한국   대만   중국   일본 
Jidda ? Wikipedia Hopp til innhald

Jidda

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jidda
???
by
Motto: Jidda er annleis
Kallenamn: Brura ved Raudehavet
Land   Saudi-Arabia
Provins Mekka
Høgd 12  moh.
Koordinatar 21°32′36″N 39°10′22″E  /  21.54333°N 39.17278°E  / 21.54333; 39.17278
Areal 1 600  km²
Folketal 3 400 000   (2007) [1]
Folketettleik 2 125 / km²
Grunnlagd 500-talet fvt.
Borgarmeister Hani Abu Ras [2]
Tidssone AST ( UTC+3 )
 - Sommartid AST ( UTC+3 )
Retningsnummer +966-12
Verdsarvstad
Namn Historiske Jidda, porten til Mekka
Ar 2014 (#38)
Nummer 1361
Region Midtausten
Kriterium ii, iv, vi
Kart
Jidda
21°32′34″N 39°10′22″E  /  21.542777777778°N 39.172777777778°E  / 21.542777777778; 39.172777777778
Wikimedia Commons: Jeddah

Jidda (stundom Jeddah , Jiddah eller Jedda? ; arabisk ???, Jiddah eller Jaddah , uttalt ?d?edda, ?d?idda ) er ein by i regionen Hijaz Tihamah ved kysten av Raudehavet og er eit stort bysentrum vest i Saudi-Arabia . Han er den største byen i Mekka-regionen , den største hamnebyen ved Raudehavet, og den nest største byen i Saudi-Arabia etter hovudstaden, Riyadh . Med eit folketal pa kring 3,4 millionar innbyggjarar, er Jidda eit viktig handelssenter i Saudi-Arabia.

Jidda er den viktigaste inngangsporten til Mekka , den mest heilage byen i islam , som muslimar som kan ma vitje minst ein gong i levetida si. Det er og ein inngangsport til den nest mest heilage staden i islam, Medina .

Økonomisk fokuserer Jidda pa a vidare utvikle store investeringar i leiarskap innan forsking og ingeniørvitskap i Saudi-Arabia og Midtausten. [3] Jidda vart rangert pa fjerdeplass i Afrika ? Midtausten -regionen innan nyskaping i 2009. [4]

Jidda er ein av dei viktigaste feriebyane i Saudi-Arabia og har status som verdsby hos Globalization and World Cities Study Group and Network (GaWC). Sidan byen ligg nær Raudehavet, dominerer fisk og sjømat matkulturen, i motsetnad til andre delar av landet. Byen vert skildra som ≪annleis≫ av dei fleste saudiarabarane i eit forsøk pa a fremje turisme i byen, og han har tidlegare vorte rekna som den ≪mest opne≫ byen i Saudi-Arabia.

Historisk har Jidda vore kjend for vekslarane sine, og den største av desse (sjeik Salem Bin Mahfouz) grunnla den første banken i Saudi-Arabia, National Commercial Bank (NCB).

Etymologi [ endre | endre wikiteksten ]

Det finst minst to forklaringar til namneopphavet til Jidda , i følgje Jidda Ibn Al-Qudaa'iy, høvdingen i Quda'a-klanen. Den vanlegaste forklaringa er at namnet kjem fra ??? Jaddah , som er arabisk for ≪bestemor≫. I følgje austleg folketru ligg grava til Eva , fra Adam og Eva i Jidda. [5] Grava vart forsegla med betong av religiøse styresmakter i 1975, fordi somme muslimar bad ved staden.

