한국   대만   중국   일본 
The Rolling Stones ? Wikipedia Hopp til innhald

The Rolling Stones

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
The Rolling Stones

Opphav London i England
Aktiv 1962?
Sjanger Rock and roll , rhythm and blues , blues , rock
Plateselskap Decca , Rolling Stones , Virgin , ABKCO , Interscope , Polydor
Medlemmer Mick Jagger
Keith Richards
Charlie Watts
Ronnie Wood
Tidlegare medlemmer Brian Jones
Ian Stewart
Dick Taylor
Mick Taylor
Bill Wyman
Prisar Grammy Lifetime Achievement Award , Grammy Lifetime Achievement Award , Rock and Roll Hall of Fame , Juno Award for International Entertainer of the Year , Michael Jackson Video Vanguard Award , Grammy Award for Best Rock Album , Grammy Award for Best Music Video , MTV Video Music Award for Best Visual Effects , MTV Video Music Award for Best Cinematography , Grammy Hall of Fame Award , Grammy Hall of Fame Award , Grammy Hall of Fame Award , Grammy Hall of Fame Award , Grammy Hall of Fame Award , Grammy Hall of Fame Award

The Rolling Stones er eit engelsk rockeband som vart danna i 1962 i London da multiinstrumentalisten Brian Jones og pianisten Ian Stewart slo seg saman med vokalist Mick Jagger og gitarist Keith Richards . Bassisten Bill Wyman og trommeslagaren Charlie Watts var dei andre medlemmane i den første utgava av gruppa. Stewart, som ikkje vart rekna som passande som tenaringsidol, vart offisielt fjerna fra bandet i 1963, men heldt fram a jobbe for bandet som turnemanager og keyboardist fram til han døydde i 1985.

Dei tidlege innspelingane til bandet var hovudsakleg amerikanske blues - og R&B -songar. Dei oppnadde tidleg suksess i Storbritannia og vart sa populære i USA under ≪ den britiske invasjonen ≫ tidleg i 1960-ara. Jagger og Richards danna tidleg eit latskrivarpartnarskap og tok gradvis over leiinga i bandet fra den stadig meir urolege og ureknelege Jones. Singelen deira ≪ (I Can't Get No) Satisfaction ≫ i 1965 etablerte The Rolling Stones som eit av dei fremste rock and roll-gruppene i verda. Fra og med albumet Aftermath fra 1966, starta Jagger og Richards, med hjelp av dei instrumentale eksperimenta til Jones, a skape meir varierte songar innanfor fleire stilartar. Jones døydde i 1969, kort tid etter han vart sparka fra bandet, og vart erstatta av Mick Taylor . Taylor spelte inn fem studioalbum med The Rolling Stones før han gav seg i 1974. Tidlegare Faces -gitarist Ronnie Wood kom sa inn i bandet, og har vore med sidan. Wyman forlet the Rolling Stones i 1993 og bassisten Darryl Jones , som ikkje er eit offisielt medlem av gruppa, har teke over for han sidan 1994.

The Rolling Stones har gjeve ut 22 studioalbum i Storbritannia (24 i USA), atte konsertalbum og mange samlingar. Totalt har dei seld over 200 millionar plater over heile verda. [1] Det siste albumet deira, A Bigger Bang , kom i 2005. Sticky Fingers (1971) starta ei rekkje pa atte pafølgjande album som nadde toppen av albumlista i USA. I 1989 vart The Rolling Stones innlemma i Rock and Roll Hall of Fame og i 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone dei pa 4. plass pa lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene. Det lurvete og ungdommelege imaget deira er noko mange musikarar framleis prøve a ta etter.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Tidleg historie [ endre | endre wikiteksten ]

Tidleg i 1950-ara var Keith Richards og Mick Jagger klassekameratar ved Wentworth Primary School i Dartford i Kent . [2] Dei møtte kvarandre igjen i 1960 medan Richards gjekk pa Sidcup Art College . [3] Richard minnest dette: ≪Eg var framleis pa skulen og han skulle ga pa London School of Economics ... Sa eg tok eit tog ein morgon, og der var Jagger. Under armen sin hadde han fire eller fem album. Han hadde Chuck Berry og Muddy Waters ≫. [4] Med den felles venen deira Dick Taylor (seinare i Pretty Things ), danna dei bandet Little Boy Blue and the Blue Boys. [3] Samstundes var Brian Jones og pianist Ian Stewart aktive i R&B-miljøet i London og spelte med Cyril Davies og Alexis Korner . Jagger og Richards møtte Jones da han spelte slidegitar i Korner-bandet Blues Incorporated . Korner leigde stundom og Jagger og den framtidige Stones-trommisen Charlie Watts . [5] Den første øvinga deira vart organisert av Jones og inkluderte Stewart, Jagger og Richards. Richards hadde vorte invitert av Jagger. I juni 1962 var bandmedlemmane Jagger, Richards, Stewart, Jones, Taylor og trommeslagar Tony Chapman. Taylor forlet gruppa. Jones kalla bandet The Rollin' Stones, etter songen ≪ Rollin' Stone ≫ av Muddy Waters . [6] [7]

1962?1964 [ endre | endre wikiteksten ]

Den 12. juli 1962 spelte gruppa sin første formelle konsert ved Marquee Club og stod oppført pa plakaten som ≪The Rollin' Stones≫. [8] Bandmedlmemmane var Jagger, Richards, Jones, Stewart pa piano, Taylor pa bass og Tony Chapman pa trommer. Jones ønskte av bandet hovudsakleg skulle spele Chicagoblues , men Jagger og Richards førte rock & roll-stilen til Chuck Berry og Bo Diddley inn i bandet. [9] Bassist Bill Wyman kom inn i desember og trommeslagar Charlie Watts manaden etter. Denne rytmeseksjonen skulle vare om lag tretti ar. [10] [3]

Den første manageren til The Rolling Stones var Giorgio Gomelsky , og han ordna ein konsert for bandet pa hans eigen Crawdaddy Club [3] der bandet vart verande dei neste atte manadane. Ein ung, og tidlegare publisist for The Beatles , Andrew Loog Oldham signerte bandet til eit managerpartnarskap mellom han og Eric Easton tidleg i mai 1963. [11] (Gomelsky, som ikkje hadde skriftlege avtalar med bandet vart ikkje konferert). George Harrison , anbefalte samstundes Dick Rowe i Decca Records , som er mest kjend for a ha avvist the Beatles, at han burde gje The Rolling Stones ein platekontrakt. Bandet la ut pa den første turneen deira i Storbritannia i juli 1963 og spelte dei første konsertane utanfor London den 13. juli pa Outlook Club i Middlesbrough . [12] For dette fekk dei £40 og delte programmet med The Hollies . [13] [14]

Etter a ha signert The Rolling Stones til ein avtale om a leige lydband hos Decca, [15] fekk Oldham og Easton bandet ut pa deira første større britiske turne hausten 1963. Dei stod pa programmet som oppvarmarar for amerikanske stjerner som Bo Diddley , Little Richard og The Everly Brothers . Høvet til a studere desse artistane var ein viktig læreprosess for korleis det unge bandet tedde seg pa scenen. [16] [17] [18]

Før denne turneen, i juli 1963, gav bandet ut den første singelen sin, ei utgave av Chuck Berry-songen ≪Come On≫, som nadde 21. plass i Storbritannia. I november 1963 fekk the Rolling Stones ein større hit med ei utgave av Lennon/McCartney -songen ≪ I Wanna Be Your Man ≫, som gjekk til 12. plass pa den britiske salslista.

