한국   대만   중국   일본 
Andreas Thorkildsen ? Wikipedia Hopp til innhald

Andreas Thorkildsen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Andreas Thorkildsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. april 1982 (42 ar)
Kristiansand kommune
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012 , Sommar-OL 2008 , Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje , Bislett-medaljen , Fearnleys olympiske ærespris , Sportsjournalistenes statuett , Folkets idrettspris , Arets friidrettsutøver i Europa

Andreas Thorkildsen ( fødd  1. april   1982  i Kristiansand ) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar for Kristiansand IF . Han er særleg kjend for gode prestasjonar innan spydkast og er olympisk meister to gonger, i 2004 og 2008 . Han har sett den norske rekorden i spydkast pa 91,59 m, og har ogsa olympisk rekord pa 90,57 m, sett under Sommar-OL 2008 i Beijing. 23. august 2009 vart han verdsmeister i Berlin , og vart med det den første mannlege spydkastaren som hadde vunnet OL-, VM- og EM-gull. Han har vunne seks kongepokalar .

Thorkildsen var tidleg ekstraordinært god i spydkast og sette ei rekkje norske aldersrekordar fra 13 ar og oppover. Han har ogsa juniorrekordene for 19-aringar og 22-aringar, der U-19 rekorden var gjeldande verdsrekord for juniorar per 2009. [1] Han avslutta karrieren sin som profesjonell spydkastar i mai 2016. [2]

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Far til Andreas Thorkildsen, Tomm Thorkildsen , var sjølv ein habil spydkastar og har 71,64 meter fra 1974. Mora Bente (Amundsen) Thorkildsen er norsk meister pa 100 meter hekk fra 1972, og har NM-sølv fra 1974 (for Hamar IL ). [3] [4] Andreas Thorkildsen har ein eldre bror.

Idrettskarriere [ endre | endre wikiteksten ]

1993-1999 [ endre | endre wikiteksten ]

Andreas Thorkildsen tok tidleg etter far sin, og har konkurrert i spyd sidan han var 11 ar. Talentet var tydeleg, og med faren som trenar vart teknikken god. Andreas Thorkildsen sette den første av sine mange norske aldersrekordar i 1995, med 51,88 meter med eit 600 grams spydd (13-aringar). Etter dette slo han alle aldersrekordar i spyd med bade 600 grams og 800 grams spyd, bortsett fra rekorden for 15-aringar. 17 ar gammal i 1999 var han med i europamesterskapet for juniorar og vart nummer 7. [5]

Thorkildsen sine norske aldersrekordar [ endre | endre wikiteksten ]

Alder Resultat Vekt Ar Alder Resultat Vekt Ar
13 ar 51,88 m 600 g 1995 14 ar 53,82 m 800 g 1996
14 ar 62,98 m 600 g 1996 16 ar 61,57 m 800 g 1998
16 ar 79,50 m 600 g 1998 17 ar 72,11 m 800 g 1999
18 ar 77,48 m 800 g 2000
  • Spydet pa 600 gram vart endra i 1999 og Thorkildsen sine rekordar med 600 grams-spydet er med den gamle modellen. Fra 2002 vart spydvekta 700 gram innført som nytt spyd fra gutar 16 ar, og Thorkildsen si bestenotering med 600 gram for 16-aringar vil dermed ikkje utfordrast. [6]

2000-2003 [ endre | endre wikiteksten ]

Trenar Asmund Martinsen

Fra 2000 tok Asmund Martinsen over delar av trenaransvaret saman med faren, og Thorkildsen kasta til sin første medalje i eit norsk meisterskap for seniorar. Han fekk sølv og tapte berre til Ronny Nilsen fra Norna Salhus . Same aret vart han med pa det norske europacuplaget og i oktober 2000 vann han sølv i junior-VM bak sørafrikanske Gerhardus Pienaar . [7]

Etter vidaregaande skule i 2001, flytta Thorkildsen til Oslo og Asmund Martinsen tok over heile trenaransvaret. Thorkildsen melde seg inn i klubben til Martinsen, SK Vidar . Martinsen er sjølv ein tidlegare spydkastar med personleg rekord pa 68,12 meter og har bronse fra NM pa Jessheim i 1994. [8] I juni 2001 braut Thorkildsen 80-meterbarrieren med 83,87 meter og sette verdsrekord for junior pa Fana Stadion. Denne rekorden stod fram til mars 2011, da Zigismunds Sirmais kasta 84,47. [9] Han fekk sølv i junior-EM bak Aleksandr Ivanov . Det første møtet med eit internasjonalt seniormeisterskap gjekk darlegare. Thorkildsen kasta 68,41 meter og vart sist i konkurransen. [10] Han retta opp inntrykket ved a vinna det første norske seniormeisterskapet sitt med 79,98 meter pa Marienlyst i Drammen . Til trass for eit svakt VM lag det an til at Thorkildsen ville kunna ta opp arven etter dei store norske spydkastarane Egil Danielsen , Terje Pedersen og Trine Hattestad .

I 2002 deltok han i sin første Europamesterskap . Med 78,36 meter mangla Thorkildsen 68 cm pa a verta blant dei 12 som gjekk vidare fra kvalifiseringa. Han vart nummer 15. [11] I NM i Sandnes dette aret tapte Thorkildsen til boksaren og spydkastaren Pal Arne Fagernes , og fekk sitt andre NM-sølv. [8] Ved slutten av aret toppa han likevel statistikken som den beste spydkastaren i Noreg med sitt arsbeste kast pa 83,43 meter.

