MTV

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

MTV ( Music Television ) er ein amerikansk musikk-tv-kanal basert i New York . Han vart lansert 1. august 1981 for spele musikkvideoer pa lufta med kjente VJ-ar.

Michael Jackson var den første svarte artisten som viste musikkvideoane sine pa MTV . Takket vere Jackson, vart MTV til noko heilt anna. [1] MTV kom med ei kunngjering i 2009 der dei sa: ≪MTV laga ikkje Michael Jackson , han laga oss. Ingen andre rocka VMA som han gjorde! Full respekt fra MTV≫ [2]

John Lack som leia opningsshowet sa følgjande ≪Ladies and gentlemen, Rock and Roll≫, og den første musikkvideoen som vart spelt var The Buggles med ≪ Video Killed the Radio Star ≫. Den andre videoen som vart spelt, og som ikkje vart like kjend, var Pat Benatar med ≪You Better Run≫.

I dag spelar MTV eit avgrensa utval av musikkvideoer , noko ein og kan sja pa MTV Norge . Utover 1990-talet vart det satsa meir pa seriar og røyndomsdrama retta mot tenaringar og unge vaksne. Dette auka ytterlegare etter millenniumskiftet , noko som gjekk pa kostnad av kanalen sine musikkvideoar. I 2010 avgjorde kanalen seg a distansere seg fra omgrepet ≪Music Television≫, men ville likevel halde det gamle namnet. MTVs sin marknadssjef Tinte Exarhos uttalte i den samanhengen at: ≪ Dei som ser pa kanalen i dag refererer ikkje til MTV som ein musikkanal. Det har ikkje lenger den same emosjonelle sambandet ≫. [3]

Sidan lanseringen har MTV revolusjonert musikkbransjen med slagord som ≪Eg vil ha min MTV≫, noko som har vorte eit særs kjent slagord, og er mykje brukt pa folkemunnane. Konseptet med Video Jockey vart populært, og ideen om ein dedikert video-basert stikkontakt for musikk vart lansert, og bade artistar og fans fann ein sentral stad for musikkarrangement, nyhende og tilbod. MTV har og vore referert utalde gonger i populærkulturen av musikarar, andre TV-kanalar og-program, filmar og bøker.

MTV har seinare skapt mange systerkanalar i USA og tilslutta kanalar internasjonalt, mellom dei MTV Noreg og MTV Europe . Den moralske innverknaden pa unge menneske, inkludert døme pa sensur og sosial aktivisme, har vore grunnlag for debatt i mange ar. Avgjersla til MTV om a fokusere meir pa røyndomsdrama har og skapt debatt sidan 1990-talet .

MTV2 [ endre | endre wikiteksten ]

1. august 1996 var oppstarten for MTV2, med opphavleg mal om a spele musikkvideoer kontinuerleg utan reklameavbrot, sidan MTV hadde byrja a dreie innhaldet mot program som ikkje var musikkrelaterte. Dette vart endra pa slutten av 2002, og i dag viser dei musikkvideoer, musikkrelaterte program og program som er pop- og ungdomskultur-relaterte. Malgruppa er tenaringar og personar tidleg i 20-ara.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]