Ibn Battuta (1304?1368), ein berbisk reisande, vitja Jidda under den store reisa si. Han skreiv at namnet pa byen var ≪Jiddah≫. [6]

Pa offisielle saudiarabiske kart og dokument vert namnet pa byen transkribert ≪Jidda≫, som i dag er den mest vanlege forma.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Jidda, midt pa 1800-talet.
Jidda i 1938

Før islam [ endre | endre wikiteksten ]

Utgravingar i gamlebyen indikerer at Jidda vart grunnlagd som ei fiskegrend i 522 fvt. av den jemenittiske Quda'a-stamma (??? ?????), som drog fra det sentrale Jemen for a busetje seg i Mekka [7] etter øydelegginga av Maribdammen i Jemen . [8]

Andre arkeologiske undersøkingar har synt at omradet tidlegare var busett av folk i steinalderen , da ein fann nokre thamudskifter i Wadi Briman (???? ??????), vest for byen, og Wadi Boweb (???? ????), nordvest for byen. Byen Jidda var ei viktig hamn for den nabateiske røykjelseshandelen . Den eldste mashrabiya som er funnen i Jidda er datert attende til før-islamsk tid.

Rashidun-kalifatt [ endre | endre wikiteksten ]

Jidda vart først viktig kring ar 647 evt., da den tredje muslimske kalifen , Uthman Ibn Affan (????? ?? ????), omgjorde byen til hamnebyen for Mekka i staden for Al Shoaiba sørvest for Mekka. [9] Sidan da har Jidda vore hovudbyen i den historiske provinsen Hijaz og ei historisk hamn for pilegrimar som kom sjøvegen under pilegrimsreisa hajj til Mekka.

Fatimidekalifatet [ endre | endre wikiteksten ]

I 969 evt. tok fatimidane fra Algerie kontroll over Egypt fra Ikhshididedynastiet og utvida riket sitt til omrada rundt, inkludert Hijaz og Jidda. Fatimidane utvikla eit omfattande handelsnettverk i bade Middelhavet og Indiahavet gjennom Raudehavet . Handelen og dei diplomatiske banda deira strekte seg heilt til Kina og Songdynastiet , som etter kvart sette den økonomiske kursen for Tihamah under høgmellomalderen .

Ajjubideriket [ endre | endre wikiteksten ]

Etter Saladin erobra Jerusalem utnemnde han seg sjølv i 1171 til sultan over Egypt, etter han oppløyste Fatimidekalifatet da al-Adid døydde. Slik oppretta han Ajjubidedynastiet . Ajjubidane erobra Hejaz, inkludert Jidda, som kom med i Ajjubideriket i 1177 under Sharif Ibn Abul-Hashim Al-Thalab (1094?1201). I løpet av den relativt korte levetida, førte ajjubidestyret til økonomisk velstand i omrada dei kontrollerte, og anlegga og vernet som ajjubidane gav, førte til at auka intellektuell aktivitet i den islamske verda . I denne perioden vart og sunnimuslimane langt meir dominerande i regionen og det vart oppretta mange madrasas (islamskular) i dei store byane deira. Jidda tiltrekte seg muslimske sjøfolk og handelsfolk fra Sindh , Søraust-Asia og Aust-Afrika , og andre fjerntliggande omrade.

Mamelukksultanantet [ endre | endre wikiteksten ]

Etter hendingane i Kairo i 1254 og oppløysinga av Ajjubideriket, vart Hijaz ein del av Mamelukksultanatet . Den portugisiske utforskaren Vasco da Gama , som segla rundt Kapp Det gode hap og over Indiahavet til kysten av Malabar og Calicut , gjekk til atak pa flatar som førte varer og muslimske pilegrimar fra India til Raudehavet , og jaga skrekk inn i dei kringliggande makthavarane. Prinsane i Gujarat og Jemen bad Egypt om hjelp. Sultanen Al-Ashraf Qansuh al-Ghawri utrusta sa ein flate pa 50 fartøy under admiralen sin, Hussein kurdaren . Det vart etter kort tid bygd ein steinmur i Jidda med hjelp av tvangsarbeid, som ei hamn for folk som flykta fra portugisarane, slik at Arabia og Raudehavet vart verna. Delar av bymuren star framleis i dag i gamlebyen . Sjølv om portugisarane vart drivne bort fra byen, tok dei flatane som segla i Indiahavet . Dette synte seg mellom anna i slaget ved Diu mellom portugisarane og dei arabiske mamelukkane. Gravplassen til den portugisiske soldatane ligg framleis i gamlebyen i dag og vert omtalt som Dei kristne gravene. [10]

Det osmanske riket [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sja Hejaz vilayet .
Den osmanske admiralen Selman Reis forsvarte Jidda mot eit portugisisk atak i 1517.