I Paris-VM 2003 nadde Thorkildsen den første internasjonale finalen sin som seniorutøvar. Han kasta 79,44 meter i kvalifiseringa, men skuffa litt med 77,75 meter i finalen og ein 11.-plass totalt. [12] Tidlegare pa aret hadde han sett ny personleg rekord i eit stemne i latviske Ventspils med 85,72 meter. [13] I 2003 vart han norsk meister for andre gong med 76,04 meter i Fredrikstad [8]

Juniorrekordar [ endre | endre wikiteksten ]

Alder Resultat Vekt Dato Ar Stad Notat
Junior 19 [14] 83,87 m 800 g 7. juni 2001   Norge Fana stadion , Bergen Jr. verdsrekord fram til mars 2011. [9]
Junior 22 86,50 m 800 g 28. august 2004   Hellas Athen , Hellas Kastet gav OL-gull [15]

2004 - OL-gull [ endre | endre wikiteksten ]

Friidrettssesongen 2004 byrja med mykje merksemd for norsk spydkast. Ronny Nilsen opna sesongen i mai med eit OL-kvalifiserande kjempekast pa 84,73 meter pa eit stemne i Tønsberg. Thorkildsen klarte ikkje a na toppen av statistikken i Noreg, men under Bergen Bislett Games kvalifiserte han seg til Sommar-OL i Athen med 84,12 meter, bak amerikanaren Breaux Greer , som vann med ny nordamerikansk rekord pa 87,39 meter. [16] Under DN Galan i Stockholm tok Thorkildsen sin første siger i ein IAAF Grand Prix-konkurranse, og fekk revansje pa Breaux Greer med 83,46 meter mot 78,52 meter. [17] I London tre dagar seinare, 30. juli, heva han sitt arsbeste kast til 84,45 meter ved Crystal Palace. [18]

Thorkildsen lag eit stykke nede pa verdsstatistikken og framleis bak Ronny Nilsen ved inngangen til spydkonkurransen i Athen-OL. [18] Spydkonkurransen vart sett pa som svært open, men nordmennene var ikkje rekna blant medaljefavorittane. Thorkildsen kasta 81,74 meter i kvalifiseringa, over kvalifiseringsgrensa pa 81 meter, men i skuggen av Breaux Greer sitt kast pa 87,25 m. [19]

I finalerunden opna Thorkildsen med 84,82 meter og tredjeplass etter første runde. Latviaren Vadims Vasi?evskis kasta personleg rekord med 84,95 meter og leidde med den regjerande verdsmeisteren Sergej Makarov pa andreplass. I andre runde var det Thorkildsen som kasta til personleg rekord (og norsk U-23 rekord) med 86,50 meter. I dei pafølgjande rundane klarte verken Vasi?evskis eller Makarov a paverka resultatlista, og enda med høvesvis sølv- og bronsemedaljar. Noko overraskande var Andreas Thorkildsen vorten olympisk meister i spyd, 48 ar etter at Egil Danielsen vann gull i Melbourne i 1956 . Verdsleiaren Aleksandr Ivanov vart nummer fem, medan den jamnaste kastaren i sesongen, Breaux Greers, var smaskadd og fekk 12.-plassen, den siste i finalen. [18] Thorkildsen skildra sigeren som ≪helt sinnssykt≫. [15] Han vart tildelt Fearnleys olympiske ærespris for prestasjonen.

Sesongen gav og Thorkildsen kongepokal og ein tredje NM-tittel i Florø [8] . Han avslutta aret som nummer to, etter Greer i IAAF World Athletics Final i Monaco . I desember vart det offentleggjort at Thorkildsen skulle tildelast norske sportsjournalistars statuett og tittelen ≪Arets idrettsnamn≫ for prestasjonane sine i 2004-sesongen. [20] Den nye olympiske meisteren stod likevel bokført som den sjuande beste kastaren i verda med det 11. beste resultatet etter sesongen. [18] Thorkildsen vart nummer ni i karinga av European Athlete of the Year, Arets friidrettsutøvar i Europa, av European Athletics Association . [21]

2005 - VM-sølv [ endre | endre wikiteksten ]

Thorkildsen i tilløpet under VM i Helsingfors i 2005

I 2005 hadde Andreas Thorkildsen ei ny rolle. Som olympisk meister steig forventingane til VM i Helsingfors . I juni slo han endeleg Pal Arne Fagernes sin norske rekord med 86,82 meter i ≪midtsommarleikane≫ i Kuortane . Den tøffaste konkurrenten hans, finnen Tero Pitkamaki , kasta arsbeste i verda med 91,53 ved det same stemnet. [22] Thorkildsen flytta den norske rekorden sin til 87,66 meter under Bislett Games , [23] medan Sergej Makarov da hadde 90,33 fra det russiske meisterskapet i Tula. Før VM var desse kastarane i topp tre pa verdsrankinga, med Breaux Greer ein centimeter bak Thorkildsen. [24]

Det var berre Pitkamaki, Makarov og Thorkildsen som klarte kvalifiseringsgrensa pa 81 meter pa Olympiastadion i Helsingfors. Finalerundane gjekk med regn og vind. Thorkildsen leidde med 86,18 meter etter tre rundar, men fekk til slutt sølv bak overraskingsmannen Andrus Varnik fra Estland, som toppa konkurransen med 87,17 meter i fjerde omgang. [25]

Thorklidsen vann NM i Bergen med 83,63 meter, eit resultat som gav ny kongepokal. [8] Han avslutta sesongen med sin tredje norske rekord i 2005. 89,60 meter i IAAF World Athletics Final i Monaco. Pitkamaki, som berre vart nummer fire pa heimebane i VM, vann med 91,33 meter. Thorkildsen enda sesongen som den tredje beste kastaren i verda pa rankinglistene bak Pitkamaki og Makarov. [24] Han vart nummer ni i European Athletics Association si karing av Arets friidrettsutøvar i Europa for andre ar pa rad. Han fekk plassen bak Pitkamaki, og delte niandeplassen med Andrus Varnik. [26]

2006 - EM-gull og over 90 meter [ endre | endre wikiteksten ]

Før 2006-sesongen returnerte Thorkildsen til moderklubben Kristiansand IF , men vart buande i Oslo. [27] Z 12. mai braut han 90-meterlinja for første gong. Det var i Super Grand Prix i Doha i Qatar , og lengda pa 90,13 meter var ny norsk rekord, og banerekord. [28] Under Bislett Games den 2. juni sette han igjen norsk rekord, no pa 91,59 meter. Han passerte samstundes milepalen pa 300 fot . [29] Med den nye rekorden sin var han verdsleiar inn mot EM i Goteborg , og rekna som favoritt. Tero Pitkamaki var ein outsider som hadde vunne IAAF Golden League i Paris . Spydfinalen i Goteborg vart dominert av Thorkildsen. Han tok leiinga i andre omgang, heldt denne, og auka sigermarginen i siste kast. Kastserien til europamesteren var imponerande: 1: 82,84 m, 2: 87,37 m, 3: 85,30 m, 4: 87,35 m, 5: 86,39 m, og til slutt 6: vinnarkastet pa 88,78 meter. [30]

