Ljubljana
|
Utsyn over Ljubljana
Foto: Kjetil Ree
|
|
Byvapenet til Ljubljana
|
|
Plassering
|
Ljubljana pa kartet over Slovenia
|
Styresmakter
|
Land
|
Slovenia
|
Først nemnd i
|
1144
|
Geografi
|
Flatevidd
- By
|
275 km²
|
Innbyggjarar
- Totalt (2007)
- folketettleik
|
267 920
974,3 /km²
|
Koordinatar
|
46°03′5″N
14°30′20″E
/
46.05139°N 14.50556°E
/
46.05139; 14.50556
|
Tidssone
- Ved sommartid
|
CET
(
UTC
+1)
CEST (
UTC
+2)
|
Diverse annan informasjon
|
Retningsnummer (tlf)
|
01
|
Bilnummer
|
LJ
|
Nettstad:
www.ljubljana.si
|
Ljubljana
(
tysk
Laibach
) er
hovudstaden
i
Slovenia
og den største byen i landet. Han har om lag 270 000 innbyggjarar. Ljubljana er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i landet. Gjennom historia har byen vorte prega av a ligge i overgangssonen mellom germansk, latinsk og slavisk kultur.
Byen ligg sentralt i Slovenia ved elva
Ljubljanica
, 10 kilometer fra denne elva sitt utløp i elva
Sava
.
Rundt ar 2000 f.Kr. vart
Ljubljanamyrene
busett av folk som heldt til i trebygg pa palar. Desse menneska levde av jakt, fiske og primitivt jordbruk. For a kome seg rundt i myrene nytta dei kanoar laga av uthola trestammer. Seinare ko mange forskjellige stammer og folk gjennom omradet.
[1]
Landet vart først kolonisert av
venetarar
, etterfølgd av dei
illyriske
japodarane. Pa 2000-talet kom sa den
keltiske
stamma
tauriskarar
.
[1]
Rundt ar 50 f.Kr. bygde
romarane
ein militærleir som seinare vart den permanente busetnaden Iulia Aemona (
Emona
).
[2]
Denne festninga vart okkupert av
Legio XV Apollinaris
.
[3]
I 452 vart han øydelagd av
hunarar
etter ordre fra
Attila
,
[2]
og seinare av
austgotarar
og
langobardar
.
[4]
Emona hadde fem-seks tusen innbyggjarar og spelote ei viktige rolle i mange av desse slaga. Mursteinshusa i forskjellige fargar var alt knytt til eit felles dreneringssystem.
[2]
Pa 500-talet flytta stamfedrane til
slovenarane
til omradet. Pa 800-talet kom dei under
frankisk
dominans, medan dei stadig vart angripe av
madjarane
.
[5]
Namnet pa byen,
Luwigana
, dukka for første gong opp i skriftlege kjelder i 1144.
[4]
Pa 1200-talet var byen delt inn i tre sonar:
Stari trg
(≪Gamleplassen≫),
Mestni trg
(≪Byplassen≫) og
Novi trg
(≪Nyeplassen≫).
[5]
I 1220 fekk Ljubljana bystatus og rettar til a prege sine eigne myntar.
[5]
I 1270 vart
Krain
og Ljubljana erobra av kong
Ottokar II av Bohmen
.
[5]
Da han igjen vart slatt av
Rudolf av Habsburg
,
[4]
tok sistnemnte byen i 1278.
[5]
Han fekk namnet
Laibach
og vart verande under
huset Habsburg
fram til 1797.
[4]
Det romersk-katolske
bispedømet Ljubljana
vart oppretta i 1461 og
St. Nicholas-kyrkja
vart ei domkyrkje.
[5]
Pa 1400-talet vart Ljubljana kjend for kunsten som vart produsert her. Etter eit jordskjelv i 1511 vart byen bygd opp att i
renessansestil
, og det vart bygt ein ny mur rundt han.
[6]
Pa 1500-talet hadde byen rundt 5000 innbyggjarar. 70 % av dei hadde
slovensk
som morsmal, medan resten hadde tysk.
[6]
I 1550 vart dei to første bøkene skrivne i Slovenia gjevne ut her. Det var ei
katekisme
og ein
abecedarium
, etterfølgd av ei omsetjing av
Bibelen
. Pa denne tida hadde
reformasjonen
samla seg rundt byen. FLeire viktige lutherske forkynnarar levde og arbeidde rundt og i Ljubljana, som
Primo? Trubar
,
Adam Bohori?
og
Jurij Dalmatin
. Pa denne tida vart den første vidaregaande skulen, offentlege biblioteket og trykkeriet opna i Ljubljana.
