Nord-Makedonia
(
makedonsk
: Северна Македони?а,
Severna Makedonija
;
albansk
:
Maqedonia e Veriut
), offisielt
Republikken Nord-Makedonia
(
makedonsk
: Република Северна Македони?а,
Republika Severna Makedonija
;
albansk
:
Republika e Maqedonise se Veriut
), er eit land pa
Balkan
søraust i
Europa
som grensar til
Serbia
og
Kosovo
i nord,
Hellas
i sør,
Albania
i vest og
Bulgaria
i aust.
Nord-Makedonia utgjer om lag 35,8 % av heile
regionen Makedonia
og 40,9 % av innbyggjartalet. Hovudstaden er
Skopje
med om lag 500 000 innbyggjarar. Av andre mindre byar finn ein
Bitola
,
Kumanovo
,
Prilep
,
Tetovo
,
Ohrid
,
Veles
,
Sjtip
,
Kotsjani
,
Gostivar
og
Strumitsa
. Landet har meir enn femti naturlege og kunstige innsjøar og seksten fjell høgare enn 2 000 meter over havet.
Landet er medlem av
Dei sameinte nasjonane
og
Europaradet
, i tillegg til
La Francophonie
,
Verdshandelsorganisasjonen
(WTO) og
Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa
. Sidan desember 2005 har landet og vore ein kandidat for
EU
og
NATO
.
Etter at Nord-Makedonia vart ein sjølvstendig stat, vart det ueinigheit om kva landet kunne fa lov til a heite. Den makedonske namnekonflikten hende ettersom Hellas ikkje tillet landet hadde namnet "Makedonia" fordi
Makedonia i Hellas
er eit omrade nord i
Hellas
, og Hellas meinte at Makedonia er eit
gresk
namn. Som eit kompromiss vart republikken Makedonia i 1993 anerkjend av
Dei sameinte nasjonane
under namnet ≪the former Yugoslav Republic of Macedonia≫, FYROM (norsk:
Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia
) og (makedonsk: Πоранешна ?угословенска Република Македони?а, Poranesjna Jugoslovenska Republika Makedonija).
[1]
I 2019 inngjekk Hellas og Nord-Makedonia eit kompromiss som innebar at Hellas anerkjente landet mot at det tok namnet "Nord-Makedonia". I februar 2019 endra landet namn fra "Republikken Makedonia" (
Republika Makedonija
) til "Republikken Nord-Makedonia" (
Republika Severna Makedonija
).
Nord-Makedonia er omgjeve av land og er geografisk klart definert av ein sentral dal der elva
Vardar
renn gjennom med fjellkjeder pa kvar side av dalen.
Det meste av terrenget i republikken er kupert. I vest ligg fjellkjeda
?ar Planinia
, medan
Osogovo
ligg i aust. Dei tre store innsjøane
Ohridsjøen
,
Prespasjøen
og
Dojransjøen
ligg heilt sør i landet og grensa til Albania og Hellas gar gjennom desse. Ohridsjøen vert rekna som ein av dei eldste innsjøane og
biotopane
i verda
[2]
. Regionen er seismisk aktiv og har hatt særs kraftige jordskjelv gjennom tidene. Det siste store jordskjelvet i landet raka Skopje i 1963 og tok livet av over tusen innbyggjarar.
Nord-Makedonia har eit klima som er ganske likt
Sentral-Europa
med kalde vintrar og varme somrar. Sommaren er den vataste tida pa aret, men har meir sol og er tørrare enn t.d.
Albania
i vest. Vinteren er og tørrare, kaldare og meir
skya
enn Albania. Mykje av landet er fjellomrade og høgareliggande omrade, som kan fa ein god del
snø
.
Skopje
har ein nedbørsnormal pa 508 mm i aret.
|
Interaktivt kart over Nord-Makedonia
|