Oldham skapte imaget til bandet som langhara brakmakarar for a vere det motsette av det the Beatles gjorde. [5] Bandet turnerte kontinuerleg Storbritannia og hadde fleire framsyningar pa TV. Den neste singelen deira, ei oppjaga utgave av Buddy Holly -songen ≪ Not Fade Away ≫, nadde tredjeplassen i Storbritannia.

Det første albumet deira The Rolling Stones , (i USA gjeve ut som England's Newest Hit Makers ) bestod hovudsakleg av songar fra andre artistar som dei brukte a spele pa konsertane pa denne tida. LP-en inneheldt og Jagger/Richards-songen ≪ Tell Me (You're Coming Back) ≫ - og to songar tilskriven Nanker Phelge , namnet dei nytta for songar laga av heile gruppa.

Den første amerikanske turneen til The Rolling Stones i juni 1964 var i følgje Bill Wyman ei katastrofe, sidan dei ikkje hadde gjeve ut musikk i landet enno. [19] Da dei spelte pa TV-showet til Dean Martin , The Hollywood Palace , gjorde Martin narr av bade haret og framføringa deira. [20] Under turneen fekk dei tid til ei to dagar lang innspeling i Chess Studios i Chicago , der mange av dei musikalske heltane deira spelte inn musikken sin. [21] Her spelte dei inn det som skulle verte den første songen til The Rolling Stones pa toppen av den britiske salslista, utgava deira av Bobby og Shirley Womack sin ≪ It's All Over Now ≫. [22]

Pa den andre amerikanske turneen deira hausten 1964, spelte bandet like etter James Brown pa The TAMI Show som vart filma og vist pa kino. Her var fleire band som medverka i den britiske invasjonen. Den 25. oktober spelte bandet og pa The Ed Sullivan Show . Sullivan reagerte pa kaoset the Stones skapte og lovde a aldri la dei spele pa showet igjen, [23] men hadde dei likevel med pa showet fleire gonger seinare. [5] Det andre albumet deira, som berre kom ut i USA, 12 X 5 , vart gjeve ut under denne turneen. [24] Dette albumet inneheldt og hovudsakleg coverversjonar, samt eit par songar av Jagger/Richards og Nanker Phelge.

Den femte singelen til The Rolling Stones i heimlandet, ei utgave av Willie Dixon sin ≪ Little Red Rooster ≫ med ≪ Off the Hook ≫ (Nanker Phelge) pa baksida, kom ut i november 1964 og vart den andre førsteplassen deira i Storbritannia, noko som var ei bragd for ein bluessong. Det amerikanske distribusjonsselskapet til bandet ( London Records ) nekta a gje ut ≪Little Red Rooster≫ som singel der, truleg pa grunn av dei seksuelle overtonane i songen. [25] I desember 1964 gav London Records ut den første singelen med Jagger/Richards-songar pa begge sidene: ≪ Heart of Stone ≫ med ≪What a Shame≫ som B-side . Singelen gjekk til 19. plass i USA. [26]

1965?1969 [ endre | endre wikiteksten ]

Det andre albumet til bandet i Storbritannia, The Rolling Stones No. 2 , kom ut i januar 1965 - og gjekk til toppen av albumlista. Den amerikanske utgava, som kom i februar vart kalla The Rolling Stones, Now! og gjekk til femteplass her. Det meste av innhaldet pa albuma vart spelt inn i Chess Studios i Chicago og RCA Studios i Los Angeles . [27] I januar-februar 1965 turnerte bandet i Australia og New Zealand for første gong, i alt 34 konsertar for om lag 100 000 tilhengjarar. [28]

Den første Jagger/Richards-songen som nadde førsteplassen i heimlandet var ≪ The Last Time ≫ (februar 1965). Singelen gjekk til niandeplass i USA og var den første singelen av tre som nadde førsteplassen pa VG-lista i Noreg. Den første internasjonale hitten deira, som nadde førsteplassen i fleire land, mellom anna Noreg, var ≪ (I Can't Get No) Satisfaction ≫. Han var spelt inn i mai 1965 under den tredje nordamerikanske turneen til bandet. Singelen kom ut i juni 1965 og etablerte the Stones som eit verdskjend band. [29] Den amerikanske utgava av albumet Out of Our Heads (juli 1965) nadde og førsteplassen. Han inneheldt sju originale songar (tre av Jagger/Richards og fire tilskriven Nanker Phelge). [30] Den andre internasjonale hitten deira, ≪ Get Off of My Cloud ≫ kom ut hausten 1965, [5] etterfølgd av eit album, som berre kom ut i USA, December's Children . [24]

Aftermath (#1 i Storbritannia, #2 i USA) kom ut seint pa varen 1966 og var det første Rolling Stones-albumet som berre inneheldt songar komponert av Jagger/Richards. Jones medverka med eksotiske instrument og la mykje nytt til bandet sitt lydbilete. Den amerikanske utgava av albumet inneheldt bestseljaren ≪ Paint It Black ≫, som var paverka av arabisk musikk, balladen ≪ Lady Jane ≫ og den nesten 12 minuttar lange ≪ Going Home ≫, den første lange jammen pa eit bestseljande rockealbum. Seinare skulle Jimi Hendrix , Cream og andre band utover 60- og 70-ara gje ut slike lange songar regelmessig.

Salet av singlar nadde eit høgdepunkt for the Stones i 1966. ≪ 19th Nervous Breakdown ≫ (februar 1966, #2 i Storbritannia og USA) vart etterfølgd av den første transatlantiske førsteplassen deira, ≪Paint It Black≫ (mai 1966). ≪ Mother's Little Helper ≫ (juni 1966) vart gjeve ut pa singel i USA, der han nadde attandeplass. Han var ein av dei første popsongane som tok opp temaet narkotikamisbruk, og er og kjend for at Jagger song teksten med den naturlege London-aksenten sin, i motsetnad til den meir amerikanske aksenten han nytta pa tidlegare innspelingar.

I september 1966 kom singelen ≪ Have You Seen Your Mother, Baby, Standing In The Shadow? ≫ (#5 i Storbritannia, #9 USA). Dette var den første songen til Stones der det vart nytta blasarar, baksidebilete pa omslaget viste gruppa satirisk kledd som transvestittar og det vart laga ein av dei første musikkvideoane nokon gong, regissert av Peter Whitehead .

