Axel Jensen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Axel Jensen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1932
Trondheim
Død

13. februar 2003 (71 ar)
Kristiansand kommune

Yrke skribent , sjølvbiograf , science fiction-forfattar
Far Finn Reidar Jensen
Ektefelle Prathiba Jensen , Marianne Ihlen
Born Tale Næss

Axel Buchardt Jensen ( 12. februar   1932 13. februar   2003 ) var ein norsk forfattar og statsstipendiat fra 1995. Fra 1957 til 2002 gav han ut ei rekkje romanar og andre bøker.

Livsløp [ endre | endre wikiteksten ]

Jensen blei fødd i Trondheim . Han debuterte pa eiget forlag i Oslo i 1955 , men brende heile opplaget.

I 1950-ara budde han og ektemaken, Marianne Ihlen , pa den greske øya Hydra . [1] Han var venn med den kanadiske forfattaren Leonard Cohen , som etter brotet budde i lag med Marianne pa Hydra i fleire ar. [2] Det er ei utbreidd oppfatning at Jensen baserte figuren Lorenzo i romanen Joacim etter han, [3] men han skal ha fortalt Cohen at Lorenzo var modellert etter den svenske forfattaren Goran Tunstrom . [4] Tunstrom bodde i nabohuset pa Hydra. [5]

Jensen er omsett til tysk , engelsk , nederlandsk , fransk , italiensk , dansk og finsk . I eit par høve skreiv han manuskript pa engelsk, som sa blei omsett og utgjeve pa norsk.

I samband med ein miljøkonferanse i Stockholm i 1972 møtte han Pratibha, som han gifta seg med i India. Dei budde en tid i Vaxholm utanfor Stockholm og kjøpte ei gammal selfangarskute [ treng kjelde ] som dei omdøypte til ≪Shanti Devi≫ , 'Fredsgudinne', som var namnet til Pratibha si mor. [6] Pratibha Jensen døydde i 2018. [7] Etter restaurering sigla dei baten til Oslo i 1984.

Jensen var engasjert i Salman Rushdie -saka og skreiv artiklar og ytringar om den (samla i Den øredøvende stillheten ) og essayet Gud leser ikke romaner .

I siste delen av livet var Jensen fysisk sterkt hemma av sjukdom. Han døydde i Alefjær i Kristiansand kommune .

Bøker [ endre | endre wikiteksten ]

(utgjeve av Cappelen der anna ikkje er nemnt)

Romanar [ endre | endre wikiteksten ]

  • Dyretemmerens kors – (eige forlag 1955, supprimert av forfattaren)
  • Ikaros – ung mann i Sahara – (1957, ny utgave illustrert av Frans Widerberg pa JM Stenersens Forlag 1999)
  • Line – (1959, filmatisert 1961)
  • Joacim – (1961)
  • Epp – (1965, ny utgave 2002)
  • Mor India – (1974)
  • Junior , eller Drømmen om pølsefabrikken som bibliotek – (1978)
  • Senior – (1979)
  • Lul – (1992)
  • Og resten star skrivd i stjernene – (1995)
  • Jumbo – (1998)

Anna [ endre | endre wikiteksten ]

Prisar og utmerkingar [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Kari Hesthamar (1. juni 2014). So Long, Marianne: A Love Story . ECW Press. s. 35?. ISBN   978-1-77090-501-6 .  
  2. ≪I kveld ser hun gamlekjæresten igjen≫ . NRK Østfold . 29. august 2016.  
  3. Kari Hesthamar (1. juni 2014). So Long, Marianne: A Love Story . ECW Press. s. 95?. ISBN   978-1-77090-501-6 . ≪The assumption later became widespread that Axel had based the figure of Lorenzo on Leonard Cohen, but the author himself countered that Lorenzo was modelled on Goran Tunstrom.≫  
  4. ≪Live-chat med Cohen 18. oktober≫ . VG . Henta 7. desember 2016 .  
  5. ≪Slik ble Cohen ≪norsk≫≫ . Nordlys . 23. oktober 2013.  
  6. Axel; fra smokken til Ovnen; storyen om Axel Jensen Biografi av Torgrim Eggen , 2019.
  7. NTB (20. desember 2018). ≪Pratibha Jensen er død≫ . Aftenposten (pa norsk bokmal) . Henta 21. desember 2018 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]