I 1517 erobra dei osmanske tyrkarane Mamelukksultanatet i Egypt og Syria, under regjeringstida til Selim I . [11] Sidan omrada til Mamelukksultanatet omfatta Hijaz, hamna Jidda og den heilage byen Mekka under osmansk styre. Osmanarane ombygde dei svake murane i Jidda i 1525 etter sigeren deira over armadaen til Lopo Soares de Albergaria i Raudehavet. Den nye tyrkiske muren bestod av seks vakttarn og seks byportar . Dei vart bygde for a forsvare mot eit portugisisk atak. Av dei seks portane var Mekkaporten den austlege og Al-Magharibahporten den vestlege. Sharifporten vendte mot sør. Dei andre portane var Al-Buntporten, Al-Shamporten (og kalla Al-Sharafporten) og Medinaporten mot nord. [12] Tyrkarane bygde og Jidda qishla , ei lita borg for soldatane i byen. Pa 1800-talet vart dei sju portane minimerte til fire enorme portar med fire tarn. Desse enorme portane var Shamporten i nord, Mekkaporten i aust, Sharifporten i sør og Al-Magharibahporten pa sjøsida.

Ahmed Al-Jazzar , den osmanske militære som hovudsakleg er kjend for rolla si i omleiringa av Akko , var i starten av karrieren sin i Jidda. I Jidda i 1750, tok han livet av kring 70 opprørske nomadar som hemn for at dei hadde teke livet av kommandanten hans, Abdullah Beg, og han fekk kallenamnet ≪Jezzar≫ (slaktaren).

Den 15. juni 1858 var det opprør i byen, som ein trur vart starta av den tidlegare politisjefen som ein reaksjon til den britiske politikken i Raudehavet. Dette førte til ein massakre av 25 kristne, inkludert den britiske og den franske konsulen, familiemedlemmane deira og rike, greske handelsmenn. [13] Den britiske fregatten HMS ≪Cyclops≫ , ankra opp i hamna og bombarderte byen i to dagar for a fa attende lov og orden. [14]

Den første saudiarabiske staten og den osmansk-saudiarabiske krigen [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sja den osmansk-saudiarabiske krigen .

I 1802 erobra Nejdi-styrkar bade Mekka og Jidda fra osmanarane. Da sharif Ghalib Efendi informerte sultan Mahmud II om dette, gav sultanen den egyptiske statthaldaren Muhammad Ali Pasha om a ta attende byen. Muhammed Ali klarte a ta byen i slaget ved Jidda i 1813.

Fyrste verdskrigen og det hashemittiske kongedømet [ endre | endre wikiteksten ]

Mohammed Abu Zenada, ein av høvdingane i Jidda og radgjevaren til sharifen under overgjevinga til kong Abdulaziz Ibn Saud i 1925
For meir om dette emnet, sja det arabiske opprøret  og Kongedømet Hejaz .

Under fyrste verdskrigen , erklærte sharif Hussein bin Ali eit opprør mot Det osmanske riket , og søkte sjølvstyre fra dei osmanske tyrkarane for a skape ein enkel, samla arabisk stat som strekte seg fra Aleppo i Syria til Aden i Jemen .

Kong Hussein erklærte Kongedømet Hejaz . Seinare var Hussein involvert i ein krig med Ibn Saud , som var sultan i Nejd . Hussein abdiserte etter at Mekka falt i desember 1924, og sonen Ali bin Hussein vart den nye kongen.

Kongedømet Saudi-Arabia [ endre | endre wikiteksten ]

Kong Abdulaziz sit med Abdullah Ali Reda pa dagen han gjekk inn i Jidda i 1925.