[6]
Ljubljana vart dermed det klart fremste senteret for
slovensk kultur
, ein posisjon byen har halde pa sidan. I 1597 kom
jesuittar
til byen og oppretta ein ny vidaregaande skule, som seinare vart eit universitet. Pa slutten av 1600-talet dukka det opp
barokk arkitektur
da utanlandske arkitektar og skulptørar kom hit.
[6]
Under
napoleonskrigane
vart Ljubljana fra 1809 til 1813 hovudstad i
Dei illyriske provinsane
.
[4]
[7]
I 1815 kom byen igjen inn under austerrikarane, og fra 1816 til 1849 var han ein del av
Kongedømet Illyria
. I 1831 var han vertskap for
Laibachkongressen
, der dei politiske landegrensene i Europa dei neste ara vart fastsett.
[8]
Det første toget kom til byen i 1849 fra
Wien
, og i 1857 vart toglinja strekt vidare til
Trieste
.
[7]
Ljubljana fekk elektrisk straum i 1898.
[7]
I 1895 vart Ljubljana, som da hadde 31 000 innbyggjarar, raka av eit kraftig jordskjelv som malte 6,1 pa
richterskalaen
. 10 % av dei 1400 bygningane i byen vart øydelagde, men det gjekk fa menneskeliv med i katastrofen. Under gjenoppbygginga som følgde vart mange av bydelane bygd opp i
Art Nouveau
-stil.
[7]
I 1918, etter
den første verdskrigen
var over og
Austerrike-Ungarn
vart oppløyst, vart regionen ein del av
Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar
(seinare
Jugoslavia
).
[4]
[9]
I 1929 vart Ljubljana hovudstaden i
Drava Banovina
, ein provins i
Kongedømet Jugoslavia
.
[10]
I 1941, under
den andre verdskrigen
, okkuperte
Italia
byen, etterfølgd av
Nazi-Tyskland
i 1943.
[9]
I Ljubljan klarte okkupasjonsstyrkane a bygge sterke skansar og kommandosentralar for
Quisling
-organisasjonar før italienarane kom,
den antikommunistiske frivillige militsen
under Italia og
Heimegarden
under den tyske okkupasjonen. Byen vart omgjeve av 30 km lange
piggtradgjerder
for a hindre samarbeid mellom motstandsrørsla (
Frigjeringsfronten til det slovenske folket
) i byen og
jugoslaviske partisanar
som opererte utanfor gjerda. Sidan 1985 har ein sti der gjerdet ein gong gjekk gatt rundt heile byen.
[11]
.
Etter den andre verdskrigen vart Ljubljana hovudstad i
Sosialistrepublikken Slovenia
, ein del av
Jugoslavia
, fram til 1991 da Slovenia fekk sjølvstende. Ljubljana vart verande hovudstad i Slovenia, som kom med i
EU
i 2004.
[9]
- ↑
1,0
1,1
≪The First Settlers of Ljubljana≫
.
- ↑
2,0
2,1
2,2
≪The Times of the Roman Emona≫
.
- ↑
Hildegard Temporini og Wolfgang Haase,
Aufstieg und Niedergang der romischen Welt
. de Gruyter, 1988.
ISBN 3-11-011893-9
.
Google Books, s.343
- ↑
4,0
4,1
4,2
4,3
4,4
4,5
Daniel Mallinus,
La Yougoslavie
, Ed. Artis-Historia, Brussels, 1988, D/1988/0832/27, s. 37-39.
- ↑
5,0
5,1
5,2
5,3
5,4
5,5
≪Ljubljana in the Middle Ages≫
.
- ↑
6,0
6,1
6,2
6,3
≪Reformation og Counter-reformation; Renaissance and Baroque≫
.
- ↑
7,0
7,1
7,2
7,3
≪Ljubljana in the 18th and 19th Centuries≫
.
- ↑
≪Introducing Ljubljana≫
.
- ↑
9,0
9,1
9,2
≪The Turbulent 20th Century≫
.
- ↑
≪Dans la Yougoslavie des Karageorgevitch≫
(pa fransk).
- ↑
≪The Path of Remembrance and Comradeship≫
(PDF)
.
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Ljubljana