I DN Galan i Stockholm , 25. juli 2006, sette Thorkildsen ny banerekord med 89,78 meter. For dette vart han premiert med ein diamant til ein verdi av om lag 75 000 kroner. [31] Thorkildsen tok dette aret sin 5. NM-tittel og fekk sin 3. kongepokal pa friidretts-NM pa Bislett. [8] I samband med utdelinga av pokalane fekk tilhøvet hans til hekkeløparen Christina Vukicevic overraskande mykje merksemd. Thorkildsen og Vukicevic hadde begge uttrykt klart at dei ville skjerma privatlivet, men da begge vann kongepokal, var pressefotografane klare for blinkskot. Utøvarane nekta a stilla opp pa bilete saman og Thorkildsen forlet stadion for a sleppa unna fotografane. [32]

Thorkildsen avslutta sesongen sterkt, og vann sin første IAAF World Athletics Final i avskjedsstemnet til legenda Jan Zelezny , [33] og dessutan Verdscupen i friidrett 2006 i Athen . Rekordkastet pa 91,59 meter gav han topplassering pa verdensrankinga for sesongen for første gong. [34] Han vart nummer tre i European Athletics Association si karing av Arets friidrettsutøvar i Europa, den beste plasseringa hans i karinga til da. [35]

2007 - VM-sølv [ endre | endre wikiteksten ]

Tero Pitkamaki etter sigeren under VM i 2007 i Osaka

Thorkildsen brukte vinteren til alternativt arbeid da han vart henta av den svenske tidlegare fotballspelaren Martin Dahlin som modell for moteklede. Andre modellar som poserer for kolleksjonen til Dahlin var toppmodellen Marcus Schenkenberg og skodespelaren Andreas Wilson . [36]

Mala for konkurransesesongen 2007 var Bislett Games, VM i Osaka , og a vera med i kampen om Golden League - gullbarrane verd 1 million dollar . [37] Sesongen starta bra for Thorkildsen, men konkurrentane var minst like godt førebudde. Han nadde 81,10 meter i Dakar , 86,39 meter i Doha [38] og tredjeplass med 87,79 meter i Bislett Games den 15. juni bak Tero Pitkamaki (88.78 m) og Breaux Greer (88.73 m). [39] Thorkildsen vann DN Galan, 7. august i Stockholm med arsbeste pa 89,49 meter, men ryggsmerter gjorde at han valde a sta over NM i Askim den pafølgjande helga for a sta førebudd til VM i Osaka . [40]

Konkurransen i Osaka-VM var venta a sta mellom dei tre beste kastarane denne sesongen; Thorkildsen, Pitkamaki og Greer, med Vadims Vasilevskis som ein outsider. Etter ein noko usikker førsterunde la Pitkamaki lista pa 89,16 meter. Thorkildsen svara med 88,61 meter i same omgang, og ingen andre melde seg pa i gullstrida. Konkurransen vart ikkje meir spennande og ein upressa Pitkamaki hadde allereie vunne da han auka i siste runde til 90,33 meter. Sølvet tilThorkildsen vart den einaste medaljen for Noreg i dette meisterskapet. [41]

Attende i Europa byrja han med siger og arsbeste i Zurich med 89,51. Han deltok pa ytterlegare tre stemne i september: Den 14.: 2.-plass i Brussel (86,14 m), den 16.: 4.-plass i Berlin (80,71 m) og til slutt sesongavslutning og 2.-plass i IAAF World Athletics Final i Stuttgart med 85,06 meter. [38] [42] Han vart etter sesongen 2007 kara til arets norske friidrettsutøvar for andre aret pa rad av Stiftelsen friidrettens venner. [43]

2008 - Nytt OL-gull [ endre | endre wikiteksten ]

Thorkildsen under Europacupen 2008

I eit intervju i desember 2007 uttalte Thorkildsen at han pa trass av ryggproblema hadde som mal a vinna gull under OL i Beijing . 9. mai vann han sesongopninga i Super Grand Prix-stemnet i Doha. [44] Vinnarkastet var pa 87,59 meter. Kastet var sa langt arets nest beste resultat i verda. [45]

Den 1. juni 2008 var den sesongopninga for verdseliten i Golden League -stemnet ISTAF , og dermed starta oppkøyringa til Sommar-OL 2008. Sa langt i 2008 hadde seks utøvarar kasta over 85 meter og fem av dei stilte opp i dette stemnet. Andreas Thorkildsen vart nummer to med 85,19 meter, ein centimeter bak Tero Pitkamaki som vann med 85,20 meter.

Den 22. juli 2008 vann Thorkildsen spydkonkurransen i DN Galan med eit kast pa 87,36 meter.

I forkant av OL var Thorkildsen a rekna som ein av favorittane, men det lag noko usikkerheit rundt teknikken hans. I tillegg var det fleire konkurrentar med medaljesjansar enn det som hadde vore tilfelle dei siste ara. Pitkamaki var framleis den klaraste utfordraren, men australiaren Jarrod Bannister hadde arsbeste i verda med 89,02 meter fra eit stemne i Brisbane i februar. Vidare hadde finnane fatt fram ein ny ≪Tero≫, Tero Jarvenpaa som kom til Kina med 86,68 meter. Latviske Vadims Vasilevskis som vann sølv under OL i 2004 var tilbake med 85,78 meter ved inngangen til Kina-OL. [46]

Usikkerheiten vart noko forsterka etter kvalifiseringsrundane i Beijing, 21. august. I kraftig regnver sklei Pitkamaki i sitt forsøk, og Thorkildsen torde dermed ikkje leggja mykje i sitt forsøk. Han kasta 79,85 meter, og matte ta ytterlegare eitt kast for a sikra seg finalen. Det andre forsøket vart mislukka, og han ≪trakka daudt≫. Thorkildsen stod som nummer ni av dei tolv som gjekk vidare til finalen, og stod over sitt tredje forsøk. Vasilevskis viste styrke og vann kvalifiseringa med 83,51 meter framfor Pitkamakis 82,50 meter. Pitkamaki uttalte likevel at han frykta at Thorkildsen ville koma sterkt tilbake i finalen etter den noko svake kvalifiseringa. [47]