Eit par manader seinare erobra Ibn Saud , som opphavleg kom fra den sentrale provinsen Nejd , Medina og Jidda via ein avtale med innbyggjarane i Jedda etter det andre slaget ved Jidda . Han avsette Ali bin Hussein , som flykta til Bagdad , og slo seg til slutt ned i Amman i Jordan , der etterkomarane hans vart ein del av den hashemittiske kongefamilien.

Jidda kom slik under styret til Al-Saud-dynastiet i desember 1925. I 1926 la Ibn Saud til tittelen konge av Hejaz til stillinga si som sultan av Nejd. I dag har Jidda mista den historiske rolla si i politikken pa halvøya, da Jidda vart lagt til den nye provinsen Mekka , der provinshovudstaden er byen Mekka .

Fra 1928 til 1932 vart det nye Khuzam-palasset bygd som den nye residensen til kong Abdul Aziz i Jidda. Palasset ligg sør for gamlebyen og vart bygd av ingeniøren Muhammed bin Laden. Etter 1963 vart palasset nytta som kongeleg gjestehus. Sidan 1995 har det husa Det regionale museet for arkeologisk og etnografi. [15]

Dei attverande murane og portane fra gamlebyen vart øydelagde i 1947. Ein brann i 1982 øydela somme eldgamle bygningar i sentrum av gamlebyen, kalla Al-Balad , men mykje er framleis bevart, trass i kommersielle interesser om a rive ned dei gamle husa og byggje moderne høghus. I 1979 vart gamlebyen undersøkt hus for hus og synte at det stod kring tusen tradisjonelle bygningar pa staden. I 1990 vart Departementet for bevaring av det historiske omradet i Jidda grunnlagd. [16] [17]

Den moderne byen har vokse kraftig utafor dei opphavlege grensene. Det utbygde omrade utvida seg hovudsakleg nordover langs kysten av Raudehavet, og nadde den nye flyplassen i 1990-ara, og sidan mot Ob'hurelva, kring 27 km fra sentrum av gamlebyen.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Kart over Jidda fra OpenStreetMap.

Jidda ligg pa den saudiarabiske kystsletta ved Raudehavet, kalla Tihamah , og i regionen Hijazi Tihama (arabisk ????? ??????), som er den lagare delen av Hijazfjella . Historisk, politisk, og kulturelt var Jidda ein storby i Hejaz vilayet , Kongedømet Hejaz og andre regionale, politiske einingar. Han er den 100. største byen i verda etter areal.

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Jidda har ørkenklima ( BWh ) i Koppen si klimaklassifisering . I motsetnad til andre saudiarabiske byar, har Jidda framleis høge temperaturar om vinteren, og kan varierer fra 15 °C om natta til 28 °C om ettermiddagen. Sommartemperaturane er særs høge, og nar ofte opp i 45 °C pa ettermiddagen og fell til 30 °C om natta. Det kjem særs lite nedbør i Jidda, og det vesle som kjem, kjem som regel i november og desember. Ein kan stundom fa kraftige torever om vinteren. Toreveret i desember 2008 var det største i manns minne, og det kom da kring 75 mm pa kort tid. Den lagaste temperaturen som er malt i Jidda var 11,0 °C i mars 1983. [18] Varmerekorden i Jidda er 49,0 °C fra 9. juni 1961. [18]

Det oppstar sandstormar pa sommaren, og stundom om vinteren, som kjem fra ørkenane pa Den arabiske halvøya eller fra Nord-Afrika .

