksminister
Ottokar Czernin
om undergangen til Austerrike-Ungarn
[86]
|
≪Den blanke sjekken≫
Tyskland si uavgrensa støtte til Austerrike-Ungarn i byrjinga av juli 1914 (omtalt som ein blank
sjekk
, altsa eit verdipapir der verdien ikkje er angitt) bidrog til at krisa enda med krig, og er sidan sterkt debattert blant historikere. Nokon meiner at det var eit forsøk pa a utvide ein lokal konflikt til ein europeisk storkrig, medan andre meiner at det var eit forsøk pa a avgrense konflikten. Dei fleste historikarar ser pa at ≪den blanke sjekken≫ var ein siger for dei kreftene i Wien som ønskte krig mot Serbia.
[87]
|
Mordet pa kronprins Franz Ferdinand og kona hans vart det utløysande momentet. Hendingane som følgde er kjende som ≪
julikrisa
≫. Etter ei tid med diplomatiske utspel mellom
Serbia
og Austerrike vart den svarte veka innleia med mobilisering mellom stormaktene. I Tyskland erklærte kanslar
Theobald von Bethmann Hollweg
at landet ville støtte Austerrike-Ungarn militært viss Russland blanda seg inn (i ettertid kjent som ≪den blanke sjekken≫). Austerrike-Ungarn trudde derfor at Russland ville forhalde seg nøytralt,
[88]
og Bethmann Hollweg sag innleiingsvis pa at krisa kunne avgrensast til Balkan.
[89]
Den 23. juli 1914 stilte Austerrike-Ungarn eit ultimatum pa ti punkt til Serbia med frist pa 48 timar.
[90]
[note 4]
Viss ikkje Serbia sørgde for a sla ned pa anti-austerrikske og nasjonalistiske straumdrag, ville austerrikarane ga inn militært i Serbia. Serbia sende 24. juli ein appell til tsar Nikolaj II, og bad om hjelp da dei sag pa krava som nedverdigande og tidsfristen for kort. Tsaren svarte at ultimatumet var audmjukande for Serbia, og at Austerrike-Ungarn framprovoserte ein krig. Den 26. juli starta Russland mobiliseringa, sjølv om den offisielle mobiliseringsordren ikkje vart gitt før 30. juli.
[91]
Storbritannia ønskte i det lengste a løyse krisa
diplomatisk
, og inviterte 26. juli Tyskland og Frankrike til a diskutere situasjonen. Tyskland avslo, og pressa Austerrike-Ungarn med at invasjonen matte kome raskt. Samtidig kom dei fyrste svake teikna fra Storbritannia om at dei ville støtte Frankrike om Tyskland angreip. Den 25. juli braut Austerrike-Ungarn samtalane med Serbia, og 28. juli kom krigsfrasegna i form av eit
telegram
. Da Tyskland 1. august 1914 kom med krigsfrasegna si mot Russland, betydde dette i praksis og ei krigsfrasegn mot Frankrike (dei to land var i allianse).
[92]
Leiarane for dei to alliansane frykta at krig ikkje ville verte akseptert av arbeidarklassen. Delar av sosialistrørsla meinte det samme, men under trusselen av det dei fleste oppfatta som forsvarskrig, vart sosialistane og arbeidarane verande lojale mot sine ulike land, og organisasjonen
den andre internasjonalen
vart splitta.
[93]
Da Storbritannia erklærte krig 4. august, var den direkte arsaka at Tyskland invaderte
Belgia
som eit ledd i invasjonen av Frankrike. Storbritannia hadde i
Londontraktaten av 1839
garantert for Belgia sitt sjølvstende. Ein underliggande viktigare grunn var tysk kontroll over det kontinentale Europa, om Frankrike lei nederlag,
[note 5]
det ville leidd til at Storbritannia si rivalisering med Russland og Frankrike om koloniar hadde halde fram, og at landet matte alliert seg med Tyskland.
[94]
[note 6]
Av landa i dei to alliansegruppene var det berre Italia som i fyrste omgang heldt seg utanfor krigen.
[95]
[96]
[97]
Ved utbrotet av krigen hadde sentralmaktene (Tyskland og Austerrike-Ungarn) 136 divisjonar, mot ententen (Russland, Frankrike og Storbritannia) sine 182 divisjonar.