Finalen i spyd under sommar-OL 2008 i Beijing 23. august starta noko forsiktig, og da Thorkildsen i første omgang kasta som nummer ti, hadde finnane Jarvenpaa og Pitkamaki levert kast pa høvesvis 83,95 meter og 83,75 meter og tatt dei to øvste posisjonane. Thorkildsen svara med 84,72 meter, tok leiinga og gav henne deretter ikkje fra seg. I andre omgang auka han til 85,91 meter og til 87,93 i tredje kast utan at det hadde skjedd noka endring pa dei to neste plassane. I fjerde runde nærma Pitkamaki seg noko med eit kast pa 85,78 meter, medan Thorkildsen no klarte 85,13 meter. Den femte omgangen var utan vellukka kast av finalistane da Andreas Thorkildsen avslutta runden med det nest lengste kastet i karrieren sin pa 90,57 meter. Han hadde slatt Jan ?elezny sin olympiske rekord fra Sommar-OL 2000 med 30 centimeter, og samstundes sett ny arsbeste i verda med sitt beste kast pa over to ar. I den siste omgangen overraska den andre latviaren, Ainars Kovals , med ny personleg rekord pa 86,64 meter, og kneip sølvet framfor Pitkamaki, som svara pa kastet til Kovals, men 86,16 meter heldt berre til bronse for den regjerande verdsmeisteren. [48]

Prestasjonen til Thorkildsen gjorde han til den første nordmannen med to OL-gull i friidrett, den fjerde spydkastaren som har forsvart eit OL-gull, og han vart omtalt som den norske friidrettsutøvaren gjennom tidene etter a ha teke gull eller sølv i fem pafølgjande internasjonale meisterskap.

2009 - VM-gull [ endre | endre wikiteksten ]

Thorkildsen sesongopna i Super Grand Prix-stemnet i Doha den 8. mai. Der vann han med arsbeste i verda pa 83,39 meter, men nadde ikkje eigne forventingar etter ei skadefri sesongoppkøyring. [49]

Den 2. august kasta han 88,55 meter i ein jamn serie under NM pa Stampesletta i Lillehammer . Kastet gav Thorkildsen hans sjuande NM-tittel og fjerde kongepokal. To dagar før hadde han vunne DN Galan i Stockholm med nok ein jamn serie, og eit bestekast pa 86,85 meter. [50]

Thorkildsen kasta i VM-kvalifiseringa gruppe A fredag 21. august pa Olympiastadion i Berlin . Han kasta daudt ? 80,37 ? 79,93 i dei tre kasta sine, og vart nummer fire i si gruppe. 82 meter gav automatisk kvalifisering til finalen, men etter regnopphald og vatt banedekke var det berre to kastarar fra gruppe B som kasta lenger enn Thorkildsen. Han fekk dermed sjette beste resultat, og 78,69 meter heldt til slutt for avansement.

Under finalen den siste dagen av meisterskapet, sundag 23. august, opna han og svakt med 77,80 i første kast, og lag som nummer fem før andre kast, utan at konkurrentane heller hadde prestert store lengder. Det andre kastet til Thorkildsen landa pa 89,59 meter, og han leidde med over seks meter pa nummer to, Guillermo Martinez fra Cuba. Det tredje kastet til Thorkildsen var pa 88,95 før han trakka daudt pa det fjerde og stod over dei to siste kaste. Martinez auka til 86,41 i sitt siste kast, medan Yukifumi Murakami fra Japan overraskande tok bronse med 82,97 meter. Duellen med Tero Pitkamaki kom ikkje da finnen var plaga med sjukdom og feber, og fekk ein audmjuk femteplass med 81,90 meter.

Thorkilsen vart med dette den første spydkastene i verda med meisterskapstitlar fra bade EM, VM og OL. [51] Pa dagen eit ar etter OL-sigeren sin vart han igjen historisk.

2010 - nytt EM-gull og diamantjakt [ endre | endre wikiteksten ]

Thorkildsen (v) møtte ein ny utfordrar i Petr Frydrych (h) under Bislett Games den 4. juni 2010

2010-sesongen vart innleidd 23. mai, i eit Diamond League -stemne i Shanghai . Thorkilsen vann stemnet med 86,11 meter i tredje kast. Spyd var ikkje Diamond League-øving i detta stemnet. [52] Heime i Noreg konkurrerte han under Florø Friidrettsfestival den 29. mai og møtte Tero Pitkamaki i deira duell nummer 50. Thorkildsen vann med 90,37 meter mot finnen sitt meir audmjuke 84,34 meter. Det vart Thorkildsen sin sjuande konkurranse over 90 meter. [53]

I samband med Bislett Games 4. juli dukka det opp ein ny utfordrar til spydtrona, 22 ar gamle Petr Frydrych fra Tsjekkia . Han hadde kasta 88,23 meter under eit stemne i Ostrava den 27. mai, og det var kjent at den tidlegare spydkjempa Jan ?elezny hadde trenaransvaret for det unge talentet. Konkurransen fekk mykje merksemd og den vart tett, med finnen Teemu Wirkkala som ein joker til duellen. Thorkildsen vann med 86,00 meter, Frydrych fekk 85,33 og Wirkkala med 85,04 . [54] Oslostemnet danna grunnlaget for ein total dominans av Thorkildsen i Diamond League-stemnasom følgde. Han vann dei tre neste stemna i serien: 12. juni, New York adidas Grand Prix, med 87,02 meter, 8. juli, Lausanne Athletissima, med 87,03 meter og 16. juli, Paris Meeting Areva, med 87,50 meter. [55]

Under alle stemna var det lite kampen om sigeren, men midt i denne sigerrekkja kom ein ny 22-aring pa banen. Tyske Matthias de Zordo vann ein konkurranse under litt vanskelege vindforhold med 83,80 meter. Thorkildsen klarte ikkje a svara og fekk eit overraskande nederlag med 82,98 meter. [56] De Zordo skulle visa seg a verta den tøffaste utfordreren igjen under spydfinalen i EM i Barcelona 31. juli.

