Attila

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Attila

Fødd
Fødestad Kaukasia
Død 453
Dødsstad Pannonia
Far Mundzuk
Ektefelle Kreka , Ildico , Eskam's daughter
Barn Ellac , Dengizich , Ernak , Prince Csaba

Attila ( 406 453 ), og kjend som Atle , var keisaren over hunarane fra ar 434 til han døydde i 453. [1] Han var leiar av Hunarriket som strekte seg fra nordsida av Kaukasus til Rhinen . Sentrum i riket lag pa dei langstrekte slettene mellom Donau og Tisza . [2]

I løpet av styringstida si truga Attila fyrst Austromarriket , dinest Vestromarriket . I 451 leidde han eit felttog i vest, men vart stogga av romerske hærstyrkar under Flavius Aetius i slaget pa Katalaunarmarka (i dagens Nordaust-Frankrike). Aret etter for han nedover den grøderike Po-sletta og hærtok byar som Bergamo , Mantova og Milano . [3] Sidan drog han seg attende, moglegvis pa oppmoding fra paven .

Attila var illgjeten for despotisk framferd og eit hardt styresett. Han vart omtala som ≪Guds svepe≫, av di folk i samtida meinte at han vart send som ein straffedom fra Gud. [4] Han døydde under mystiske omstende morgonen etter sitt eige giftarmal med den burgundiske kongsdottera Ildico. Nokre historikarar har hevda at det var brura som tok livet av han. Etter at Attila var død gjekk riket hans i oppløysing. [2]

I tysk og nordisk dikting er han kjent som Atle eller Etzel. [2]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  • Attila (1985). I Damms store leksikon bd. 2. (s. 172). Oslo: Damm.

Fotnotar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Imsen, S.; Seland Heldaas, E. ≪hunere≫ . Store norske leksikon . Henta 25. november 2023 .  
  2. 2,0 2,1 2,2 ≪Attila≫ . Store norske leksikon . Henta 25. november 2023 .  
  3. Heather, P. (2007). The Fall of the Roman Empire: A New History of Rome and the Barbarians . Cary: Oxford University Press. s. 340. ISBN   9780195325416 .  
  4. Bailey, A; Reit, S. (1969). Vesterlandene i middelalderen . Allers verdenshistorie 6 (Oslo: Allers). s. 442.