[98]
-
Fransk propagandaplakat fra 1914
-
Britisk propagandaplakat som speler pa menn si ære for a fa rekruttar
-
Tysk propagandaplakat fra 1914
-
Imperiet ma stille opp - britisk rekrutteringsplakat
-
Austerriksk propagandaplakat fra 1914
-
Fransk propagandaplakat fra 1914
-
Britisk propagandaplakat der Londontraktaten er tema
Tidsline for utbrotet av
første verdskrigen
|
- 28. juni:
Skota i Sarajevo
drap
Franz Ferdinand
og
kona hans
.
- 5./6. juli:
Austerrike-Ungarn fekk full handlekraft og lovnad om støtte fra Tyskland
- 20. til 23. juli:
Den franske regjeringa vitja
St. Petersburg
- 23. juli:
Austerrike-Ungarn la fram eit ultimatum til Serbia
- 25. juli:
Serbisk hadde vilkar til delar av ultimatumet
- 25. juli:
Delvis austerriksk
mobilisering
- 28. juli:
Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Serbia
- 30. juli:
Full russisk mobilisering
- 31. juli:
Full austerriksk mobilisering
- 31. juli:
Tysk ultimatum mot Russland om at landet matte innstilla mobiliseringa
- 31. juli:
Tysk ultimatum mot Frankrike, om a erklære seg nøytral
- 1. august:
Full tysk mobilisering og krigserklæring mot Russland
- 3. august:
Tyskland erklærte krig mot Frankrike
- 3. august:
Tyske troppar marsjerte inn i Belgia
- 4. august:
Storbritannia erklærte krig mot Tyskland
- 8. august:
Storbritannia erklærte krig mot Austerrike-Ungarn
|
Den
28. juli
gjekk Austerrike til krig mot Serbia. Russland byrja mobilisering for a koma Serbia til hjelp, og erklærte krig, trass i atvaring fra Tyskland. Tyskland var alliert med Austerrike og erklærte krig mot Russland den
1. august
. To dagar seinare, den
3. august
vart krig mot Frankrike erklært. Den 4. august erklærte Storbritannia krig mot Tyskland. Den 6. august erklærte Austerrike krig mot Russland.
Noreg var, pa lik linje med dei andre skandinaviske landa,
nøytralt
under den fyrste verdskrigen.
Krigen gjekk likevel hardt ut over den norske handelsflaten, som matte sigla gjennom krigsfarvatn. 915 norske skip vart senka av dei krigande maktene, og 1 892 sjømenn døydde. Desse 915 skipa utgjorde likevel ikkje meir enn om lag 20 prosent av flaten.
- ↑
Tapstal for fyrste verdskrigen er omtrentlege.
Encyclopædia Britannica
anslar drepne soldatar til rundt 8,5 millionar og sivile til rundt 13 millionar, særleg sistnemnde er det sprikande tal for. Sja EB 2010, bind 29, s. 987 Antoine Prost oppgjev ein matrise over ulike kjelder, der fem av atte oppgjev over ni millionar døde soldatar, sja Prost, s. 587?588,
The Cambridge History of The First World War
, bind III
- ↑
Dei underliggjande arsakene til kvifor fyrste verdskrigen braut ut er svært omdiskutert. Litteraturen er omfattande, over 25 tusen bøker og artiklar er skrivne om emnet. Dei fleste synspunkta pa korleis krigen oppstod kan underbyggast med eit utval av tilgjengelege kjelder. Sja Clark 2012, s. xxiv-xxv
- ↑
The history of backward countries in the nineteenth and twentieth centuries is the history of trying to catch up with the more advanced world by imitating it.
- ↑
Ultimatumet fra Austerrike-Ungarn kravde at Serbia formelt og offentleg skulle fordømme den ≪skadelege propagandaen≫ mot Austerrike-Ungarn, som det hevda hadde som endeleg mal a ≪fjerna fra monarkiet omrade som tilhøyrde det≫. Vidare skulle Beograd ≪med alle mal undertrykke denne kriminelle terroristpropagandaen≫. I tillegg skulle den serbiske regjeringen gjere følgjande:
- Undertrykke alle publikasjonar som ≪oppfordra til hat og forakt mot Austerrike-Ungarns monarki≫, og er ≪retta mot den territoriale integriteten≫ til riket.
- Oppløyse den serbiske nasjonalistorganisasjonen
Narodna Odbrana
('Folkets forsvararar') og alle andre slike organisasjonar i Serbia.
- Utan opphold fjerne fra skulebøker og offentlege dokument all ≪propaganda mot Austerrike-Ungarn≫.
- Fjerne fra den serbiske militære og sivile administrasjonen alle offiserar og funksjonærar oppgjevne av Austerrike-Ungarn sine styresmakter.