I januar 1967 kom Between the Buttons (#3 i Storbritannia, #2 i USA og Noreg). Albumet var det siste Andrew Oldham gjorde for The Rolling Stones, her som produsent. Managerrolla i bandet hadde Allen Klein teke over i 1965. Den amerikanske utgava av albumet inneheldt den doble A-sida Let's Spend the Night Together ≫ og ≪ Ruby Tuesday ≫, som gjekk til førsteplass i USA, tredjeplass i Storbritannia og andreplass i Noreg. Da bandet reiste til New York for a spele desse songane pa The Ed Sullivan Show endra Jagger teksten i refrenget til ≪let's spend some time together≫ for a unnga at framføringa pa showet vart kansellert. [3] [31]

Jagger, Richards og Jones starta no a verte forfølgd av styresmaktene pa grunn av narkotikabruken deira. Tidleg i 1967 trykte News of the World ein artikkel i tre delar som heitte ≪Pop Stars and Drugs: Facts That Will Shock You≫, det dei kom med pastandar om LSD-festar organisert av The Moody Blues med stjerner som Pete Townshend fra The Who og Ginger Baker fra Cream , og at alle dei leiande popstjernene nytta narkotika. Den første artikkelen anklagde Donovan (som like etter vart utsett for razzia og sikta), medan den andre var retta mot the Rolling Stones.

Ein reporter som medverka til artikkelen hadde ein kveld vore pa den eksklusive London-klubben Blaise's , der fleire medlemmar av the Stones visstnok tok fleire fenedrin -piller, viste fram hasj og inviterte vener tilbake til heimen sin for ein ≪røyk≫. Artikkelen hevda at dette var Mick Jagger, men det viste seg at det i staden for hadde vore Brian Jones. Kvelden da artikkelen kom ut var Jagger pa prateprogrammet til Eammon Andrews og annonserte at han var i ferd med a saksøke avisa for ærekrenking. [32]

Ei veke seinare, søndag 12. februar, utførte politiet i Sussex (tipsa av News of the World ) ein razzia mot heimen til Keith Richards i Redlands. Ingen vart arresterte, men Jagger, Richards og venen deira, kunsthandlaren Robert Fraser , vart sikta for narkotikamisbruk. Richards sa i 2003, ≪Da me vart tekne i Redlands, skjønte med at dette var eit heilt anna spel, og det var da moroa stoppa. Fram til da hadde London vore ein vakker stad der du kunne gjere kva du ville.≫ [33]

I mars, medan dei venta pa konsekvensane etter politirazziaen, valde Jagger, Richards og Jones a dra ein kort tur til Marokko , i lag med Marianne Faithfull , Anita Pallenberg som var kjærasten til Jones og andre vener. Pa turen vart det stormfulle forholdet mellom Jones og Pallenberg sa darleg at Pallenberg forlet Marokko i lag med Richards. [34] Richards sa seinare: ≪Det var spikaren i kista for meg og Brian. Han kunne aldri tilgje meg for dette og eg klandrar han ikkje, men men, shit happens.≫ [35] Richards og Pallenberg vart verande eit par i tolv ar. Trass i komplikasjonane drog The Rolling Stones pa turne i Europa i mars og april 1967. Pa turneen spelte dei mellom anna i Polen , Hellas og Italia for første gong. [36]

9. mai 1967, same dag som Jagger, Richard og Fraser vart sikta i Redlands, gjorde politiet razzia i heimen til Brian Jones og han vart arrestert og sikta for a ha cannabis . [3] Med tre av fem medlemmar i Rolling Stones sikta for lovbrot, møtte Jagger og Richards for retten i slutten av juni. Den 29. juni vart dei begge dømd til fengsel, men vart sleppte fri mot kausjon dagen etter i pavente av ankesaka. [37] The Times trykte no ein kjend artikkel kalla ≪Who breaks a butterfly on a wheel?≫, der redaktøren William Rees-Mogg var sterkt kritisk til dommen, og papeikte at Jagger hadde vorte behandla langt strengare for eit førstegongslovbrot enn det som ville vore for ein ≪anonym ung mann≫.

Medan dei venta pa ankesaka spelte bandet no inn ein ny singel, ≪ We Love You ≫, som ein takk til dei lojale tilhengjarane deira. Han startar med lyden av fengselsdører som lukkar seg og videoen som følgde viser antydingar til rettssaka til Oscar Wilde . [38] I juli omgjorde ankedomstolen dommen til Richards, medan Jagger fekk straffa si redusert til betinga fengsel . Rettssaka til Brian Jones fann stad i november 1967, som og vart dømd til fengsel, men etter ankesaka i desember vart han i staden dømd til a betale £1000 med tre ars prøvetid. I tillegg vart han dømd til a søke profesjonell hjelp. [39]

I desember 1967 kom albumet Their Satanic Majesties Request (#3 i Storbritannia, #2 i USA og Noreg), som kom like etter The Beatles sitt Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band . [3] Satanic Majesties vart spelt inn under vanskeleg tilhøve, medan Jagger, Richards og Jones var opptekne med rettssakene sine. Bandet og produsent Andrew Oldham gjekk og kvar sin veg under denne innspelinga. Oppløysinga var fredeleg, i det minste offentleg; [40] men i 2003 sa Jagger at arsaka var at Oldham meinte dei ikkje var konsentrerte og oppførte seg barnsleg. [3]

Satanic Majesties vart derfor det første albumet The Rolling Stones produserte pa eiga hand. Det var og det første albumet deira som hadde identiske versjonar pa begge sider av Atlanteren. Det psykedeliske lydbilete stod i stil med plateomslaget, som viste eit tredimensjonalt bilete teken av Michael Cooper, som og hadde teke bilete pa omslaget til Sgt. Pepper . Bill Wyman skreiv og song eit spor pa albumet: ≪ In Another Land ≫, som vart gjeven ut som den første Rolling Stones-singelen utan Jagger pa vokal. [41]

Bandet brukte dei første manadane av 1968 pa det neste albumet sitt. Denne perioden resulterte i songen ≪ Jumpin' Jack Flash ≫, som kom ut som singel i mai. Songen og det pafølgjande albumet Beggars Banquet (#3 i Storbritannia, #5 i USA, #2 i Noreg) markerte eit steg tilbake til bluesrøtene til bandet og starten pa eit samarbeid med produsenten Jimmy Miller . Albumet inneheldt singelen ≪ Street Fighting Man ≫ (som omhandla den politiske uroa i mai 1968) og opningssporet ≪ Sympathy for the Devil ≫. Beggars Banquet var ei blanding av country - og bluesinspirerte songar og vart hylla da det kom ut. Det er eit musikalsk skilje mellom Satanic Majesties og Beggars Banquet . Bandet hadde gatt lei den musikalske eksperimenteringa og ønskte a ga tilbake til røtene sine. I følgje Richards var han sint etter arresteringa og seier at det var mykje sinne i musikken deira pa denne tida. [42] Pa denne tida starta Richards a nytte open stemming pa gitaren, som ein kan høyre pa mange av songane deira pa denne tida. Dette vart eit varemerke for gitarlyden til Stones (og Richards).