Thorkildsen vart europamester i Barcelona 31. juli 2010 etter eit bestekast pa 88,37. Kvalifiseringa til finalen vart meir spennande enn forventa ut ifra at Thorkildsen i 2010 hadde vunne alle bortsett fra ein av konkurransane sine: Etter to daude kast, sikra han med eit kast pa 78,82 i tredje omgang, men gjekk likevel greitt vidare som 6. mann etter at berre tre deltakarar klarte kvalifiseringsgrensa pa 81 meter. [57] Finalen skulle og by pa overraskingar i det Matthias de Zordo med eit kast pa 86,22 sette personleg rekord med nesten to meter allereie i første kastet. Likevel svara Thorkildsen med a kasta 10 cm lengjer i sitr første kast. De Zordo, som var den einaste som hadde vunne over Thorkildsen til da i 2010 (lag-EM, Fana, juni) forbetra sin nye rekord med ytterlegare drygt halvannan meter til 87,81 i andre omgang, men Thorkildsen svara med det som skulle verta vinnarkastet, 88,37 . [58] Dermed hadde Andreas Thorkildsen teke medalje i sitt sjuande meisterskap pa rad.

2011 - sølv i VM og Diamond League [ endre | endre wikiteksten ]

Sesongen vart opna med eit Diamond League-stemne i Doha. Petr Frydrych vann stemnet, og Thorkildsen enda pa femteplass med 83,63 meter som lengste kast. [59] Plasseringa var hans svakaste sidan Bislett Games den 27. juni 2003, da han vart nummer seks med 80,10 meter. [13] Det andre Diamond League-stemnet i sesongen vart arrangert i Shanghai 15. mai, og Thorkildsen forbetra seg bade resultatmessig og plasseringsmessig. Han kasta 85,12 i det tredje kastet sitt og kom pa andreplass, berre slatt av Tero Pitkamaki. [60] Likevel fekk han ein strekkskade i laret, som gjorde at han m.a. matte sta over Bislett Games i juni. [61] Det første stemnet etter skaden vart Kuortane Games i Finland 25. juni. Det lengste kastet hans pa 84,33 meter heldt til siger mot dei beste finske kastarane. Han var den einaste som kasta over 80 meter i dette stemnet. [62] Ogsa i neste stemne, som var Diamond League-stemnet i Lausanne , kasta han godt. Han kasta 88,19 meter i første kast, som var arsbeste for Thorkildsen, og 3 cm unna arsbeste i verda (Vadims Vasilevskis, 88,22). Dette heldt til siger, og han gjorde berre eit kast til, som vart 84,20 meter, før han gav seg pa grunn av at han kjende lyskeskaden sin. [63]

Den 10. juli sette Thorkildsen ny arsbestenotering i verda, da han vann Diamond League-stemnet i Birmingham. Han kasta 88,30 i sitt tredje kast, og vann stemnet, nesten fem meter framfor tyske Matthias de Zordo , som greidde 83,42 . [64] Denne lengda forbetra han allereie 29. juli, da han vann DN-galan i Stockholm . Der sette han ny arsbeste i verda denne sesongen med 88,43 . Igjen kom Matthias de Zordo pa andreplass, denne gongen med 84,37 . [65]

Under gode tilhøve kasta han 90,61 meter under noregsmeisterskapet pa Byrkjelo . Det tredje lengste kastet i karrieren hans var ny meisterskapsrekord, ny arsbeste i verda, og gav Thorkildsen den sjette kongepokalen sin. [66]

Torkildsen kom til VM i friidrett i sørkoreanske Daegu som ein klar favoritt. Han hadde dei tre beste kasta i verda, og leidde arsstatistikken med over 2 meter med resultatet sitt fra NM pa Byrkjelo. I likskap med kvalifiseringsrundane i dei siste meisterskapa, kastet han og denne gongen godt under eigen kapasitet med serien 79,36 - 80,85 - 81,83 . Han vart nummer fem i den første kvalifiseringsgruppa, og nummer sju av dei 12 som tok seg til finalen. 12.-plass hadde 81,03 . [67] Etter tre kast i finalen hadde han 80,75 meter som beste resultat, og gjekk vidare til dei tre siste finalekasta med svakaste resultatet av dei 8 utøvarane. Matthias de Zordo kasta 86,27 i første kast, noko som heldt til VM-gull. I fjerde runde forbetra Torkildsen seg til 84,78 meter, som vart hans lengste kast. Det heldt til sølvmedalje i meisterskapet, medan Guillermo Martinez tok bronse med 84,30 . Torkildsen uttalte at han hadde flaks som fekk til det eine kastet pa ein dag da teknikken ikkje stemde. Kastrekkja vart 80,75 - 80,46 - 80,60 - 84,78 - daudt - 80,28 . [68] Dettnest beste kastet hans ville ha gjeve 8.-plass. [69]

Ved Diamond League-avsluttinga i Brussel i september greidde Thorkildsen berre femteplass, med 81,86 som lengste kast. De Zordo vann detta stemnet, og vann dermed og Diamond League samanlagt i 2011, med 17 poeng. Andreas Thorkildsen vann tre enkeltsigrar i Diamond League 2011, og kom pa andreplass med 14 poeng, medan Vadims Vasilevskis tok tredjeplassen med fire poeng. [70]

Til trass for sølv i bade VM og Diamond League vart Thorkildsen rangert som den beste spydkastaren i verda i IAAF sin poengstatistikk. Totalt enda han pa 1373 poeng, mot de Zordo sine 1346 poeng. Nordmannen hadde fire av dei seks lengste kasta i verda denne sesongen. [71]

2012 - jakt pa OL-gull nummer 3 [ endre | endre wikiteksten ]

Thorkildsen under Bislett Games 2012
Foto: C. Hill

Sesongen 2012 hadde EM og Diamond League , men Sommar-OL i London var det største malet til Thorkildsen. Den 19. mai sesongopna han i Shanghai med 79,53 meter, den svakaste sesongopninga hans sidan 2004. Han gav seg etter tre kast pa grunn av ei vrang akillessene . Stemnet vart vunne av tsjekkaren Vitezslav Vesely . [72]

I Ostrava den 25. mai konkurrerte Thorkildsen igjen, denne gongen med arsbeste og 84,72 meter. Vesely vann, forskansa seg som den beste utøvaren til sesongen og matte finna vart favoritt i forkant av Bislett Games den 7. juni. Der innfridde Vesely og kasta ny personleg rekord og arsbeste i verda med 88,11 meter. Thorkildsen fann ikkje rytmen i ein elles svak konkurranse og vart nummer 3 med 82,30 meter.

