한국   대만   중국   일본 
Ekteskap ? Wikipedia Hopp til innhald

Ekteskap

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Statue av eit ektepar, med sonen mellom seg, fra det gamle Egypt .

Ekteskap (og hjonskap , ektestand eller giftarmal ) er ei formell, personleg binding mellom to eller fleire personar som finst i ei eller anna form i dei fleste samfunn . Ekteskap skjer gjerne mellom to kjønnsmodne personar av ulikt kjønn som ikkje er i nær slekt, men er ikkje avgrensa til desse tilfella.

Føremalet med a innga ekteskap kan til dømes vera a skapa ein familie , lovleggjera seksuelt samkvem eller danna alliansar mellom slekter . Ektefellane vil ha visse plikter overfor kvarandre, slik som a bidra til ekteskapet med materielle gode eller arbeid, vera tru mot ektefellen, eller ha samleie med kvarandre. Inngainga av ekteskap blir kalla vigsel , medan ein eventuell seremoni med tilhøyrande feiring av vigslinga blir kalla bryllaup . Ei formell oppløysing av bindinga blir kalla skilsmisse .

Ulike former for ekteskap [ endre | endre wikiteksten ]

Den forma for ekteskap som er vanlegast i verda i dag er monogami , eit ekteskap mellom berre to personar. Andre former som har vore vanlege og framleis er i bruk visse stader er polygami (fleirgifte), der ein person har fleire partnarar, eller fleire personar er gift med einannan. Dei mest tradisjonelle formene for polygami er polygyni (fleirkoneri) der ein mann har fleire koner, og polyandri (fleirmanneri), der ei kvinne har fleire ektemenn. Gruppeekteskap mellom fleire kvinner og fleire menn er svært uvanleg. Saman med desse ekteskapsformene kan det finnast fleire slag uformelle samlivsformer, til dømes ved at ein eller begge partane har elskarar som er godkjende, eller ikkje, av den andre parten og samfunnet elles.

Kven kan giftast? [ endre | endre wikiteksten ]

Alle kulturar har strenge, til dels kompliserte grenser for kven ein ikkje kan gifta seg med. Nokre av desse reglane er nær universelle, men det er mogleg a finna unntak til sa godt som alle.

Folk som kan fa ungar saman [ endre | endre wikiteksten ]

I bryllaupsmaleriet fra The Rake's Progress fra 1635 gjorde William Hogarth narr av ein ung mann som gifta seg med ei eldre enkje for a fa tak i formuen hennar.

Eitt av hovudmala med a innga ekteskap er a føda ungar innanfor ei ramme som er godkjent av samfunnet rundt. A ikkje kunne fullføra eit samleie eller a ikkje fa ungar har blitt og blir mange stader rekna som grunn til a oppløysa ekteskapet, eller til a ta seg ein ny ektefelle.

Pa grunn av dette skjer dei aller fleste ekteskapa mellom menn og kvinner i fruktbar alder. Puberteten har tradisjonelt blitt sett pa som at ein er klar for a innga og fullbyrda eit ekteskap, medan menopausen i kvinner ofte har betydd at dei ikkje lenger kunne gifta seg. Ekteskap mellom personar av likt kjønn har derfor og som regel vore utenkjeleg.

Likevel finst det døme pa at ungar er blitt gifte , med kvarandre eller med vaksne, men som regel utan a fullbyrda ekteskapet før dei nadde puberteten. At ei kvinne gifter seg etter menopausen er uvanleg, men ikkje utenkjeleg.

Medan ekteskap mellom folk av same kjønn har vore uvanleg, har dei og eksistert i ulike former. I fleire afrikanske kulturar kunne ei rik einsleg kvinne, til dømes ei enkje, betala brurepris for ei anna kvinne og gifta seg med henne pa same mate som ein mann kunne. Mange stader har menn kunna gifta seg med andre menn, da som regel yngre gutar, for ei viss tid.

Folk som ikkje er nært i slekt [ endre | endre wikiteksten ]

Ein naturleg motvilje mot incest er nedfelt i menneskja som ein mate for a unnga innavl pa. I tillegg har mange samfunn utvikla reglar som oppmuntrar til a spreia arvestoff , som at ektefellen ma koma fra ein annan klan eller stamme.

Døme pa menneske ein ofte ikkje kan gifta seg med er sysken , foreldre , eller folk fra same klan eller stamme . I kontrast til desse forboda star syskenekteskap mellom kongelege i Inkariket og det gamle Egypt , dyrking av ekteskap innan sma, avgrensa kastar i Sør-Asia som mellom anna medfører ekteskap mellom syskenbarn , og klanekteskap i det før-kristne Europa som hadde som mal a styrka klanen.

Slektskap som gjer ekteskap forbode treng ikkje vera kjødeleg, men kan og vera tenkt eller andeleg. Til dømes kan ein ha forbod mot a gifta seg med svigerfamilie , sjølv om ein og har tradisjonar i jødisk og tildels kristen kultur i Midtausten og Europa for at ei enkje gifter seg med ein bror eller son av den avdøde ektemannen. Islam lærte at dei som har dia same kvinna er a rekna som søsken og dermed ikkje kan ga inn i ekteskap saman. Den katolske kyrkja heldt føre at dei som hadde same gudforeldre ikkje kunne gifta seg, medan hinduar som høyrde til same guru ikkje kunne gifta seg fordi dei alle var rekna som hans andelege ungar.

Folk fra same kultur [ endre | endre wikiteksten ]

Om ikkje lovane gjev pabod om det, har mange samfunn uskrivne reglar om at ein helst skal gifta seg innanfor si eiga gruppe, om det er samfunnsklasse , religion , spraksamfunn eller etnisk gruppe . Slike ekteskap vernar om tradisjonar, og gjer det gjerne lettare for ektefellane, som veit kva som er venta av dei i den nye stillinga si. Globalisering har gjort det vanlegare a gifta seg med folk fra andre delar av verda i dagens samfunn, men det er framleis uvanleg a gifta seg pa tvers av svært store skilnader, som rikdoms - og utdanningsniva .

Nokre religionar forbyr ekteskap med folk av visse andre religionar. Ofte kan ein av partane konvertera for a gjera ekteskapet godteke.

Moderne lovar som avgrensa ekteskap ut fra til dømes rase , som Nazi-Tyskland , Sørstatane i USA fram til 1960-talet og Sør-Afrika under apartheid , blir i dag sett pa som brot pa menneskerettane.

Usemje [ endre | endre wikiteksten ]

Ekteskapet er i dag under debatt i store delar av verda. Mange meiner det vestlege ekteskapet er blitt for svakt, at det for lett ender med skilsmisse . Av nokon blir arrangerte ekteskap sett opp som eit meir stabilt alternativ til det sjølvvalde kjærleiksekteskapet .

Eit anna stridspunkt gjeld om personar av same kjønn skal ha tilgang til ekteskap. I nokre fa vestlege land er det opna for homofile ekteskap , medan homofile andre stader ma nøya seg med den ekteskapsliknande partnarskapsordninga .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]