Mot slutten av 1968 vart The Rolling Stones Rock and Roll Circus filma. Filmen inneheldt John Lennon , Yoko Ono , The Dirty Mac , The Who , Jethro Tull , Marianne Faithfull og Taj Mahal . Opptaka vart skrinlagde i 28 ar, sidan Rolling Stones visstnok var misnøgde med framføringa si, men vart til slutt gjevne ut i 1996.

Da Beggars Banquet kom ut var Brian Jones uroleg og medverka berre sporadisk til bandet. Jagger sa at Jones ikkje passa psykologisk til denne levematen. [43] Narkotikabruken hans hadde vorte ei hindring og han fekk ikkje visum til USA. I juni hadde Jagger, Richards og Watts eit møte heime hos Jones, der Jones innrømde at han ikkje ville klare a dra ut pa turne igjen. I følgje Richards let alle Jones fa sei at han forlet bandet og at han kunne kome tilbake kor tid han ville. [4] Erstatninga hans var den 20 ar gamle Mick Taylor fra John Mayall's Bluesbreakers og han vart raskt med pa innspelingane til bandet. 3. juli 1969, mindre enn ein manad seinare, vart Jones funne drukna i bassenget sitt i heimen sin pa Cotchford Farm i Sussex .

1969?1974 [ endre | endre wikiteksten ]

The Rolling Stones hadde planlagt ein gratiskonsert i Hyde Park i London to dagar etter Brian Jones omkom, og dei valde a gjennomføre konserten som ei hyllest til Jones. Den første konserten med Mick Taylor vart spelt føre om lag 250 000 tilhengjarar. [3] Framføringa vart filma av Granada Television for eit program pa britisk fjernsyn kalla Stones in the Park . Jagger las eit utdrag fra Percy Bysshe Shelley sin elegi Adonais og sleppte ut tusenvis av sommarfuglar til minne om Jones. [3] Pa konserten vart songen ≪ Honky Tonk Women ≫ spelt for første gong. Manageren deira Sam Cutler introduserte dei som ≪det største rock and roll-bandet i verda≫ [44] - ei skildring han heldt fram med gjennom den amerikanske turneen deira i 1969, og som har halde ved dei heilt fram til i dag.

Let It Bleed (#1 i Storbritannia, #2 i Noreg og #3 i USA) kom ut i desember. Det siste albumet deira pa 60-talet. Let It Bleed inneheldt songen ≪ Gimmie Shelter ≫ med korvokal fra den kvinnelege songarinna Merry Clayton , ≪ You Can't Always Get What You Want ≫, ≪ Midnight Rambler ≫. Jones og Taylor er med pa to spor kvar. Mange av desse songane vart spelte pa den amerikanske turneen deira i november 1969, den første dei hadde her pa tre ar. Like etter turneen arrangerte bandet Altamont Free Concert pa Altamont Speedway , om lag 60 km aust for San Francisco . Motorsykkelgjengen Hells Angels vart leigd inn som vakter, noko som førte til at ein tilhengjar, Meredith Hunter, vart knivstukken og slatt i hel av ei av vaktene. [45] Delar av turneen og Altamont-konserten vart dokumentert i Albert og David Maysles -filmen Gimme Shelter . Som svar pa at det stadig dukka opp fleire bootlegplater gav bandet ut albumet Get Yer Ya-Yas Out! (#1 i Storbritannia, #3 i Noreg og #6 i USA) i 1970. Kritikar Lester Bangs hylla det som det beste konsertalbumet nokon gong. [46]

In 1970 gjekk kontraktane med bade Allen Klein og Decca Records ut og under ein kontraktstrid med Klein, oppretta dei sitt eige plateselskap, Rolling Stones Records . Sticky Fingers (#1 i Storbritannia, Noreg og USA) kom ut i mars 1971, det første albumet pa deira eige plateselskap. Omslaget vart utforma av Andy Warhol . Albumet inneheldt nokre av dei mest kjende songane til Stones, som ≪ Brown Sugar ≫" og den countryaktige Wild Horses ≫". Begge vart spelt inn i Muscle Shoals Sound Studio i Alabama under turneen deira i 1969. Albumet inneheldt og songar som var særs bluesladde. Albumet er kjend for den ≪lause, falleferdige stemninga≫ [47] og var det første albumet som Mick Taylor var med pa fra starten av.

Etter Sticky Fingers fekk The Rolling Stones rad fra dei økonomiske radgjevarane sine om a forlate England. Bandet flytta til det sørlege Frankrike , der Richards leigde Villa Nellcote og vidare leigde ut rom til bandmedlemmane og følgjet deira. Med Rolling Stones Mobile Studio spelte dei inn songar i kjellaren, som dei gjorde ferdige i Sunset Studios i Los Angeles . Resultatet vart dobbeltalbumet Exile on Main St. (#1 i Storbritannia, Noreg og USA) som kom ut i mai 1972. Albumet vart hylla av kritikar Robert Christgau [48] og slakta av Lester Bangs, som endra meining etter nokre manader. Exile vert i dag ofte trekt fram som eit av dei beste albuma til Rolling Stones. [49] Filmane Cocksucker Blues (ikkje offisiell) og Ladies and Gentlemen: The Rolling Stones (fra 1974) dokumenterte den pafølgjande amerikanske turneen.

I november 1972 spelte bandet inn songar i Kingston pa Jamaica , for det som skulle verte Goats Head Soup (#1 i Storbritannia, USA og Noreg) i 1973. Albumet gav den store hitten ≪ Angie ≫, men sjølv om albumet selde bra, vart det ikkje sa godt teken i mot av kritikarane, noko dei komande albuma og var prega av. [50] Innspelinga av Goats Head Soup gav mange songar, som til dømes den populære balladen ≪ Waiting on a Friend ≫ som ikkje kom ut før atte ar seinare pa Tattoo You .

Innspelinga av albumet vart forstyrra av ei annan strid om narkotika, som starta under opphaldet deira i Frankrike. Ein arrestordre for Richards kom ut og dei andre bandmedlemmane matte tilbake til Frankrike for avhøyr. [51] Dette, i lag med narkotikadommane til Jagger fra 1967 og 1970, [52] gjorde planane deira om ein Stillehavsturne i 1973 kompliserte. Dei vart nekta innreise til Japan og vart nesten bannlyste fra Australia . Etter dette reiste Stones pa turne i Europa (der dei unngjekk Frankrike) i september-oktober 1973, før Richards igjen vart arrestert for narkotikamisbruk, denne gongen i England. [53]

Bandet drog til Musicland studio i Munchen for a spele inn det neste albumet sitt, It's Only Rock 'n' Roll fra 1974 (#2 i Storbritannia, #1 i USA, #3 i Noreg), men Jimmy Miller , som no hadde narkotikaproblem, var ikkje lenger produsent. I staden produserte Jagger og Richards albumet, tilskriven ≪ the Glimmer Twins ≫. Bade albumet og singelen med same namn vart hittar.

