Eyjafjallajokull

Koordinatar : 63°38′N 19°36′W  /  63.633°N 19.600°W  / 63.633; -19.600
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Eyjafjallajokull

Eyjafjallajokull (og kalla Øyafjelljøkulen [1] ) er den sjette største isbreen pa Island . Han ligg nord for Skogar og vest for den større isbreen Myrdalsjokull .

Breen ligg over ein vulkan med ei høgd pa 1 666 moh., som har hatt utbrot relativt ofte sidan istida . Det siste utbrotet byrja i mars 2010. Det førre utbrotet, som var fra 1821 til 1823, skapte eit katastrofalt jokulhlaup . Krateret til vulkanen har ein diameter pa 3?4 km og breen dekkjer eit areal pa om lag 100 km².

Den sørlege enden av fjellet var ein gong ein del av atlanterhavskysten . Sidan sjøen har trekt seg tilbake om lag fem km grunna landheving har den tidlegare kystlinja etterlate bratte klipper med mange vakre fossefall . Den mest kjende av desse er Skogafoss . I kraftig vind kan vatn i dei mindre fossane blase oppover fjellet.

Vulkanutbrotet i mars 2010 [ endre | endre wikiteksten ]

Fimmvorðuhals-utbrotet i mars 2010
Utbrotet av Eyjafjallajokull i april 2010

Mellom 3. og 5. mars 2010 vart det registrert nær 3000 jordskjelv med episenter i vulkanen. Dei fleste var sma, men nokre kunne kjennast i busette omrade nær jøkulen. [2] Vulkanutbrotet vart fyrst meldt 20. mars. [3] [4] Tettstadane Fljotshlið og Markarfljot vart evakuerte og Icelandair -fly som skulle til Reykjavik vart omdirigerte grunna oske og vanskelege innflygingsforhald. [5] [6] Pa formiddagen 21. mars vart det meldt at evakueringa i det truga omradet var gatt svært snøgt og at alle var komne i sikkerheit. Det var no klart at utbrotet var i eit omrade med lite is, og det gjorde at faren for flaum og jokulhlaup ikkje var sa stor som ein fyrst frykta, men det vart starta nøye overvaking av situasjonen. [7]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eyjafjallajokull

63°38′N 19°36′W  /  63.633°N 19.600°W  / 63.633; -19.600