Verdata for Jidda
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des Ar
Høgast malte °C 34,5 36 40,2 44,5 48,2 49 45 44 48 44,5 39 36 49
Gjennomsnittleg maks °C 29 28,8 31,1 33,4 35,4 36,9 37,6 37,2 36,1 35 32,3 29,8 33,6
Døgnmiddeltemperatur °C 25 23,5 25,1 27,6 29,6 30,3 32,4 32,1 30,7 29,1 27 24,7 28,1
Gjennomsnittleg min °C 21 18,4 20,1 22,1 24,1 24,9 26,3 27,1 25,9 23,8 22,2 19,9 23
Lagast malte °C 11,4 11,5 11 13,5 16,4 20 20,5 22 17 15,6 15 11,4 11
Gjennomsnittleg nedbør mm 13,9 5,6 1 5,1 1,5 0 0,2 0 0 2,4 11,9 11,9 53,5
Gns. luftfukt (%) 73 61 60 60 60 61 57 62 69 67 64 59 63
[ treng kjelde ]


Økonomi [ endre | endre wikiteksten ]

Mall of Arabia er det største kjøpesenteret i Jidda.

Jidda har lenge vore ein hamneby. Sjølv før han vart ein hamneby for Mekka, var Jidda eit handelssenter i regionen. Pa 1800-talet vart varer som perlemor, skjelpaddeskal, røykjelse og krydder ofte eksporterte fra byen. Utanom dette vart det importert mange varer til byen som skulle vidare til Suez, Afrika eller Europa. Mange varer som passerte gjennom Jidda var ikkje ein gong mogeleg a skaffe i byen eller i Arabia. [19]

Alle hovudstadane i Midtausten og Nord-Afrika ligg innafor ein to timar flytur fra Jidda, og han er det nest største kommersielle senteret i Midtausten etter Dubai. [20]

Industriomradat i Jidda er den fjerde største industribyen i Saudi-Arabia etter Riyadh , Jubail og Yanbu .

Kong Abdullah-gata [ endre | endre wikiteksten ]

Kong Abdullah-gata er ei av dei viktigaste gatene i Jidda og strekkjer seg fra Kong Fahd-vegen ved havet i vest til austenden av byen. Her ligg kontor for mange store selskap og mange butikkar.

Tahliyah-gata [ endre | endre wikiteksten ]

Tahaliyah-gata er ei viktig mote- og handlegate sentralt i Jidda. Her ligg mange dyre butikkar. Han har i nyare tid fatt namnet Prins Mohammad bin Abdul Aziz-vegen.

Kultur [ endre | endre wikiteksten ]

Religion [ endre | endre wikiteksten ]

Ei kvinne fra Jidda i tradisjonelle klede, 1873.

Dei fleste innbyggjarane er sunnimuslimar . Styret, rettsvesen og lovene følgjer sjariahlovene. Ein særs liten del av saudiarabiske borgarar er sjiamuslimar , og det finst og mange utanlandske arbeidarar som ikkje har lov til a følgje sine ikkje-islamske religionar, sjølv privat, men dette vert ikkje mykje handheva.

Byen har over 1 300 moskear . [21] Lova tillet ikkje noko anna enn religiøse bøker, ikon og uttrykk for religion. Men ein tolererer stundom privat religiøs praksis som ikkje involverer muslimar eller støyter almenta og offentleg moral.

Sidan 600-talet har Jidda vore vertskap for millionar av muslimske pilegrimar fra heile verda som er pa veg til hajj . Dette har hatt stor innverknad pa samfunnet, religionen og økonomien i Jidda. Det fører og med seg ein arleg risiko for sjukdom, som dei lokale kallar 'hajjisjukdomen', som er eit samleomgrep for forskjellige virussjukdomar.

Mat [ endre | endre wikiteksten ]

Saudiarabisk kabsa

Den multi-etniske folkesetnaden i Jidda har paverka dei tradisjonelle matvanane i Jidda.

Som i andre saudiarabiske byar er Nejd -retten kabsa populær i Jidda, ofte laga av kylling i staden for lam. Den jemenittiske retten mandi er og populær som lunsjmaltid. Mat fra Jidda er og populært som mabshoor, mitabbak, foul, areika, hareisa, kabab meiroo, shorabah hareira (hareirasuppe), migalgal, madhbi (kylling grilla pa stein), madfun (tyder ≪gravlagd≫), magloobah, kibdah, manzalah (vanlegvis eten under Eid ul-Fitr ), ma'asoob, magliya (ein lokal versjon av falafel ), saleeig (ein lokal rett laga av mjølkeris), hummus , biryani, ruz kabli, ruz bukhari og saiyadyia. Dette far ein servert i mange tradisjonelle restaurantar i byen, som Althamrat, Abo-Zaid, Al-Quarmooshi, Ayaz og Hejaziyat.

