Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ei
avis
er ein publikasjon som hovudsakleg fortel om ulike nyhende og vert gjeven ut ofte, gjerne dagleg, tradisjonelt pa
papir
av darleg kvalitet. Aviser kan skriva
artiklar
og
reportasjar
om lokale eller internasjonale hendingar, eller eit særskilt felt som
idrett
eller
økonomi
, men inneheld ofte stoff av mange typar om ulike emne. I tillegg til
nyhende
har aviser som regel og
annonsar
og smastoff. Det meste av stoffet i aviser blir skrive av
journalistar
.
Redaktørar
har utgjevaransvar og kan skriva
leiarar
.
Større statsorganisasjonar har statt for jamlege utgjevingar av kunngjeringar i lang tid, mellom anna i
Romarriket
, der ordrene fra
Julius Cæsar
blei sende ut i
Acta Diurna
. Ordet
avis
kjem fra det latinske omgrepet
ad visum
, 'om det som er sett'.
Den første eigentlege avisa, eit handskrive ark kalla
Blanda nytt i Kaiyan
, kom ut i
Beijing
i
713
.
Kaiyuan
var nemninga pa perioden da avisa blei laga.
Den første trykte avisa blei gjeven ut av
Johann Carolus
i
1605
.
Relation aller furnemmen und gedenckwurdigen Historien
, samling av alle fine og minnverdige nyhende, kom ut i den sjølvstendige byen
Strasbourg
. I løpet av dei neste tiara kom aviser ut pa engelsk, fransk og nederlands, og i
1645
blei den eldste avisa som framleis blir gjeven ut, svenske
Post-och Inrikes Tidningar
, til. Den eldste norske avisa som framleis kjem ut er
Adresseavisen
, som blei stifta i
1767
.
Verdas første dagsavis var
Einkommende Zeitungen
, innkomande nyhende, som blei grunnlagd i
1650
i
Leipzig
.
Medan avisene tidlegare som oftast er blitt utgjevne pa avsipapir har ein i nyare tider gjeve ut delar av dei elektronisk, som
nettaviser
.