Sigurd Evensmo

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sigurd Evensmo

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. februar 1912
Hamar kommune
Død

17. oktober 1978 (66 ar)
Oslo

Yrke manusforfattar , journalist , skribent
Sprak norsk
Ektefelle Randi Evensmo
Sigurd Evensmo pa Commons

Sigurd Evensmo ( 14. februar   1912 17. oktober   1978 ) var ein norsk forfattar og journalist fødd pa Hamar .

I ungdomsara var Evensmo aktiv for Clarte og i kontakt med Mot Dag , men han melde seg inn i AUF og arbeidde aktivt der. Han byrja som journalistlærling i Hamar Arbeiderblad og fortsette sidan som journalist i fleire ulike arbeidaraviser, som Tiden,Tiden i Arendal , Fremtiden i Drammen og i Arbeidernes pressekontor, na Avisenes Nyhetsbyra i Oslo , og i 1939 byrja han i Arbeiderbladet . Under krigen var Evensmo aktivt med i motstandsarbeidet og han skreiv i den illegale avisa Bulletinen noko som førte til at han laut ga i dekning og flykta landet. Fra 1953 var han medlem i redaksjonen i Orientering . Han var filmkronikør i NRK fra 1948 til 1962 .

Før krigen hadde han fatt gitt ut eit skodespel, Konflikt i 1934 . Den fyrste romanen hans kom ut i 1945 , Englandsfarere . Handlinga i boka hadde bakgrunn i Evensmos eigne erfaringar fra krigen. Romantrilogien Grenseland (1947), Flaggermusene (1949) og Hjemover (1951) er eit hovudverk i den norske etterkrigslitteraturen og er ei sosial og psykologisk skildring av brytingane mellom lands- og bymiljø og av ein ung intellektuell arbeidarguts utvikling i mellomkrigstida. Evensmo fekk Kritikarprisen for bøkene, og pa slutten av 1970-talet var triologien grunnlaget for fjernsynsserien Grenseland som vart laga av NRK. Romanane Gaten fra ar null , Femten døgn med Gordona og Miraklet pa Blindern kan alle katalogiserast som science fiction og Evensmo var blant dei første som skreiv i den sjangeren i Noreg . Han skreiv ogsa manus til ei rekkje filmar, mellom anna til Line , bygd pa Axel Jensens roman, og Bare et liv ? historien om Fridtjof Nansen .

Prisar og utmerkingar [ endre | endre wikiteksten ]

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

Bøker [ endre | endre wikiteksten ]

  • 1945 Englandsfarere , roman ( Gyldendal , Oslo)
  • 1946 Oppbrudd etter midnatt , roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1947 Grenseland , roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1949 Flaggermusene , roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1951 Hjemover , roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1954 Glassveggen , novellesamling (Gyldendal, Oslo)
  • 1955 Trollspeilet : streiftokt i film (Gyldendal, Oslo)
  • 1956 Østenfor vest og vestenfor øst : Jugoslavia under Tito (Gyldendal, Oslo)
  • 1956 Gaten fra ar null , roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1962 Femten døgn med Gordona , roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1964 Feider og finter , kaseri og epistlar (Gyldendal, Oslo)
  • 1966 Miraklet pa Blindern , roman (Gyldendal, Oslo)
  • 1967 Det store tivoli : film og kino i Norge gjennom 70 ar (Gyldendal, Oslo)
  • 1968 Norske forfattere i krig og fred : Den Norske forfatterforening 1940-1968 : utgitt til 75-ars jubileet 15. november 1968 , skreve i lag med Alex Brinchmann (Gyldendal, Oslo)
  • 1969 Vold i filmene : ett ars kinoprogrammer i Norge og noen perspektiver (Gyldendal, Oslo)
  • 1970 Observasjoner , essaysamling (Gyldendal, Oslo)
  • 1971 Den nakne sannheten : sex i filmene (Gyldendal, Oslo)
  • 1974 Gyldendal og gyldendøler (Gyldendal, Oslo)
  • 1976 Inn i din tid (Gyldendal, Oslo)
  • 1978 Ut i kulda (Gyldendal, Oslo)

Dramatikk [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]