Landshut-kapringa

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Kapringa av Landshut var ei flykapring av Lufthansa sitt Boeing 737 fly ≪Landshut≫, flight LH 181 fra Palma til Frankfurt am Main , i 1977 . Det var ein av dei sentrale terrorhandlingane under ≪ den tyske hausten ≫. Kapringa varte fra 13. oktober til 18. oktober . Kaprarane fra den marxistiske Folkefronten for Palestinas frigjering , tvinga flyet til a fly over Middelhavet og den arabiske halvøya til Mogadishu i Somalia , der det til slutt vart frigjort av den tyske antiterrorstyrken GSG9 .

Aksjonen hadde samanheng med den venstreekstreme terrororganisasjonen RAF si bortføring av presidenten i den tyske arbeidsgjevarforeinga Hanns-Martin Schleyer . Bade flykapringa og bortføringa av Schleyer skulle presse styresmaktene til a sleppe ≪den første generasjonen RAF≫ fri fra fengselet.

Etter at gisla vart sette frie tok tre medlemer av ≪den første generasjonen≫ ( Andreas Baader , Gudrun Ensslin og Jan-Carl Raspe ) liva sine i Stammheim-fengselet , medan eit fjerde medlem, Irmgard Moller , overlevde sitt sjølvmordsforsøk. Kort etter vart Schleyer myrda.

Kapringa [ endre | endre wikiteksten ]

Byrjing [ endre | endre wikiteksten ]

13. oktober 1977 vart Lufthansa-maskina ≪Landshut≫ (oppkalla etter byen Landshut i Bayern ) med nummer LH 181 fra Palma til Frankfurt kapra av fire personar som høyrde til gruppa ≪ Martyr Halimeh ≫, ein del av Folkefronten for Palestinas frigjering . Leiaren for gruppa var Zohair Youssif Akache (23 ar), som kalla seg Captain Martyr Mahmud . Dei tre andre kaprarane var Souhaila Andrawes (23 ar) alias Soraya Ansari , libaneseren Nabil Harb (23 ar) alias Riza Abbasi og Akaches sin forlova Nadia Shehadah Yousuf Duaibes (22 ar) alias Shanaz Gholoun . Det var 82 passasjerar og 5 mannskapsmedlemer pa flyet.

Over Middelhavet og den arabiske halvøya [ endre | endre wikiteksten ]

Maskina vart først tvinga til Roma , der den tanka og Mahmud første gongen presenterte kaprarane sine krav. Desse var identiske med krava fra RAF-gruppa som hadde bortført Hanns-Martin Schleyer . I tillegg kravde kaprarane at to meiningsfellar som sat i tyrkisk fengsel skulle sleppast fri, og dessutan 15 millionar amerikanske dollar.

Fra Roma vart flyet tvinga vidare over Larnaka pa Kypros og Bahrain til Dubai . Der klarte piloten Jurgen Schumann a melde fra til styresmaktene om kor mange kaprarar det var. Via eit intervju med forsvarsministeren i Dubai vart kaprarane kjende med dette. Mahmud tvinga kapteinen ned pa golvet i midtgangen og truga med a skyte han viss han igjen gjorde noko som kaprarane ikkje likte.

Eit GSG9 -fly følgde etter Landshut fra Larnaka. Etter at Landshut hadde tanka opp pa nytt, flaug flyet til Aden i det daverande Sør-Jemen . Regjeringa i landet blokkerte da alle start- og landingsbanene. Sidan flyet gjekk tomt for drivstoff, hadde ikkje kaprarane anna val enn a la flyet lande pa ei sandstripe ved sida av ei startbane. Kapteinen, Jurgen Schumann, fekk forlate flyet for a inspisere hjula. Etter at kapteinen kom tilbake til flyet vart han skoten i hovudet i midtgangen til flyet, fordi han hadde vore borte for lenge og ikkje reagert pa tilrop fra leiaren for kaprarane. Arsaka til at kapteinen vart borte lenger enn planlagt er ikkje kjend, men det har blitt hevda at han vart teken i forvaring av styresmaktene og først seinare kunne returnere til flyet.

Mogadishu [ endre | endre wikiteksten ]

Maskina vart tanka opp, og tok 17. oktober av pa nytt, ført av andrepiloten Jurgen Vietor. Flyet sette kurs mot den somaliske hovudstaden Mogadishu , der det landa 4:40 sentraleuropeisk tid. Liket av den drepne kapteinen vart kasta ut og kaprarane sende eit ultimatum med krav om a sleppe fri RAF-medlemene med frist klokka 15 same dagen.

Etter a ha fatt melding om at dei tyske styresmaktene ville imøtekome kravet om a sleppe dei fri, men trong meir tid pa a sende RAF-medlemene til Mogadishu, forlenga kaprarane fristen til klokka 1:30 neste dag, 18. oktober .

Men klokka 0:05 storma antiterrorstyrken GSG9 flyet, i Operation Feuerzauber , under leiing av Ulrich Wegener. Aksjonen varte i sju minutt, og tre av kaprarane vart drepne. Berre Souhaila Andrawes , overlevde. Ein GSG9-mann og flyvertinna Gabriele Dillmann vart skadde. Klokka 0:12 kunne statssekretær Hans-Jurgen Wischnewski , som var til stades, melde fra til kanslar Helmut Schmidt om at aksjonen var vellukka.

Etterspel [ endre | endre wikiteksten ]

Dei fengsla RAF-medlemmane Jan-Carl Raspe, Gudrun Ensslin og Andreas Baader gjorde om morgonen 18. oktober sjølvmord. Irmgard Moller overlevde eit sjølvmordsforsøk. Dagen etter gjorde RAF kjent at dei hadde avretta Hanns-Martin Schleyer. Liket vart funne 19. oktober i bagasjerommet pa ein forlaten Audi i Alsace .

Flymaskina som tidlegare heitte ≪Landshut≫, 24. oktober 2007 i Fortaleza , Brasil

Frigjeringa av Landshut skjedde etter ordre fra den føderale regjeringa. Helmut Schmidt fortalde seinare at han ville gatt av dersom aksjonen hadde mislukkast eller for mange gissel hadde mista livet. Han hadde allereie skrive søknaden om avskil. Den kunne han makulere etter den vellykka aksjonen.

Den einaste overlevande terroristen, Souhaila Andrawes , forsvann, og dukka opp i Noreg i 1991 . I 1994 vart ho oppspora og utlevert til Tyskland aret etter. Ho sona 5 ar av fengselsstraffa pa 10 ar for flykapring, friheitsberøving, utpressing, medverknad til overlagt drap og drapsforsøk, og bur i dag i Oslo .

Flyet som vart kapra, ein Boeing 737-230C med serienummer 20254-230 og med tysk kjenneteikn D-ABCE, vart brukt av Lufthansa fram til 1985 . Det har seinare blitt selt fleire gonger. Det høyrer til i dag det brasilianske flyselskapet TAF Linhas Aereas , som brukar det som fraktfly under kjenneteiknet PT-MTB.

Filmatisering [ endre | endre wikiteksten ]

I samband med at det var 30 ar sidan flykapringa og ≪den tyske hausten≫ vart kapringa i 2007 filmatisert av ARD , som er ei samanslutning av dei offentlege allmennkringkastingsselskapa i Tyskland. Filmen med tittelen Mogadishu vart regissert av Roland Suso Richter og hadde premiere i november 2008. Filmen hadde eit budsjett pa ca 50 millionar kroner.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]