Grilla matrettar som shawarma , kofta og kebab har ein god marknad i Jidda. Under ramadan , er sambousak og ful særleg populære som kveldsmaltid.

Den mest populære, lokale hurtigmatkjeden, som starta i 1974, er Al Baik , med restaurantar i Jidda og nabobyane Mekka, Medina og Yanbu. Hovudretten deira er grilla kylling, som i Jidda vanlegvis blir kalla ≪Brost≫, og mykje forskjellig sjømat. [22]

Indisk, pakistansk og anna asiatisk mat er og populært. Ein kan og finne somme italienske, franske og amerikanske restaurantar.

Friluftskunst [ endre | endre wikiteksten ]

Under oljeboomen i 1970- og 1980-ara vart det auka fokus pa a sette ut kunst i dei offentlege omrada i Jidda. Jidda har derfor mange moderne friluftsskulpturar og kunstverk, ofte i rundkøyringane. Her finst kunstverk av Jean/Hans Arp , Cesar Baldaccini , Alexander Calder , Henry Moore , Joan Miro og Victor Vasarely . Dei syner ofte tradisjonelle saudiarabiske ting som kaffikanner, røykjelsesbrennarar, palmetre osv. Sidan islamsk tradisjon forbyr avbilding av levande vesen, særleg menneske, har det oppstatt mykje kreativ, og stundom bisarr, kunst. Dette omfattar eit gigantisk geometrisett, ein enorm sykkel, og ei stor blokk med betong med bilar som kjem ut i forskjellige vinklar. Ein monumental skulptur av Aref Rayess er tileigna Allah (Gud).

Museum og samlingar [ endre | endre wikiteksten ]

Det finst kring eit dusin museum eller samlingar i Jidda med forskjellige utdanningsmal. [23] Desse omfattar Jidda regionale museum for arkeologisk og etnografi, driven av Visedepartementet for antikvitetar og museum, Jidda kommunale museum, Nasseef-huset , Menneskearvmuseet, det private Abdul Rauf Hasan Khalil-museet og det private Kunstarvmuseet.

Media [ endre | endre wikiteksten ]

I Jidda ligg kontra til fire store arabiskspraklege aviser, Asharq Al-Awsat , Al Madina , Okaz og Al Bilad , i tillegg til to store engelskspraklege aviser, Saudi Gazette og Arab News . Okaz og Al-Madina er dei største avisene i Jidda og somme andre saudiarabiske byar, med over ein million lesarar. Fokuset deira er hovudsakleg lokalt.

Jidda representerer det største radio- og fjernsynsmarknaden i Saudi-Arabia . TV-stasjonar som tener byen og omradet er mellom andre Saudi TV1, Saudi TV2 , Saudi TV Sports , Al Ekhbariya , ART channels network og hundrevis av kabel, satellitt og andre spesial-TV-kanalar.

Jidda TV-tarn er eit 250 meter høgt TV-tarn med ein observasjonsplattform .

Al-Balad (Jidda sentrum)

Hotell [ endre | endre wikiteksten ]

Byen har fleire popuære ferieanlegg, som Durrat Al-Arus , Al-Nawras Movenpick ved Raudehavet, Crystal Resort, Radisson Blu, Signature Al Murjan Beach Resort, Al Nakheel Village, Sands, og Sheraton Abhur. Mange er kjende for bevaringa deira av sjølivet og korallreva i Raudehavet.