Under EM i Helsinki 28. juni trekte Thorkildsen seg etter tre kast, og enda som nummer 4 med audmjuke 81,55 meter. Grunnen til at han stoppa før 4. runde var ein strekk i laret som han fekk under oppvarminga. Vesely vann med 83,72 meter. [73]

I august deltok han ved OL i London. Han hadde det nest lengste kvalifiseringskastet, med 84,47 meter, berre slatt av Vitezslav Vesely. I finalen greidde han likevel ikkje a kasta like langt. Det første kastet var savidt over 70 meter, og dette kastet gjorde han daudt ved a trakka over streken. Neste kast var pa 82,63 meter, tredje kast trakka han daudt, og fjerde kast vart 81,70 meter. Thorkildsen vart staande med 82,63 meter som lengste kast, og enda pa 6.-plass i finalen. 19 ar gamle Keshorn Walcott vann gullet i dette OL-et. [74] Thorkildsen kasta 71,05 meter ved det siste Diamond League-stemnet i sesongen, som gjekk i Stockholm, og enda pa 10.-plass i dette stemnet. Pa grunn av dei darlege resultata pa slutten av sesongen valde han og a sta over NM i friidrett 2012 . [75]

2013 - ny VM-sesong [ endre | endre wikiteksten ]

Thorkildsen sesongopna ved Diamond League-stemnet i Doha den 10. mai. Her kasta han tre daude kast, men greidde 81,51 meter i siste kast, som heldt til 3.-plass i detta stemnet. Vtezslav Vesel vann stemna, med 85,09 meter, føre Tero Pitkamaki. Han stod over det neste Diamond League-stemna, som var i Shanghai den 18. mai, pa grunn av krampe i lysken. 31. mai deltok han i eit stemne i Dessau i Tyskland , der han kasta arsbeste for sin del, med 81,99 meter, og han sa etter stemnet at han ikkje kjende noko til lyskeskaden. [76] Han forbetra seg ytterlegare da han deltok ved Hyundai Grand Prix Florø Friidrettsfestival 8. juni. Der fekk han til eit sistekast pa 84,64 meter, og vann stemnet. [77] Berre fem dagar seinare var det Bislett Games, men der fekk ikkje Thorkildsen til dei same lengdene. Det lengste kastet hans vart 80,99 meter, og han enda med det pa 6.-plass. [78] Ved Lag-EM i friidrett 2013 i Gateshead kasta han 80,48 meter i sit første kast, deretter 80,10 meter, før han gjorde to daude kast. Dette heldt til 4.-plass i spydkastøvinga, men Noreg kom nest sist i Super league i 2013, og rykte med det ned til First league.

Ved Diamond League-stemnet Birmingham Grand Prix i slutten av juni fekk han likevel ein ny siger, da han kasta 83,94 meter, og vann stemnet framfor Ari Mannio og Dmitrij Tarabin . [79] Roman Avramenko leidde lenge konkurransen, men Thorkildsen fekk til vinnarkastet sitt i femte kast, og Avramenko enda til slutt pa 4.-plass. [80] Den 4. juli sikra han seg nye Diamon League-poeng, da han kom pa 2.-plass ved Athletissima-stemna i Lausanne . Svenske Kim Amb , som sette ny personleg rekord pa 84,33 meter i mai, vann stemnet med 82,65 meter, medan Thorkildsen kasta 81,54 som lengste kast.

2014 [ endre | endre wikiteksten ]

Det første stemnet til Thorkildsen i 2014 var Diamond League-stemnet i Eugene 31. mai. Vutezlav Vesely vann stemnet med 83,75 meter, med Thorkildsen pa andreplass med 80,52 meter. [81] Ved Bislett Games den 11. juni enda han sist, med 72,40 som lengste kast. [82]

I juli gjorde han det kjent at han avslutta 2014-sesongen, pa grunn av smerter i hofta, og at han dermed ikkje kom til a delta ved EM i friidrett 2014 . [83]

2015?2016 [ endre | endre wikiteksten ]

I juni 2015 melde Thorkildsen at han kom til a sta over heile 2015-sesongen, men at han satsar pa comeback i 2016. [84] I mai 2016 la han likevel opp. [85] Da han la opp var han innehavar av noregsrekorden pa 91,59 meter og olympisk rekord pa 90,57 meter, som han sette i 2008. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro i Brasil var han TV2 sin ekspertkommentator i friidrett saman med Johan Kaggestad .

Trenar [ endre | endre wikiteksten ]

I 2018 byrja Thorkildsen a jobba pa Wang Toppidrett vidaregaande skule i Oslo som trenar pa friidrettslinja.

Resultat og rekordar [ endre | endre wikiteksten ]

Thorkildsen vann gullmedalje i spydkast under sommar-OL 2004 , og for dette vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris i etterkant. Under VM i Helsingfors , Finland vann han sølv i 2005. Han har ogsa juniorverdsrekorden i spyd med 83,87 meter, sett i 2001.

Han betra den norske rekorden fleire gonger i 2005, og sette personleg rekord med 89,60 i Monaco 10. september 2005. Seinare har Thorkildsen betra noregsrekorden fleire gonger, mellom anna ved a kaste 90,13 i Doha 12. mai 2006. Den gjeldande noregsrekorden sette han 2. juni 2006, da han kasta 91,59 meter under Bislett Games .

Etter a ha sett ny banerekord under DN-Gallaen i Stockholm 25. juli 2006 med eit kast pa 89,78 meter, vart han premiert med ein diamant til om lag 75 000 kroner.

Under EM i friidrett 2006 vann han gull med 88,78 meter, etter a ha vore best i fem av seks omgangar.