- Motta ≪representantar for Austerrike-Ungarn si regjering≫ for a ≪undertrykke undergravande element≫.
- Stille for retten alle hjelparar ved attentatet pa erkehertugen og la ≪Austerrike-Ungarn sine representantar≫ (politifolk) ta del i etterforskinga.
- Arrestere major Vojislav Tankosi? og tenestemannen Milan Ciganovi? som vart nemnde som medhjelparar i planlegginga av attentatet.
- Avslutte dei serbiske styresmaktene sitt samarbeid i ≪smuglinga av vapen og eksplosiv over grensa≫, avskjedige og straffe tenestemennene i grensevakta i
?abac
og Loznica, ≪skyldige i ha assistert gjerningsmennene i forbrytelsen i Sarajevo≫.
- Avgi ≪forklaring≫ til Austerrike-Ungarn si regjering vedrørande ≪serbiske tenestemenn≫ som i intervju har uttrykt seg ≪fiendtleg til Austerrike-Ungarn si regjering≫.
- ≪Utan opphold≫ underrette Austerrike-Ungarn si regjering om gjennomføringa av tiltaka oppgjevne i ultimatumet.
I avslutninga av dokumentet forventa Austerrike-Ungarn eit svar fra Serbia seinast klokken 17, 25. juli 1914. Eit tillegg til hovudteksten nemnde ulike detaljar fra ≪etterforskinga av brotsverket gjennomført av domstolen i Sarajevo, mot Gavrilo Princip og kameratane hans, med grunnlag i attentatet≫, som vart oppgitt a skulle skyld, og bistand til konspiratørene fra ulike serbiske tenestemenn.
- ↑
≪The vital point was not the invasion, but that Germany was the invader, and the British government and much of the public saw German domination of Western Europe as dangerous≫, oversettelse: ≪Det sentrale var ikke invasjonen, men at Tyskland sto bak, og den britiske regjeringen og mange av publikum sa tysk dominans over Vest-Europa som farlig.≫. Se Stevenson 2012, s. 33
- ↑
≪By Allying with France, Britain was better able to manage its own relationship with Germany, and to give itself the sort of continental military clout which its diminutive army could not. Even more important was the link with Russia: Russia's membership of the Entente committed it to rivalry with Germany, gave its policy a European twist, and so relieved the British of the challenge of its main rival in Central Asia. If Britain had failed to support France and Russia in 1914, its links with them would have been forfeit, and the reopening and deepening of those old and more traditional rivalries would have driven Britain into the only alternative, an Anglo-German alliance. For all Asquith's hope, isolation from Europe was no longer possible, not least because of its imperial consequences.≫ Se Strachan 2001, s. 94-95
- ↑
Keegan 1998, s. 6, 60
- ↑
2,0
2,1
Tucker, Spencer C; Roberts, Priscilla Mary (2005).
Encyclopedia of World War I
, s. 273. Santa Barbara: ABC-Clio.
ISBN 1-85109-420-2
.
- ↑
3,0
3,1
Ferguson 1998, s. 337
- ↑
4,0
4,1
≪War Losses≫
, fra International Encyclopedia of the First World War (største tal er valde, og dei er avrunda til næraste 100 tusen
- ↑
5,0
5,1
≪Twentieth Century Atlas - Death Tolls≫
, avrundet summering
- ↑
Howard 2002, s. 1
- ↑
≪The Writes of Man≫.
The Economist
438
(9238): 64. 27. mars 2021. ≪The Seven Years' War, which broke out in 1756, was described by Winston Churchill as the "first world war".≫
- ↑
Tysklands historie
- Store norske leksikon
- ↑
Evans 2016, s. 265
- ↑
Side 181, Paul W. Schroeder: ≪International Politics, Peace, and War 1815 ? 1914≫, i
The Nineteenth Century Europe 1789-1914
av T.C.W. Blanning (red.) i serien
The Short Oxford History of Europe
, Oxford University Press, Oxford, 2000
- ↑
Schroeder, s. 183?184
- ↑
12,0
12,1
Hobson 2015, s. 320
- ↑
A.J.P. Taylor:
The Course of German History
, Routledge, 2001 (1.utg. 1945), s. 159?60
- ↑
Side 188, Schroeder
- ↑
Howard 2002, s. 11-12
- ↑
s. 3,
On History
, Eric Hobsbawm, 1997
- ↑
James Joll:
The origins of the First World War
, Longman, London, 1984 (2. utg. 1992), s. 51?52
- ↑
Robert K. Massie:
Dreadnought
, Pimlico, London, 2004 (første utg. 1991), s. 304?305
- ↑
Hobson 2015, s. 317, 321
- ↑
Strachan 2001, s. 15?16
- ↑
21,0
21,1
Hobson 2015, s. 321
- ↑
22,0
22,1
Strachan 2013, s. 39?40
- ↑
Howard 2002, s. 4
- ↑
Ferguson 1998, s. 53, 60
- ↑
Ferguson 1998, s. 143, 147-148
- ↑
26,0
26,1
Strachan 2001, 663-666
- ↑
Side 544-545, R.R. Palmer, Joel Colton:
A History of the Modern World
, McGraw-Hill (8. utgave), New York, c1995
- ↑
Stevenson 2012, s. 109
- ↑
Evans 2015, s. 11
- ↑
Boris Barth (4. mars 2015).