Konsultatet [ endre | endre wikiteksten ]

Eit av to amerikanske konsultat i Saudi-Arabia ligg i Jidda, i tillegg til konsultat for 67 andre land, som Afghanistan , Storbritannia , Indonesia , Frankrike , Tyskland , Hellas , Tyrkia , Filippinane , India , Pakistan , Bangladesh , Italia , Russland og Folkerepublikken Kina , i tillegg til land i Organisasjonen for islamsk samarbeid og Den arabiske ligaen .

Utdanning [ endre | endre wikiteksten ]

I 2005 hadde Jidda 849 offentlege og private skular for mannlege elevar og 1 179 offentlege og private skular for kvinnelege elevar. [24]

Av universitet og høgskular i Jidda finn ein:

Transport [ endre | endre wikiteksten ]

King Abdulaziz internasjonale flyplass
Jidda hamn
Kong Abdullah-gata

Flyplass [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sja King Abdulaziz International Airport .

Jidda vert tent av King Abdulaziz internasjonale flyplass. Flyplassen har fire passasjerterminalar. Ein av dei er Hajj-terminalen, ein spesiell utandørsterminal dekt av store, kvite telt, som vart bygd for a ta i mot dei meir enn to millionar pilegrimane som passerer gjennom flyplassen under hajj . Sør-Terminalen er brukt av Saudia og Flynas , medan Nord-terminalen tener utanlandske flyselskap. Det er planar om a utvide flyplassen. Den kongelege terminalen vert nytta for viktige gjester, utanlandske statsoverhovud og den saudiarabiske kongefamilien. Ein del av flyplassen, King Abdullah flybase, vart nytta av koalisjonen sine B-52 bombefly under Operasjon Desert Storm i 1991.

Hamn [ endre | endre wikiteksten ]

Jidda hamn er den 32. travlaste hamna i verda (2008). Han tar hand om det meste av handelen ut fra Saudi-Arabia.

Venskapsbyar [ endre | endre wikiteksten ]

