Hinamatsuri

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Hinamatsuriutstilling i fire niva.

Hinamatsuri ( japansk 雛祭り hina-matsuri eller hina-no-sekku ), ogsa kjend som ≪jentedagen≫ eller ≪ferskenblomfesten≫ ( momo-no-sekku ), er ei japansk høgtid som finn stad den 3. mars . [1] Under høgtida set ein opp trappehyller dekte av eit raudt teppe og stiller opp dokker av ulik rang pa dei i klede fra Heiantida . Høgtida er knytt til vern og framtidsbøner for barn, særleg jenter .

'Dokkefestivalen i ein militærheim' av Katsukawa Shuncho fra slutten av 1700-talet.

Soge [ endre | endre wikiteksten ]

Dokkefestivalen har røter til fleire eldre høgtider. Nagashibina eller joushi no sekku er ein japansk skikk der ein sender papirdokker avgarde pa elver. Dokkene er meinte a frakta vekk vonde ander. Denne høgtida har røter til ein gammal kinesisk tradisjon kalla taqing , og kom til Japan under Heiantida (794-1191).

Ein annan japansk tradisjon var a laga tøydokker nar eit barn var fødd. Dokkene skulle ta til seg all ulukke og sjukdom som kunne raka barnet. Ei tid sende ein ogsa slike tøydokker med elva, men pa Muromachitida (1338-1573) var det blitt vanleg a behalda dei innandørs som dekorasjon.

Keisarinne Kojun og prinsesser under hinamatsuri ca. 1940.

I 1629 blei det halden ein stor keisarleg hinamatsuri-fest i keisarpalasset i Kyoto . Dette blei ei arviss hending under Edotida . Den faste utstillinga av dokker pa trappetrinn voks fram i denne tida, og høgtida endra seg fra a omfatta alle kvinner til a retta seg særskild mot jenter. Medan den offisielle feiringa tok slutt etter Meijirestaurasjonen , fortsette ho i japanske heimar. [2] Den første hinamatsuri-feiringa til ein jentebaby blir kalla hatsuzekku og blir feira med ønske om frisk vokster. [3]

Dekorasjonar [ endre | endre wikiteksten ]

To japanske jenter med hinamatsuri-utstillingar. Pa kvar side star tsurushibina-uroar.

Under høgtida pynter ein med ferskenblomar og dokker oppstilte pa trappetrinn dekte med eit lukkebringande raudt teppe.

Det blir ogsa hengd opp uroar kalla tsurushibina . Desse har sma dinglande figurar laga av gamle kimonoar . [4]

Dokkene [ endre | endre wikiteksten ]

Dokkene som blir brukte under hinamatsuri blir kalla hina-ningyo . Dei fleste tradisjonelle japanske familiar med jentungar har hinamatsuri-dokkesett, ofte nedarva gjennom generasjonar. Storleiken pa setta varierer, fra eit enkelt keisarpar til dokker og utstyr nok til a fylla mange trinn. [5] Dokkene blir pakka vekk kort tid etter høgtida ettersom det ikkje blir rekna lukkebringande a ha dei ute etter 4. mars.

Stor dokkeutstilling i Konosu .

Dokkene er ordna pa trappetrinn slik at dei to som førestiller keisaren og keisarinna star øvst, som regel framfor gullfarga skjermbrett . Lampar og lanterner kan sta kvar side av paret, og vasar med ferskentregreiner imellom.

Pa neste trinn star hoffdamer, ofte tre dokker, som held sake og utstyr til a servera det. Dei kan vera omgjevne av runde bord med søtsaker pa.

Pa det tredje trinnet star fem musikarar med instrument: Lita tromme ( taiko ), stor tromme ( otsuzumi ), handtromme ( kotsuzumi ), fløyte ( fue eller yokobue ) og ein songar med ei handvifte .

Pa dei neste trinna star ulike figurar, som samuraiar , og utstyr, som møblar, vogner, tre og liknande. Ofte finn ein ministrar ytst til høgre og venstre pa det fjerde trinnet.

Hina arare .

Mat og drikke [ endre | endre wikiteksten ]

Visse typar mat og drikker er knytt til høgtida: [3]

  • Søt, alkoholfri sake kalla amazake
  • Ein spesiell type sushi kalla chirashi
  • Skjellsuppa ushiojiru nokre stader, knytt til tradisjonell skjellsanking rundt høgtida
  • Den fargerike riskaka hinshimochi
  • Hina arare, puffa ris dekt med sukker og farga, typisk rosa, kvitt og grønt.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

  • Golu , ei sørindisk dokkehøgtid

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Sosnoski, Daniel (1996). Introduction to Japanese culture . Tuttle Publishing. s. 10. ISBN   0804820562 .  
  2. Seasonal Calendar of March , bite JAPAN, March 30th, 2007  
  3. 3,0 3,1 "Hinamatsuri"(Doll festival) , jpn-miyabi.com  
  4. TSURUSHI-BINA decoration , tokyogiftservice.com   [ daud lenkje ]
  5. Varadaraja Raman (2005), Variety in Religion and Science: Daily Reflections , iUniverse  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hinamatsuri