Nær slutten av 1974 starta Taylor a verte utolmodig. [54] Situasjonen til bandet gjorde det vanskeleg a fungere som band. Dei forskjellige bandmedlemmane budde i forskjellige land, i tillegg til at dei hadde forskjellige restriksjonar for innreise til fleire land, slik at det vart vanskeleg a turnere. Samstundes gjekk narkotikabruken til Richards ut over kreativiteten og produktiviteten hans, medan Taylor følte at hans eigne kreative bidrag vart oversett. [55] Mot slutten av 1974 forlet Taylor The Rolling Stones. [56]

1974?1982 [ endre | endre wikiteksten ]

The Stones nytta innspelingane i Munchen til a finne ein erstatning for Taylor. Gitaristar sa varierte som Peter Frampton fra Humble Pie og virtuosen Jeff Beck fra tidlegare Yardbirds var og prøvespelte. Rory Gallagher og Shuggie Otis var og pa prøvespeling. Dei amerikanske studiomusikarane Wayne Perkins og Harvey Mandel var medverkande pa albumet, men Richards og Jagger ønskte a halde the Stones reint britisk. Da Ron Wood kom inn i studio og jamma med bandet, visste Richards og alle medlemmane at han var den rette. Han hadde alt spelt pa og vore med skrive songen ≪It's Only Rock 'n Roll≫ i lag med Richards. Albumet Black and Blue (#2 i Storbritannia og Noreg, #1 i USA) kom i 1976 og inneheld bidrag fra alle saman. Ron Wood matte først avsla tilbodet om a verte med i Rolling Stones sidan han var bunden til The Faces . Wood gjekk inn i the Stones i 1976 da Faces vart oppløyst, men var berre ein betalt musikar til Wyman forlet bandet nesten tjue ar seinare, da han vart eit fullt medlem av partnarskapet Rolling Stones.

I 1975 la Rolling Stones ut pa turne i Amerika, som starta med at bandet spelte bakpa ein trailer som køyrte nedover Broadway i New York City.

Jagger fekk bandet inn pa El Mocambo i Toronto for a spele inn eit konsertalbum i 1977, Love You Live (#3 i Storbritannia, #5 i USA, #10 i Noreg), det første sidan Get Yer Ya-Ya's Out! tidleg i 70-ara. Richard var avhengig av heroin og han vart derfor forseinka til Toronto, medan dei andre medlemmane alt var framme. Dei sendte eit telegram til Richards og lurte pa kvar han var. Den 24. februar 1977 kom Richards og familien hans fra London og vart halde tilbake av tollvesenet i Canada etter at det vart funne ei brend skei og restar av hasj pa Richards. 4. mars sa kjærasten til Richards, Anita Pallenberg , seg skuldig i a ha pa seg narkotika og fekk bot for lovbrotet. [57] Søndag 27. februar, etter to dagar med øvingar, kom det kanadiske politiet inn i lokalet med ein arrestordre pa Pallenberg. Da fann dei 22 gram heroin [58] pa rommet til Richards. Richards vart sikta for a ha ført narkotika inn i Canada, noko som hadde ei strafferamme pa minst sju ar i Canada. [59] Seinare innsag patalemakta at Richards hadde fatt tak i dopet etter han kom inn i landet. [60] Trass i arrestasjonen, spelte bandet to konsertar i Toronto, men skapte meir kontrovers da Margaret Trudeau , den daverande kona til den kanadiske statsministeren Pierre Trudeau , vart sett pa fest med bandet etter konserten. Dei to konsertane vart haldne hemmelege for almenta og El Mocambo hadde vorte bestilt heile veka for April Wine som skulle gjere ei innspeling her. Ein lokal radiostasjon hadde ein konkurranse der premien var gratis billettar til April Wine og vinnarane fekk sjølv velje kva kveld dei ville sja bandet. Vinnarane som valde billettar for fredag og laurdag kveld fekk seg ei stor overrasking da det var Rolling Stones som spelte i staden. [57]

Narkotikasaken varte over eit ar, før Richards fekk betinga dom og ordre om a halde to gratis konsertar for CNIB i Oshawa i Ontario . [60] Begge konsertane vart haldne av the Rolling Stones og The New Barbarians , ei gruppe Wood hadde sett saman for a reklamere for det nyaste soloalbumet sitt. Richards var og med i dette bandet. Episoden motiverte Richards til a kvitte seg med narkotikaproblemet sitt. [3] Dette skjedde samstundes med at forholdet til Pallenberg tok slutt. Forholdet hadde særleg vorte darleg etter det tredje barnet deira, ei lita jente som heitte Tara, døydde som spedbarn og Pallenberg framleis ikkje synte vilje til a kvitte seg med heroinproblemet sitt. [61] Medan Richards var i ferd med a løyse dei rettslege og personlege problema sine, heldt Jagger fram jet-set-livet. Han var ofte a sja pa Studio 54 , ein discoklubb i New York, i lag med modellen Jerry Hall . Ekteskapet hans til Bianca Jagger enda i 1977.

Sjølv om The Rolling Stones framleis var populære pa første halvdel av 70-ara, fekk musikken deira stadig darlegare kritikk, og etter kvart gjekk det og nedover med platesalet. [5] Seint i 70-ara hadde punkrock kome til overflata, og the Stones vart kritiserte for a vere dekadente, aldrande millionærar, [3] og musikken deira vart av mange rekna som stillestaande eller irrelevant. [62] Dette endra seg i 1978, da bandet gav ut Some Girls (#2 i Storbritannia, #1 i USA, #3 i Noreg), som inneheldt hitsingelen ≪ Miss You ≫, countryballaden ≪ Far Away Eyes ≫, ≪ Beast of Burden ≫ og ≪ Shattered ≫. Delvis som eit svar til pønken var mange songane raske, enkle og gitardrivne rock and roll-songar. [62] Albumet gjorde the Stones igjen populære hos ungdommen, og bandet deltok pa fjernsynsshowet Saturday Night Live . I 1978 turnerte dei berre i Amerika og ikkje i Europa, og brøyt dermed ein tradisjon dei hadde halde kvart tredje ar sidan 1967.

Bandet gjekk inn i 1980-ara med ny kommersiell suksess og gav ut det neste albumet sitt, Emotional Rescue (#1 i Storbritannia og USA, #4 i Noreg) i 1980. Innspelinga av albumet var visstnok plaga av uro, og forholdet mellom Jagger og Richards var darleg. Richards, som var meir edru enn han hadde vore dei siste ti ara, starta a ta meir kontroll i studio - meir enn Jagger hadde vorte vand med - og det oppstod ein strid da Richards følte han kjempa for ≪sin halvdel av the Glimmer Twins≫. Emotional Rescue vart ein kommersiell suksess, men vart av kritikarane kalla matt og inkonsistent.

Tidleg i 1981 tredde gruppa saman igjen og valde a turnere USA dette aret, slik at dei ikkje fekk mykje tid til a spele inn eit nytt album. Dette aret kom albumet Tattoo You (#2 i Storbritannia, #1 i USA, #3 i Noreg) og inneheldt songar som ikkje hadde vorte gjevne ut før, mellom anna singelen ≪ Start Me Up ≫. To songar (≪Waiting on a Friend≫ og ≪Tops≫) var fra tida da Mick Taylor spelte gitar. Den amerikanske turneen deira i 1981 var den største, lengste og mest fargerike dei hadde gjort til no, og dei spelte fra slutten av september til opp under jul. Det var den mest innbringande turneen i verda dette aret. Enkelte konsertar vart tatt opp pa band, og i 1982 kom konsertalbumet Still Life (American Concert 1981) (#4 i Storbritannia, #5 i USA, #3 i Noreg) og i 1983 konsertfilmen Let's Spend the Night Together , som var filma i Phoenix i Arizona og Meadowlands i New Jersey .

