Holocaust

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Statue til minne om barn som vart drepne i Holocaust. Utført av Janus Korczak og stilt ut i Yad Vashem i Israel
Utsvoltne fangar som døydde under ein tvungen marsj fra Dachau .

Holocaust er eit gresk ord som betyr brennoffer, og ordet blir sidan 1960-talet bruka som namn pa det folkemordet dei tyske nazistane gjorde mot europeiske jødar under andre verdskrigen . Det samtidige nazistiske folkemordet pa sigøynarane (roma, romani ) og dei medvitne drapa av ein vesentleg del av den slaviske folkesetnaden i det okkuperte Polen og dei okkuperte omrada av Sovjetunionen , blir av og til medrekna i omgrepet Holocaust. Alt dette heng i alle høve saman med den gjennomførte rasismen til nazistane.

Pa hebraisk blir ordet Shoah bruka om nazistane sitt forsøk pa total utrydding av dei europeiske jødane. Det tyder Katastrofen .

Om lag 6 millionar av dei rundt rekna 11 millionane jødar i Europa blei drepne i løpet av dei ca. fire ara sjølve folkemordsprogrammet mot jødane blei sett i verk. I somme land blei over 90 % av jødane utrydda, saleis m.a. i Polen , Latvia og Litauen .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Deportasjonen av sigøynere (sinti og roma) fra Asperg (Baden-Wurtemberg) i 1940.

Det begynte for alvor etter Hitler - Tyskland sitt atak pa Sovjetunionen i 1941 , og varte til utryddingsleirane med dei berykta gasskammera og krematoria blei frigjorde av Den raude armeen vinteren og varen 1945 . Den mest kjende av desse er Auschwitz i Polen. Dagen da dei fa attverande fangane i Auschwitz blei frigjorde av sovjetiske soldatar, 27. januar , blir sidan markert som den internasjonale Holocaustdagen . Men i nazi-okkuperte delar av Sovjetunionen skjedde mykje av Holocaust gjennom masse-skytingar av jødar (og kommunistar ), gjennomførte av dei sakalla Einsatzgruppen og med lokale fascistar som hjelparar. Dette ikkje minst i Baltikum og Ukraina .

Frigjering [ endre | endre wikiteksten ]

Dersom Sovjetunionen hadde tapt krigen i aust, ville dei fleste av dei attverande europeiske jødane heilt sikkert ogsa blitt drepne. Dei fleste attverande jødane var pa sovjetisk omrade, der dei var aktivt med i krigen mot nazistane, i Den raude armeen og i sovjetiske partisanavdelingar . At alle jødar gjekk passivt og utan motstand i døden er ikkje rett, noko mellom anna oppreisten i Warszawaghettoen i 1943 viste. I skogane utanfor Vilna / Vilnius dreiv jødiske ungdommar som hadde komme seg unna ved utslettinga av Vilna-ghettoen motstandkampen vidare. Dei hadde skipa motstandsgruppa Fareinikte Partizaner Organizatsie , og saman med sovjetiske styrkar var dei med og jaga nazistane ut av Vilna hausten 1944 . Ein av dei jødiske partisanane fra Vilna var den unge jiddisch -diktaren Hirsch Glik , som skreiv den mest berømte av jødiske partisansongar, Partizanerlid eller ≪ Zog nit kein mol az du geist dem letstn veg≫ ('Sei du aldri at du gar den siste veg'). Glik sjølv fall i 1943 eller 1944, men songen hans spreidde seg blant jødane, jamvel inn i leirane seiest det, og lever enno.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Holocaust