Jidda har 35 venskapsbyar .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Population≫ . Statistical Yearbook 47 (2011) . Central Department Of Statistics & Information . Henta 15. november 2013 .  
  2. ≪Abu Ras promises new Jidda≫ . Saudigazette.com.sa. 19. august 2010. Arkivert fra originalen 14. desember 2014 . Henta 16. desember 2015 .  
  3. arkivkopi , arkivert fra originalen 1. juli 2012 , henta 17. desember 2015  
  4. ≪2thinknow Innovation Cities™ Emerging 11 Index 2009 - Middle East, Afrika and Former USSR States | 2009≫ . Innovation-cities.com. 12. november 2009 . Henta 16. desember 2015 .  
  5. Jayussi, Salma; Man??r Ibr?h?m ??zim?; ?Izzat ibn ?Abd al-Maj?d Kha???b Beyond the Dunes I B Tauris & Co Ltd (28. april 2006), s. 295. ISBN 978-1-85043-972-1 [1]
  6. Ibn Battota's Safari . Tuhfat Al-Nothaar Fe Gharaa'ib Al-Amsaar. Chapter: ≪From Cairo to Hejaz to Tunisia again≫. ISBN 9953-34-180-X
  7. History of Jidda. Ministry of hajj.
  8. ≪????? ???? - ??? ?????.. ????? ????≫ . Okaz.com.sa. Arkivert fra originalen 3. mars 2016 . Henta 16. desember 2015 .  
  9. alalamonline (10. mars 2010). ≪Alamlam Online≫ . alalamonline.net . Henta 16. desember 2015 .  
  10. ????? ???? (5. juni 2012). ≪????? ???? - ????? ???????≫ . Okaz.com.sa. Arkivert fra originalen 29. april 2013 . Henta 17. desember 2015 .  
  11. ≪History of Arabia.≫ Britannica.com.
  12. Mekka Gate in Jidda. Arkivert 2008-09-23 ved Wayback Machine . AsiaRooms.com.
  13. Caudill, Mark A. (2006). Twilight in the kingdom : understanding the Saudis . Westport, Conn.: Praeger Security International. s. 133. ISBN   9780275992521 .   |access-date= requires |url= ( hjelp )
  14. Bosworth, C. Edmund (2007). Historic cities of the islamic world . Leiden: Brill. s. 223. ISBN   9789004153882 . Henta 6. august 2015 .  
  15. Leaflet for Khuzam Palace Jidda, Deputy Ministry of Antiquities & Museums
  16. ≪Preserving Jidda's Historic Buildings.≫ Arkivert 2010-01-29 ved Wayback Machine . Saudi-Arabia , Winter 1999, Volume 15, Number 4. Information Office, Royal Embassy of Saudi-Arabia.
  17. The Biet Nassif in Jidda Arkivert 2009-02-21 ved Wayback Machine . at www.asiarooms.com
  18. 18,0 18,1 ≪Climate Normals for Jidda≫ . National Oceanic and Atmospheric Administration . Henta 17. desember 2015 .  
  19. Al-Sha'afi, Muhammad (1990). Foreign Trade of Juddah: During the Ottoman Period 1840-1916 . King Saud University.  
  20. Commerce of Jidda. Saudi Water & Power Forum.
  21. Report about number of mosques. [ daud lenkje ] Al-Sharq Al-Awsat Newspaper.
  22. ≪Al Baik fast food≫ . Albaik.com . Henta 17. desember 2015 .  
  23. Museums in Jidda Arkivert 2010-01-02 ved Wayback Machine . i www.asiarooms.com
  24. Statistical summary of education in Saudi-Arabia. Statistical Information Department of the Ministry of Education.
  25. Burak Sansal (20. november 2006). ≪Sister cities of Istanbul≫ . Greatistanbul.com. Arkivert fra originalen 27. mai 2009 . Henta 16. desember 2015 .  
  26. ≪Sister cities of Taipei≫ . Protocol.taipei.gov.tw. Arkivert fra originalen 18. juli 2011 . Henta 16. desember 2015 .  
  • Denne artikkelen bygger pa ≪ Jeddah ≫ fra Wikipedia pa engelsk , den 17. desember 2015.
  • Farsi, Hani M.S. (Mohamed Said). Jidda: city of art: the sculptures and monuments. London: Stacey International, 1991. ISBN 0-905743-66-0
  • Facey, William & Grant, Gillian. Saudi-Arabia by the First Photographers . ISBN 0-905743-74-1
  • Tarabulsi, Mohammed Yosuf. Jidda: A Story of a City . Riyadh: King Fahd National Library, 2006. ISBN 9960-52-413-2
  • John F. Keane. Six months in the Hejaz : journeys to Mekka and Madinah 1877-1989 . Manchester: Barzan Publishing, 2006. ISBN 0-9549701-1-X
  • Al-Khaldi, Ibrahim. The Bedouin Photographer - Al-Mosawwir Al-Badawi . Kuwait, 2004.
  • Badr El-Hage. Saudi-Arabia : caught in time 1861-1939 . Published by Garnet, Reading, 1997. ISBN 1-85964-090-7
  • Captain G. S. Froster. A trip Across the Peninsula - Rehla Abr Al-Jazeera . Mombai, India, 1866.
  • From Bullard to Mr Chamberlain . Jidda, 1925 Feb. (No.# secrets) - Archived Post.
  • Al-Rehani. Nejd and Its Followers .
  • Al-Turki, Thuraya. Jidda: Um Al-Rakha wal Sheddah . Published by Dar Al-Shrooq.
  • Al-Harbi, Dalal. King Abdulaziz and his Strategies to deal with events : Events of Jidda . King Abdulaziz National Library, 2003. ISBN 9960-624-88-9
  • Didier, Charles. Sejour Chez Le Grand-Cherif De La Mekke . Librairie De L. Hachette et, Rue Pierre.
  • Didier, Charles. Rehla Ela Al-Hejaz: A trip to Hejaz . Translated from ≪Sejour Chez Le Grand-Cherif De La Mekke≫ into arabisk. Paris, 1854. ISBN 9960-677-14-1

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jidda