I midten av 1982 hadde Rolling Stones 20-arsjubileum, og Stones tok det amerikanske sceneshowet til Europa. Dette var den første europeiske turneen deira pa seks ar, og han var i hovudsak ein kopi av den amerikanske turneen aret før. Med pa turneen var tidlegare pianist i Allman Brothers Band , Chuck Leavell , som framleis spelar med the Stones. Mot slutten av aret signerte bandet ein ny platekontrakt pa fire album, verdt 28 millionar dollar, med selskapet CBS Records .

1983?1991 [ endre | endre wikiteksten ]

Før dei forlet plateselskapet Atlantic, gav Stones ut Undercover (#3 i Storbritannia, #4 i USA, #3 i Noreg) seint i 1983. Trass i god kritikk, selde albumet langt mindre enn venta og det vart heller ikkje noko turne til albumet.

Pa denne tida vart forholdet mellom Jagger og Richards stadig darlegare. Jagger hadde signert ein soloavtale med CBS, noko som sette ein støkk i Richards. Jagger nytta det meste av 1984 til a skrive songar til det første soloalbumet sitt. I 1985 brukte Jagger meir tid pa solomaterialet sitt, sa det meste av innhaldet pa Dirty Work fra 1986 (#4 i Storbritannia, #4 i USA, #3 i Noreg) vart skriven av Keith Richards, med fleire bidrag fra Ron Wood enn pa noko tidlegare Rolling Stones-album. Det gjekk rykte om at Jagger og Richards sjeldan var i studio samstundes.

I desember 1985 omkom Ian Stewart , som var med a starte bandet, spelte piano og var turnemanager, av hjarteattakk . The Rolling Stones spelte ein privat hyllestkonsert for han pa 100 Club i London i februar 1986, to dagar før dei fekk Grammy Lifetime Achievement Award . [63]

Dirty Work kom ut i mars 1986 og fekk blanda kritikk. Jagger nekta a turnere for a reklamere for albumet, og har seinare sagt at fleire bandmedlemmar ikkje var i stand til a turnere. Richards vart rasande da Jagger i staden la ut pa sin eigen soloturne og han har kalla denne perioden i forholdet til Jagger som ≪den tredje verdskrigen≫ [64] Soloplatene til Jagger She's the Boss (1985) og Primitive Cool (1987) oppnadde moderat suksess. Med the Rolling Stones inaktiv, gav Richards ut det første soloalbumet sitt i 1988, Talk Is Cheap . Det vart godt teken imot av bade kritikarar og tilhengjarar, og selde til gull i USA.

Tidleg i 1989 vart The Rolling Stones, inkludert Mick Taylor, Ronnie Wood og Ian Stewart (posthumt) innlemma i det amerikanske Rock and Roll Hall of Fame . Jagger og Richards sag ut til a ha lagt striden bak seg og The Rolling Stones sette i gang arbeidet med albumet Steel Wheels (#1 i Noreg, #2 i Storbritannia, #3 i USA). Albumet vart hylla som eit band tilbake i form og inneheldt singlane ≪ Mixed Emotions ≫, ≪ Rock and a Hard Place ≫ og ≪ Almost Hear You Sigh ≫.

Etter albumet la the Rolling Stones ut pa den første turneen sin pa sju ar som omfatta Nord-Amerika, Japan og Europa, og sceneshowet var det største dei hadde produsert sa langt. Oppvarmingsband var Living Colour og Guns N' Roses . Med seg pa scenen hadde dei blasarar og korsongarar. Innspelingar fra turneen resulterte i konsertalbumet Flashpoint i 1991. Albumet inneheldt og to studiospor spelt inn i 1991, singelen ≪ Highwire ≫ og ≪Sex Drive≫.

Dette var den siste Rolling Stones-turneen for Bill Wyman, som forlet bandet etter a ha gatt og tenkt pa dette i fleire ar. Avgjersla vart ikkje gjort offisiell før i 1993. Han gav sa ut Stone Alone , ein sjølvbiografi basert pa memoarar han hadde skrive sidan dei første dagane i London. Eit par ar seinare danna han Bill Wyman's Rhythm Kings og starta a spele inn plater og turnere igjen.

1992?1999 [ endre | endre wikiteksten ]

Etter suksessen med turneen tok bandet ein pause. Charlie Watts gav ut to jazzalbum, Ronnie Wood lagde sitt femte soloalbum, Keith Richards gav ut sitt andre soloalbum seint i 1992, Main Offender , og gjorde ein liten turne med store konsertar i Spania og Argentina. Mick Jagger fekk gode kritikk og salstal for det tredje soloalbumet, Wandering Spirit .

Etter at Wyman forlet bandet, nymastra det nye plateselskapet Virgin Records heile katalogen til bandet fra Sticky Fingers til Steel Wheels , bortsett fra tre konsertalbum. Samstundes kom det eit samlealbum i 1993 kalla Jump Back: The Best of The Rolling Stones . I 1993 starta the Stones arbeidet med det neste studioalbumet. Darryl Jones , som tidlegare hadde spelt med Miles Davis og Sting , vart vald av Charlie Watts som erstatning for Wyman pa Voodoo Lounge (#1 i Storbritannia, #2 i USA) fra 1994. Albumet fekk god kritikk og selde bra, mellom anna dobbel platina i USA. I 1995 fekk albumet ein Grammy Award for beste rockealbum.

I 1994 starta og Voodoo Lounge-turneen, som varte inn i 1995. Fleire songar fra konsertane og øvingane (hovudsakleg akustiske) kom ut pa albumet Stripped , som inneheldt ei utgave av Bob Dylan sin ≪ Like A Rolling Stone ≫.

The Rolling Stones enda 1990-ara med albumet Bridges To Babylon (#6 i Storbritannia, #3 i USA, #1 i Noreg), som kom i 1997 til blanda kritikk. Musikkvideoen til singelen ≪ Anybody Seen My Baby? ≫ hadde med Angelina Jolie som gjest og vart mykje vist pa bade MTV og VH1 . Albumet selde noksa bra og turneen som følgde omfatta Europa, Nord-Amerika og andre stader og vart vitja av mange tilhengjarar. Nok ein gong vart det gjeve ut eit konsertalbum fra turneen, No Security , men denne gongen hadde berre to av songane vorte gjevne ut pa konsertalbum tidlegare. I 1999 la the Stones ut pa No Security-turneen i USA og heldt fram Bridges to Babylon-turneen i Europa. Denne delen av turneen hadde ein mykje enklare produksjon utan dei store sceneeffektane som hadde prega dei førre turneane.