≪Imperialism≫
. International Encyclopedia of the First World War”
. Henta 16. juli 2020
.
- ↑
31,0
31,1
Hobson 2015, s. 258?259, 312?315, 323, 461
- ↑
Morrow jr., s. 411?412,
The Cambridge History of The First World War
, bind I
- ↑
Morrow jr., s. 405?406,
The Cambridge History of The First World War
, bind I
- ↑
≪Imperialism≫
, fra
International Encyclopedia of the First World War
- ↑
35,0
35,1
Evans 2016, s. 684-685
- ↑
36,0
36,1
Hobson 2015, s. 259?260, 315?316, 461
- ↑
37,0
37,1
Overy 2021, s. 4?5
- ↑
Strachan 2001, s. 9, 54-55, 68-69, 133-134, 136, 138-139, 149, 413, 1007
- ↑
Howard 2002, s. 27
- ↑
Neitzel, Sonke; Welzer, Harald (2012).
Soldater: Beretninger om krig, drap og død
. Press. s. 56.
ISBN
978-82-7547-497-9
. ≪Basert pa sosialdarwinisme, rasisme og nasjonalisme formulerte den borgerlige høyresiden, i Tyskland som i mange andre land, en klart antikonservativ forestilling om en radikal kamp for tilværelsen mellom folkeslagene.≫
- ↑
s. 133-149, Hedqvist, H. (2012): Karlek och Karnfysik
- ↑
Hobson 2015, s. 307, 324
- ↑
Evans 2016, s. 683
- ↑
Evans 2016, s. 624
- ↑
Morrow jr., s. 408?409,
The Cambridge History of The First World War
, bind I
- ↑
Hobson 2015, s. 316
- ↑
Strachan 2001, s. 9?11
- ↑
Howard 2002, s. 10
- ↑
Hobson 2015, s. 298
- ↑
50,0
50,1
Stevenson 2012, s. 19
- ↑
Howard 2002, s. 18
- ↑
Strachan 2013, s. 42
- ↑
Keegan 1998, s. 18-22
- ↑
Hobson 2015, s. 306, 324?328
- ↑
Ferguson 1998, s. 96-100
- ↑
Ferguson 2006, s. 105
- ↑
Strachan 2001, s. 62?63
- ↑
Hobson 2015, s. 282, 298?299, 323, 328
- ↑
Keegan 1998, s. 10-12
- ↑
Ferguson 2006, s. 80?86
- ↑
Fromkin 2004, s. 94
- ↑
Hobson 2015, s. 328
- ↑
Strachan 2014, s. 14
- ↑
Strachan 2013, s. 12
- ↑
Keegan 1998, s. 24-28
- ↑
Keegan 1998, s. 46
- ↑
Howard 2002, s. 18, 29
- ↑
David Stevenson, professor i historie (25. november 2014).
≪The Military History of the First World War: An Overview and Analysis≫
(Video fra YouTube, fra 6:25 i videoen). Gresham College
. Henta 16. november 2017
. ≪If you want to call it something you ought to call it the German war plan or the Schlieffen-Moltke-plan.