I sommar-OL 2008 vann Thorkildsen spydkonkurransen med eit kast pa 90,57 meter. Etter dette vart han tildelt Aftenpostens Gullmedalje . Etter OL-sesongen 2008 vart Thorkildsen kara til European Athlete of the Year , Arets friidrettsutøvar, i Europa av European Athletic Association . [86] Tidlegare var det berre Trine Hattestad blant norske utøvarar som hadde toppa denne karinga.

Thorkildsen sine norske rekordar [ endre | endre wikiteksten ]

Resultat Stad Land Dato Ar
86,82 m Kuortane   Finland 26. juni 2005
87,66 m Bislett, Oslo   Noreg 29. juli 2005
89,60 m Fontvieille   Monaco 10. september 2005
90,13 m Doha   Qatar 12. mai 2006
91,59 m Bislett, Oslo   Noreg 2. juni 2006

Internasjonale meisterskap [ endre | endre wikiteksten ]

Thorkildsen under Bislett Games den 4. juni 2010
Ar Meisterskap Stad Land Plassering Resultat
1999 EM jr Riga   Latvia 7. 72,11 m
2000 VM jr Santiago   Chile Sølv 76,34 m ( NJR-19 )
2001 EM jr Grosseto   Italia Sølv 76,98 m
2001 VM Edmonton   Canada 26. ( sist ) 68,41 m
2002 EM Munchen   Tyskland 15. 78,36 m
2003 VM Paris   Frankrike 11. 77,75 m
2004 Flagget til Olympiske leikar OL Athen   Hellas Gull 86,50 m ( NJR-22 )
2005 VM Helsingfors   Finland Sølv 86,18 m
2006 EM Goteborg   Sverige Gull 88,78 m
2007 VM Osaka   Japan Sølv 88,61 m
2008 Flagget til Olympiske leikar OL Beijing   Kina Gull 90,57 m ( OR )
2009 VM Berlin   Tyskland Gull 89,59 m
2010 EM Barcelona   Spania Gull 88,37 m
2011 VM Daegu   Sør-Korea Sølv 84,78 m
2012 EM Helsinki   Finland 4. 81,55 m
2012 OL London   Storbritannia 6. 82,63 m

Norske meisterskap [ endre | endre wikiteksten ]

Ar Stad Arena Plassering Resultat
2000 Steinkjer Guldbergaunet stadion Sølv 72,72 m
2001 Drammen Marienlyst Stadion Gull 79,98 m
2002 Sandnes Sandnes Stadion Sølv 80,97 m
2003 Fredrikstad Lisleby Stadion Gull 76,04 m
2004 Florø Florø Stadion Gull 81,38 m
2005 Bergen Fana Stadion Gull 83,63 m
2006 Oslo Bislett Stadion Gull 85,02 m ( MR )
2009 Lillehammer Stampesletta Stadion Gull 88,55 m ( MR )
2010 Sandnes Sandnes Stadion Gull 87,10 m
2011 Byrkjelo Byrkjelo stadion Gull 90,61 m ( MR )
2013 Tønsberg Greveskogen Idrettspark Gull 80.91 m

Thorkildsen si utvikling ar for ar [ endre | endre wikiteksten ]

Thorkildsen under Bislett Games 2012
Foto: C. Hill

Dette oversynet viser Thorkildsen si arlege utvikling i spyd (800 gram):

Ar Resultat Stad Land Dato
1998 61,57 m Kristiansand   Noreg 24. juni
1999 72,11 m Riga   Latvia 7. august
2000 77,48 m Dudingen   Sveits 30. september
2001 83,87 m Bergen   Noreg 7. juni
2002 83,43 m Karlstad   Sverige 14. juni
2003 85,72 m Ventspils   Latvia 14. juni
2004 86,50 m   OL Athen   Hellas 28. august
2005 89,60 m Monaco   Monaco 10. september
2006 91,59 m Bislett, Oslo   Noreg 2. juni
2007 89,51 m Zurich   Sveits 7. september
2008 90,57 m   OL Beijing   Kina 23. august
2009 91,28 m Zurich   Sveits 28. august
2010 90,37 m Florø   Norge 29. mai
2011 90,61 m Byrkjelo   Norge 14. august
2012 84,72 m Ostrava   Tsjekkia 25. mai
2013 84,64 m Florø   Noreg 8. juni
2014 80,79 m Paris   Frankrike 5. juli
Thorkildsen i tilløpet under Bislett Games 4. juni 2010

Thorkildsen sine 90-meterkast [ endre | endre wikiteksten ]

Per 14. august 2011 hadde Thorkildsen kasta over 90 meter i atte konkurransar. Tabellen under gir eit oversyn over Thorkildsen sine 90-meterkast.

Resultat Stad Land Dato Ar
91,59 m Oslo   Noreg 2. juni 2006
91,28 m Zurich   Sveits 28. august 2009
90,61 m Byrkjelo   Noreg 14. august 2011
90,57 m Beijing   Kina 23. august 2008
90,37 m Florø   Noreg 29. mai 2010
90,34 m Roma   Italia 14. juli 2008
90,28 m Zurich   Sveits 29. august 2008
90,13 m Doha   Qatar 12. mai 2006