2000?2004 [ endre | endre wikiteksten ]

Seint i 2001 gav Mick Jagger ut det fjerde soloalbumet sitt, Goddess in the Doorway , som vart møtt med blanda kritikk. [65] Jagger og Richards tok del i The Concert for New York City , støttekonserte etter terriataket i New York 11. september 2001, og spelte ≪Salt of the Earth≫ og ≪Miss You≫ med eit støtteband.

I 2002 gav bandet ut samleplata Forty Licks (#2 i Storbritannia, USA og Noreg) som markerte 40-arsjubileumet deira som band. Samlinga inneheldt fire nye songar og selde meir enn sju millionar eksemplar. Same aret kalla musikkmagasinet Q The Rolling Stones for eitt av ≪50 band du ma sja før du døyr≫ [66] og Licks-turneen 2002-2003 gav mange høvet.

Keith Richards i Hannover, 2006, under A Bigger Bang-turneen

I 2004 kom det doble konsertalbumet Live Licks , som selde til gull i USA.

2005-til i dag [ endre | endre wikiteksten ]

Sommaren 2005 annonserte bandet at det var eit nytt album pa veg, A Bigger Bang (#2 i Storbritannia og Noreg, #3 i USA), det første albumet deira pa nesten atte ar. A Bigger Bang vart gjeven ut 6. september og fekk god kritikk. Singelen ≪ Streets of Love ≫ nadde Topp 15 i Europa. Albumet inneheldt den mest kontroversielle songen fra the Stones pa mange ar, ≪Sweet Neo Con≫, som kritiserte amerikansk nykonservatisme. [67] Richards var kritisk til a ha med songen, fordi han var redd Rolling Stones ville møte darlege sal i USA, pa liknande mate som Dixie Chicks opplevde da dei kritiserte innblandinga til amerikanarane i Irak. [68]

Turneen som følgde albumet starta i august 2005, først i Nord-Amerika, Sør-Amerika og Aust-Asia, før dei tok ein pause varen 2006 og heldt fram turneen i Europa. Den europeiske delen av turneen vart utsett seks veker etter at Keith Richards pa ferie fall ned fra eit tre pa Fiji og matte operere kraniet. [69] [70] Fleire konsertar vart haldne i Nord-Amerika i september 2006, og i Europa sommaren 2007. I november 2006 hadde Bigger Bang-turneen vorte den mest innbringande turneen i verda gjennom tidene, og hadde til da tent inn $437 millionar. [71]

29. oktober og 1. november 2006 filma regissør Martin Scorsese the Rolling Stones da dei spelte pa Beacon Theatre i New York City, som i 2008 resulterte i filmen Shine a Light , som vart vist pa kino verda over. Med filmen følgde eit filmmusikkalbum med same namn. Dette debuterte pa andreplass pa den britiske albumlista, den høgaste plasseringa for eit konsertalbum av Rolling Stones sidan Get Yer Ya-Ya's Out! i 1970.

Sommaren 2007 la bandet ut pa ein turne i Europa kalla ≪Bigger Bang 2007≫. Den siste konserten pa turneen vart halde i august 2007.

Charlie Watts i Hannover, 2006

Musikalsk utvikling [ endre | endre wikiteksten ]

The Rolling Stones er kjende for a ha vandra over i forskjellige musikksjangrar gjennom karrieren sin, og til slutt gjort desse stilane til sine eigne. Gjennom heile karrieren har bandet referert til musikkstilar som amerikansk blues, country, folkemusikk, reggae, dansemusikk, verdsmusikk, samt engelske stilar som nyttar strengeinstrument som harpe . Bandet starta karrieren med a spele tidlege rock and roll- og bluessongar av andre artistar, og har aldri stoppa a spele andre sine songar verken pa konsertar eller pa plate.

Amerikansk blues [ endre | endre wikiteksten ]

Jagger og Richards delte ei interesse for amerikanske bluesartistar som Jimmy Reed , Muddy Waters og Little Walter , som igjen paverka Brian Jones, som meir eller mindre leia bandet i starten. I følgje Richards var Jones meir inn i T-Bone Walker og jazzblues, men dei fekk han interessert i musikken til Chuck Berry [4] Charlie Watts var og ein tradisjonell jazztrommeslagar, men vart leia inn mot blues etter a ha vorte med i the Stones. [72]

Tidleg latskriving [ endre | endre wikiteksten ]

Trass i Stones godt likte a spele blues- og R&B-songar pa konsertane sine dei førte ara, var dei første songane dei skreiv sjølve av ei langt breiare musikalsk interesse. Den første Jagger/Richards-singelen, ≪ Tell Me (You're Coming Back) ≫ er av kritikar Richie Unterberger kalla ein pop/rock-ballade, og han seier vidare at dei første songane dei skreiv sjølve ikkje var sa sterkt prega av blues, men var ofte saktegaande Merseybeat -aktige popsongar. [73] As Tears Go By ≫, balladen som vart skriven for Marianne Faithfull , var ein av dei første songane skriven av Jagger og Richards, og ein av mange dei skulle skrive for andre artistar.

Om denne første tida sa Richards, ≪Det som er utruleg er at sjølv om Mick og eg tenkte pa desse songane som verkeleg barnslege og barnehageaktige, gjorde alle det godt pa listene. Dette gav oss særs god tiltru pa a halde fram a lage songar, fordi i starten var latskrivinga var berre noko me gjorde for a kunne sei til Andrew (Loog Oldham) at 'Jaja, i det minste sa gjorde me eit forsøk...'≫ [74] Jagger sa at dei var veldig poporienterte, og at dei ikkje berre høyrte pa Muddy Waters, men alt mogeleg. [74]

Singelen ≪The Last Time≫, som vart den første store singelen til the Stones, vart eit vendepunkt. I følgje Richards gav dette dei stor tiltru pa sine eigne latskrivartalent og synte dei korleis dei skulle gjere det [75] Songen vart bygd rundt eit riff spelt av Brian Jones og var elles basert pa ein tradisjonell gospelsong som The Staples Singers gjorde populær. Songen vart eit symbol pa den særs gitarbaserte stilen som skulle kome.