Oversettelse: Hvis du vil kalle det noe bør du kalle det den tyske krigsplanen eller Schlieffen-Moltke-planen.≫
- ↑
Stevenson 2012, s. 22
- ↑
Keegan 1998, s. 28?36
- ↑
Howard 2002, s. 30
- ↑
Keegan 1998, s. 37-40
- ↑
Stone 1998, s. 45
- ↑
Keegan 1998, s. 39-41
- ↑
Stone 1998, s. 33
- ↑
Keegan 1998, s. 42-43
- ↑
Keegan 1998, s. 44-45
- ↑
Strachan 2001, s. 397, 401, 413
- ↑
Keegan 1998, s. 77-81
- ↑
Strachan 2013, s. 48
- ↑
Clark 2012, s. 33-34
- ↑
I 1878 var det 43 % serbarar, 33 % bosnjakar og om lag 20 % kroatar. Clark 2012, s. 25
- ↑
Strachan 2001, s. 42
- ↑
Clark 2012, s. 374-375
- ↑
Keegan 1998, s. 48-50
- ↑
I verdenskrigen
, s. 33, av Ottokar Czernin
- ↑
≪Germany's Blank Cheque to Austria-Hungary≫
, fra International Encyclopedia of the First World War
- ↑
Clark 2012, s. 415
- ↑
Strachan 2001, s. 99
- ↑
Clark 2012, s. 457-459
- ↑
Keegan 1998, s. 51?58
- ↑
Keegan 1998, s. 67-68
- ↑
Strachan 2001, s. 110?113
- ↑
Strachan 2001, s. 94?95
- ↑
Evans 2004, s. 12
- ↑
Martel 2003, s. xii ff
- ↑
Keegan 1998, s. 59?70
- ↑
Strachan 2001, s. 176
- Hobson, Rolf
,
Europeisk politisk historie 1750?1950
,
Cappelen Damm Akademisk
, Oslo 2015,
ISBN 978-82-02-24316-6
- Høiback, Harald
(redaktør), (2014),
Første verdenskrig: operasjoner, myter og innflytelse
,
Abstrakt forlag
,
ISBN 9788279353607
- Stone, Norman
(2007),
Første verdenskrig
,
Gyldendal
,
ISBN 978-82-05-46723-1
- Clark, Christopher
(2012),
The Sleepwalkers : How Europe Went to War in 1914
,
Penguin
,
ISBN 978-0-141-02782-1
- Evans, Richard J.
(2016,
The Pursuit of Power : Europe 1815?1914
, London, Penguin,
ISBN 978-0-141-98114-7
- Ferguson, Niall
(1998),
The Pity of War
, London, Penguin,
ISBN 978-0-1402-7523-0
- Ferguson, Niall (2006),
The War of the World
, London, Penguin,
ISBN 978-0-141-01382-4
- Hobsbawm, Eric
(1994),
Age of Extremes
, Michael Joseph, London,
ISBN 0 7181 3307 2
- Howard, Michael
(2002),
The First World War : A Very Short Introduction
,
Oxford University Press
,
ISBN 978-0-19-920559-2
- Jackson, Julian: (2004),
The Fall of France: The Nazi Invasion of 1940
, Oxford University Press,
ISBN 978 0 19 280550 8
- Keegan, John
(1998),
The First World War
, Vintage Books,
ISBN 978-0-375-70045-3
- Kershaw, Ian
(2007),
Fateful Choices
, Penguin,
ISBN 978-0-14-311372-0
- Kershaw, Ian (2015),
To Hell And Back
, Penguin,
ISBN 978-0-141-98043-0
- Martel, Gordon (2003),
The Origins of the First World War
, Pearson Longman, Harlow
ISBN 978-0582423794
- Olusoga, David
(2014),
The World's War
, Head of Zeus Ltd,
ISBN 9781781858974
- Overy, Richard
(2021),
Blood and Ruins: The Last Imperial War, 1931-1945
, Viking,
ISBN 978-0670025169
- Stevenson, David
(2012),
1914-1918 The History of the First World War
, Penguin,
ISBN 9780718197957
- Stone, Norman
(1998),
The Eastern Front 1914 - 1917
, Penguin,
ISBN 9780140267259
- Strachan, Hew
(2001),
The First World War, Volume I, To Arms
, Oxford University Press,
ISBN 0-19-820877-4
- Strachan, Hew (2013),
The First World War
, Penguin,
ISBN 978-0-14-303518-3
- Strachan, Hew - redaktør (2014),
The Oxford Illustrated History of the First World War
, Oxford University Press,
ISBN 978-0-19-966338-5
- Tooze, Adam (2015),
The Deluge: The Great War and the Remaking of Global Order
, Penguin,
ISBN 978-0-141-03218-4
- Watson, Alexander
(2014),
Ring of Steel, Germany and Austria-Hungary at war, 1914-1918
, Penguin Books,
ISBN 9780141042039
- Winter, Jay, (2014),
The Cambridge History of The First World War
, tre bind, Cambridge University Press,
ISBN 978-1-316-60066-5
- Zeman, Z.A.B. (1971),
The Gentlemen Negotiators : A Diplomatic History of World War I
,
The Macmillan Company
, New York