Arizona

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Arizona
delstat
Flagg
Vapen
Land   USA
Del av Southwestern United States, det kontinentale USA
Hovudstad Phoenix
Areal 295 254  km²
 - land 294 312  km²
 - vatn 942  km²
Folketal 7 016 270   (2017)
Folketettleik 24 / km²
Guvernør Doug Ducey
Før innlemming Territoriet Arizona
Innlemma i USA 14. februar 1912
Statsnummer 48.
Forkorting AZ
Kart
Arizona
34°17′12″N 111°39′25″W  /  34.286666666667°N 111.65694444444°W  / 34.286666666667; -111.65694444444
Wikimedia Commons: Arizona
Nettstad: az.gov

Arizona er ein av dei sørvestlege delstatane i USA . Hovudstaden er Phoenix .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Dei første europearane som søkte seg inn i omradet var to spanske munkar som i 1539 og 1540 leita etter dei mytiske Sju gullbyane . Dei første busetnadene var i hovudsak a rekne som misjonsretta . Pa denne tida var Arizona ein del av den spanske kolonien Mexico. I 1775 grunnla spanjolane Fort Tucson . Etter den meksikanske krigen vart Arizona i 1848 , saman med dei andre delane av USA som i dag ligg nord for grensa, amerikansk territorium .

Arizona si historie er full av legender om det gamle Ville Vesten og to av dei mest kjende indianarhovdingane Geronimo og Cochise leia sine stammer i gjentekne stridar mot dei kvite.

Byen Tombstone var astad for den mest kjende revolvarduellen i Vesten ? The Gunfight at the O.K. Corral . Staten har om lag 250 000 indianarar i 14 stammer busette i 20 reservat , og det gjer Arizona til ein av dei statane i USA som har flest indianske innbyggjarar.

Arizona er etter Hawaii og Alaska den av delstatane som sist vart innlemma i USA (i 1912 ).

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Sola gar ned i Grand Canyon i Arizona

Arizona er ein av dei sørlegaste delstatane i USA, og bestar for det meste av flate ørkenlandskap, der det kan bli ekstremt varmt pa sommaren, men ogsa pa vinteren er det varmt her.

Grand Canyon ligg i Arizona. Grand Canyon bestar av fleire djupe tronge dalar danna av Coloradoelva over fleire millionar ar. Eit anna kjent omrade danna av store naturkrefter er Meteor Crater , eit meteorkrater midt i Arizona. Det vart danna av ein meteoritt som slo ned i Arizonaørkenen for rundt 50 000 ar sidan. Omkrinsen pa det er ca. 1 km.

Elles grensar Arizona i sør til Mexico , i vest til California og Nevada , i nord til Utah og i aust til New Mexico . Arealet er 295 000 km².

Økonomi [ endre | endre wikiteksten ]

Den viktigaste industriproduksjonen i staten gjeld elektriske produkt og varer til bruk i kommunikasjons - og flyproduksjon . Arizona har hatt mange kopargruver og framleis kjem meir enn 50 % av den samla koparproduksjonen i USA fra Arizona. Fleire jordbruksprodukt er viktige i økonomien, viktigast er kreaturoppdrett , meierivarer og bomull .