Bandmedlemmar [ endre | endre wikiteksten ]

1962

med

Januar - april 1963
  • Mick Jagger - solovokal, munnspel, perkusjon
  • Brian Jones - gitarar, korvokal, munnspel, perkusjon
  • Keith Richards - gitarar, korvokal
  • Ian Stewart - piano, perkusjon
  • Charlie Watts - trommer
  • Bill Wyman - bass, korvokal
Mai 1963 - mai 1969
Mai 1969 - desember 1974
  • Mick Jagger - solovokal, munnspel, tangentinstrument, perkusjon, gitar
  • Keith Richards - gitarar, vokal, bass, tangentinstrument
  • Mick Taylor - gitarar, bass, synthesizer , perkusjon, korvokal
  • Charlie Watts - trommer, perkusjon
  • Bill Wyman - bass, synthesizer
Mai 1975 - 1993
  • Mick Jagger - solovokal, munnspel, tangentinstrument, gitar
  • Keith Richards - gitarar, vokal, bass, tangentinstrument, perkusjon
  • Charlie Watts - trommer, perkusjon
  • Ronnie Wood - gitarar, korvokal, bass, trommer, perkusjon
  • Bill Wyman - bass, synthesizer
26. januar 1993- idag
  • Mick Jagger - solovokal, munnspel, perkusjon, gitar, bass, tangentinstrument
  • Keith Richards - gitarar, vokal, bass, tangentinstrument
  • Charlie Watts - trommer, perkusjon
  • Ronnie Wood - gitarar, korvokal, bass

med

Diskografi [ endre | endre wikiteksten ]

Sja diskografien til The Rolling Stones .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Everything is turning to gold≫, Platesalet til The Rolling Stones.
  2. "Biography of the Stones" , arkivert fra originalen 21. januar 2010 , henta 13. februar 2009  
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 3,10 3,11 ≪The Rolling Stones Biography≫ . Rolling Stone . Henta 13. februar 2009 .  
  4. 4,0 4,1 4,2 Greenfield, Robert (1981). The Rolling Stone Interviews - Keith Richards . New York: St. Martin's Press/Rolling Stone Press. ISBN   0-312-68954-3 .  
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 ≪The Rolling Stones Biography≫ . Rock and Roll Hall of Fame and Museum . Henta 13. februar 2009 .  
  6. Erlewine, Stephen Thomas. ≪Rolling Stones Biography≫ . Allmusic . Henta 13. februar 2009 .  
  7. ≪Muddy Waters:Rollin' Stone≫ . Rolling Stone . Rolling Stone.com . Henta 13. februar 2009 .  
  8. Bill Wyman (2002). Rolling With the Stones . DK Publishing. s. 36?37. ISBN   0-7894-9998-3 .  
  9. Bockris, Victor (1992). Keith Richards - The Biography . Poseidon Press. s. 42?43. ISBN   0-671-70061-8 .  
  10. Wyman 2002. s. 40-41, s. 44-45
  11. Wyman 2002. s. 56-57
  12. http://picture.stockton.gov.uk/photos/t9532.aspx [ daud lenkje ]
  13. Middlesbrough Evening Gazette, Fredag 12. juli 1963, side 10
  14. "Outlook Club Advertisement" [ daud lenkje ] , Picture Stockton.
  15. Andrew Loog Oldham (2000). Stoned . St. Martin's Griffin. s. 212?213. ISBN   0-312-27094-1 .  
  16. Wyman 2002. s. 80-83
  17. Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts, Ronnie Wood (2003). According to the Rolling Stones . Chronicle Books. s. 68. ISBN   0-8118-4060-3 .  
  18. Fricke, David (2008). ≪Blues Brothers≫ . Rolling Stone . Henta 13. februar 2009 .  
  19. Wyman 2002. s. 126
  20. ≪The Hollywood Palace≫ Arkivert 2008-12-28 ved Wayback Machine . , TV.com
  21. Wyman 2002. s. 128-129
  22. Wyman 2002. s. 137
  23. Wyman 2002. s. 154
  24. 24,0 24,1 Ian McPherson. ≪The Rolling Stones' Complete Discography≫ . Henta 30. mars 2008 .  
  25. Wyman 2002. s. 158
  26. Wyman 2002. s. 159
  27. Wyman 2002. s. 164-165, s. 171
  28. Wyman 2002. s. 166
  29. Wyman 2002. s. 187
  30. Wyman 2002. s. 195
  31. Wyman 2002. s. 256
  32. Mark Paytress: 'The Rolling Stones: Off The Record' (Omnibus Press, 2003), s. 116
  33. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 112
  34. Wyman 2002. s. 264-265
  35. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 113
  36. Wyman 2002. s. 268
  37. Wyman 2002. s. 278-282
  38. Janovitz, Bill. The Rolling Stones "We Love You" . allmusic . 2007
  39. Wyman 2002. s. 292-293, s. 299
  40. Wyman 2002. s. 290
  41. Wyman 2002. s. 296-298
  42. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 114
  43. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 128
  44. The Stones in the Park - DVD - Network Studios (1969)
  45. Burks, John, "Rock & Roll's Worst Day: The aftermath of Altamont" Arkivert 2007-11-01 ved Wayback Machine ., Rolling Stone , 1970
  46. Bangs, Lester. "The Rolling Stones: Get Yer Ya-Ya's Out" Arkivert 2006-11-09 ved Wayback Machine .. Rolling Stone . 12. november 1970
  47. "Sticky Fingers" allmusic
  48. "Reviews - The Rolling Stones" Robert Christgau
  49. "Exile on Main St." Arkivert 2021-02-17 ved Wayback Machine . AMG , 2007.
  50. Erlewine, Stephen Thomas. The Rolling Stones "Goats Head Soup" . allmusic . 2007
  51. Wyman 2002. s. 408
  52. Wyman 2002. s. 361
  53. Wyman 2002. s. 412
  54. "Mick Taylor Biography" allmusic
  55. Gary James. ≪Gary James' Interview With Mick Taylor of the Rolling Stones≫ . Henta 13. februar 2009 .  
  56. Smith, Curtis. "Why Mick Taylor Quit the Stones" Arkivert 2017-08-16 ved Wayback Machine . micktaylor.net
  57. 57,0 57,1 Sandford, Christopher. Keith Richards: Satisfaction , Caroll & Graf: New York, 2003, s. 227
  58. Greenspan, Edward (editor), Regina v. Richards 49 C.C.C. (2d), Canadian Criminal Cases (1980), Canada Law Book. s. 518
  59. Sandford, Christopher. Keith Richards: Satisfaction , Caroll & Graf: New York, 2003, s. 225
  60. 60,0 60,1 Greenspan, Edward (editor), Regina v. Richards 49 C.C.C. (2d), Canadian Criminal Cases (1980), Canada Law Book. s.517-527
  61. Sandford, Christopher. Keith Richards: Satisfaction , Caroll & Graf: New York, 2003, s. 232-3, 248-250
  62. 62,0 62,1 Erlewine, Stephen Thomas. ≪Some Girls≫ . AMG . Henta 13. februar 2009 .  
  63. Nico Zentgraf. ≪The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008≫ . Henta 23. februar 2008 .  
  64. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 247
  65. Alive and kicking
  66. "Q - 50 Bands You Must See Before You Die" rocklist.net , september 2002
  67. "Stones 'slate Bush' in album song" BBC News , 2005.
  68. [1] CNN News , 2005
  69. "Keith Richards og the Fiji Fall The mystery deepens" Arkivert 2006-09-29 ved Wayback Machine . Uncut
  70. ≪Kiwi Doctor Rolls with the Stones≫ . Sunday Star Times. 10. februar 2008.  
  71. "Stones Roll Over U2 To Claim Highest Grossing Concert Tour" Arkivert 2012-01-18 ved Wayback Machine . All Headline News , 29. november 2006
  72. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. pg. 41
  73. ≪Tell Me≫ allmusic
  74. 74,0 74,1 Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 85
  75. Jagger, Richards, Watts, Wood 2003. s. 95

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]