Denne artikkelen handlar om hovudstaden i USA. For artikkelen om delstaten, sja
Washington
.
Washington, D.C.
er hovudstaden i
USA
. Nemninga bestar eigentleg av to delar:
Washington
(ein by) og
District of Columbia
(eit føderalt distrikt). Distriktet vert styrt av den amerikanske
Kongressen
, som har delegert ein del makt til styresmaktene i byen.
Washington er oppkalla etter den fyrste
presidenten i USA
,
George Washington
. Byen vart offisielt hovudstad i
1800
.
Washington sine innbyggjarar kan stemme ved
presidentval
, jamfør
det 23. grunnlovstillegget
, men er berre representerte i Kongressen av ein delegat utan stemmerett i
Representantane sitt hus
. Dei har ikkje representasjon i
Senatet
.
Byen sine lokale myndigheiter bestar av ein vald
borgarmeister
og eit
bystyre
. Lokale avgjersler vert likevel ikkje sa sjeldsynt tilsidesette av den føderale kongressen.
Washington har 572 059 innbyggjarar (2000). Byen inneheld nokre av USA sine mest berømte bygg, slik som
Det kvite huset
og
Kongressbygningen
.
Ifølgje estimat fra
Bureau of the Census
hadde Washington D.C. per 1. juli 2013 ein folkesetnad pa 646 449, ein auke pa 7,4 prosent sidan folketeljinga i 2010.
[2]
Auken er ein del av ein kontinuerleg veksttrend for distriktet sidan 2000, etter eit halvt hundrear med nedgang i folketalet.
[3]
Byen var den med 24. høgaste innbyggjartal i USA i 2010.
[4]
Ifølgje data fra 2010 auka talet pa personar innanfor grensene av distriktet til over ein million personar pa dagtid som følgje av pendlarar fra forstadene.
[5]
Folkesetnaden bestar av 57,7 %
afroamerikanarar
, 37,4 % kvite, 3,0 % asiatar og fleire minoritetar (2005). Distriktet var tidlegare kjent som drapshovudstaden i USA, med 482 drap i 1991. Tala pa drap og valdsepisodar har seinare gatt kraftig tilbake.
Nokre av dei viktigaste bydelane er
Adams Morgan
,
Anacostia
,
Barry Farm
,
Capitol Hill
,
Chevy Chase
Chinatown
,
Foggy Bottom
,
Fort Totten
og
Georgetown
.
District of Columbia har nokre av dei best kjende bygga i USA, som
Det kvite huset
og
Kongressbygningen
. Det finst fleire kjente
monument
her, som det 169 meter høge
Washington-monumentet
og minnesmerke over blant anna
Abraham Lincoln
,
Thomas Jefferson
,
Franklin D. Roosevelt
og
Albert Einstein
. DC har ogsa museum som
Smithsonian American Art Museum
. Distriktet er sete for ei rekke internasjonale organisasjonar, som
Verdsbanken
,
Det internasjonale pengefondet
og
Organisasjonen av amerikanske statar
.
Washington Football Team
, tidlegare
Washington Redskins
, er namnet pa det lokale
amerikansk fotball
-laget som spelar i NFL.
[6]
[7]
- ↑
1,0
1,1
1,2
1,3
≪QuickFacts: Washington city, District of Columbia≫
. Arkivert fra
originalen
22. april 2022
. Henta 22. april 2022
.
- ↑
≪Annual Estimates of the Resident Population for the United States, Regions, States, and Puerto Rico: April 1, 2010 to July 1, 2013≫
(
CSV
),
2013 Population Estimates
,
United States Census Bureau
, desember 2013. Besøkt 14. mars 2014
(en)
- ↑
≪D.C. population soars past 600,000 for first time in years≫
, av Carol Morello og Dan Keating, washingtonpost.com, 22. desember 2010. Besøkt 14. mars 2014
(en)
- ↑
≪2010 Census Population and Housing Tables (CPH-Ts)≫
,
United States Census Bureau
, 27. september 2011. Besøkt 14. mars 2014
(en)
- ↑
≪D.C.'s Population Grows 79 Percent Every Workday, Outpacing Other Cities≫
, av Martin Austermuhle, WAMU, 31. mai 2013. Besøkt 14. mars 2014
(en)
- ↑
Droppet ≪Redskins≫
.
vg.no
. Vitja 24. juli 2020
- ↑
Washington Redskins endrer navn
. vg.no. Vitja 13. juli 2020
Administrative einingar i
USA
|
---|
Delstatar
| | |
---|
Føderalt distrikt
| |
---|
Oversjøiske territorium
| |
---|