Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Pieter Willem Botha
(
12. januar
1916
–
31. oktober
2006
), til vanleg omtala
P.W. Botha
, var statsleiar i
Sør-Afrika
fra 1978 til 1989. Han var statsminister fra 1978 til 1984 og fra 1984 til -89 den fyrste presidenten i landet med utøvande makt.
Botha vart vald inn i nasjonalforsamlinga i 1948, der han markerte seg som ein skarp motstandar av fleirtalsstyre. Han kom til makta etter omfattande demonstrasjonar mot
apartheid
-politikken. Enkelte sma politiske reformer stagga det svarte folkefleirtalet lite, og Botha vidareførte eit hardstyre der regjeringa og andre statsmakter gjorde seg skuldige i vald mot menneskerettane. Etter eit slagtilfelle trekte Botha seg som leiar av Nasjonalistpartiet i februar 1989. Seks manader seinare vart han ogsa tvinga til a forlate presidentstolen.
Ved 1992-valet gjekk Botha mot etterfylgjaren, president
F.W. de Klerk
, og dreiv valkamp for framhaldande apartheid-styre. Han fordømde De Klerk-regjeringa som uansvarleg ved a opne døra til fleirtalsstyre. I 1998 nekta Botha a vitne til Sannings-kommisjonen, noko han vart bøtelagd for og dømd til betinga fengsel for brot pa menneskerettane.