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Javelin Throw junior All Time - Men≫ . IAAF .no . Henta 13. juli 2010 .     Statistikk
  2. ≪Andreas Thorkildsen legger opp≫ . TV2 . Henta 11.05.2016 .  
  3. ≪- Skapt for spyd≫ . VGNett . Henta 15. desember 2007 .  
  4. ≪(NM-medaljer 100 m hk damer)≫ . friidrett.no. Arkivert fra originalen 28. september 2007 . Henta 15. desember 2007 .     Statistikk
  5. ≪(Norske EM-deltakere junior)≫ . friidrett.no. Arkivert fra originalen 8. september 2007 . Henta 16. desember 2007 .     Statistikk
  6. ≪Bestenoteringer for Gutter≫ . friidrett.no. Arkivert fra originalen 28. september 2007 . Henta 16. desember 2007 .     Statistikk
  7. ≪(Norske VM-deltakere junior)≫ . friidrett.no. Arkivert fra originalen 25. juli 2007 . Henta 16. desember 2007 .     Statistikk
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 ≪(NM-medaljer spyd herrer)≫ . friidrett.no. Arkivert fra originalen 6. mars 2007 . Henta 16. desember 2007 .     Statistikk
  9. 9,0 9,1 ≪Javelin Throw junior All Time - Men≫ . IAAF .no . Henta 13. juli 2010 .     Statistikk
  10. ≪Kastet for kort≫ . NRK.no . Henta 15. desember 2007 .  
  11. ≪Results European Championships 2002≫ . atletix.org. Arkivert fra originalen 30. september 2007 . Henta 15. desember 2007 .     (resultatliste pa engelsk)
  12. ≪Thorkildsen: - Kjipt≫ . NRK.no . Henta 15. desember 2007 .  
  13. 13,0 13,1 ≪Arets beste, kast 2003≫ . friidrett.no. Arkivert fra originalen 9. mai 2012 . Henta 7. mai 2011 .     statistikk
  14. ≪Norske rekorder for Menn Junior 19≫ . friidrett.no. Arkivert fra originalen 4. juni 2008 . Henta 16. desember 2007 .  
  15. 15,0 15,1 ≪- Det er helt sinnssykt!≫ . VGNett . Henta 16. desember 2007 .  
  16. ≪Thorkildsen klarte OL-kravet≫ . NRK.no . Henta 15. desember 2007 .  
  17. ≪Thorkildsen vant DN-galan i spyd≫ . NRK.no . Henta 15. desember 2007 .  
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 ≪Javelin Throw 2004≫ . IAAF.org . Henta 16. desember 2007 .     statistikk (engelsk)
  19. ≪Lettet Thorkildsen til finalen≫ . VGNett (NTB) . Henta 15. desember 2007 .  
  20. ≪Sportsjournalistene karet Thorkildsen≫ . NRK.no . Henta 15. desember 2007 .  
  21. european-athletics .org: Waterford Crystal European Athlete of the Year Trophy 2004 , besøkt 29. mars 2011
  22. ≪Thorkildsen knallet til med ny rekord≫ . Aftenposten.no . Henta 16. desember 2007 .  
  23. ≪Klinket til med norsk rekord≫ . VGNett . Henta 16. desember 2007 .  
  24. 24,0 24,1 ≪Javelin Throw 2005≫ . IAAF.no . Henta 16. desember 2007 .     statistikk (engelsk)
  25. ≪- Utrolig fornøyd!≫ . Dagbladet.no . Henta 15. desember 2007 .  
  26. european-athletics .org: Waterford Crystal European Athlete of the Year Trophy 2005 , besøkt 29. mars 2011
  27. ≪Thorkildsen tilbake til moderklubben≫ . Dagbladet.no. Arkivert fra originalen 13. februar 2008 . Henta 16. desember 2007 .  
  28. ≪Thorkildsen over 90 meter≫ . NRK.no . Henta 16. desember 2007 .  
  29. ≪Jeg kjente at jeg traff!≫ . NRK.no . Henta 16. desember 2007 .  
  30. ≪Thorkildsen tok gull!≫ . VGNett . Henta 16. desember 2007 .     resultatliste (engelsk)
  31. ≪Stadionrekord og diamant for Thorkildsen i Stockholm≫ . fedrelandsvennen.no . Henta 16. desember 2007 .  
  32. ≪Tok kongepokalen og stakk≫ . BT.no . Henta 16. desember 2007 .  
  33. ≪ZELEZNY - Farewell to a legend - World Athletics Final≫ . IAAF.org . Henta 16. desember 2007 .     (engelsk)
  34. ≪Javelin Throw 2006≫ . IAAF.org . Henta 16. desember 2007 .     statistikk (engelsk)
  35. european-athletics .org: European Athlete of the Year 2006 , besøkt 29. mars 2011
  36. ≪Her er Andreas' modellbilder≫ . fedrelandsvennen.no. Arkivert fra originalen 29. september 2007 . Henta 16. desember 2007 .  
  37. ≪Thorkildsen looks to spear $1 Million Jackpot ? IAAF Golden League≫ . IAAF.org . Henta 16. desember 2007 .     (engelsk)
  38. 38,0 38,1 ≪Arsstatistikk kast 2007≫ . friidrett.no. Arkivert fra originalen 30. september 2007 . Henta 16. desember 2007 .     statistikk
  39. ≪Jeg vet jeg kan vinne≫ . Dagbladet.no. 15. juni 2007 . Henta 16. desember 2007 .  
  40. ≪Thorkildsen dropper NM≫ . Smaalenene.no . Henta 12. desember 2007 .  
  41. ≪VM-sølv til Thorkildsen≫ . Avis2. Arkivert fra originalen 29. juni 2007 . Henta 12. desember 2007 .  
  42. ≪5th IAAF World Athletics Final - Official Result - Men - Javelin Throw≫ . IAAF.org. Arkivert fra originalen 30. oktober 2007 . Henta 16. desember 2007 .  
  43. ≪Friidretten hedret Thorkildsen≫ . Siste.no. Arkivert fra originalen 8. desember 2007 . Henta 16. desember 2007 .  
  44. ≪Thorkildsen tenker gull≫ . Aftenbladet.no. Arkivert fra originalen 21. januar 2008 . Henta 16. desember 2007 .  
  45. ≪Thorkildsen vant med 87,59≫ . VG.no . Henta 22. mai 2008 .  
  46. ≪Top Lists - Javelin Throw 2008≫ . IAAF . Henta 24. august 2008 .     statistikk
  47. ≪Pitkamaki frykter Thorkildsen i finalen≫ . Aftenposten . Henta 24. august 2008 .     statistikk
  48. ≪Results - Men's Javelin Throw Final≫ . IOK - beijing2008.cn. Arkivert fra originalen 26. august 2008 . Henta 24. august 2008 .     Offisiell resultatliste
  49. ≪Thorkildsen skuffet tross seier≫ . VG.no . Henta 8. mai 2009 .  
  50. ≪Thorkildsen skuffet tross seier≫ . nrksport.no . Henta 5. august 2009 .  
  51. ≪Gull til Thorkildsen≫ . adressa.no. Arkivert fra originalen 10. mars 2016 . Henta 23. august 2009 .  
  52. Thorkildsen vant i sesongdebuten . adressa.no . Henta 31. mai 2010 .  
  53. 90,37 av Andreas i Florø . friidrett.no . Arkivert fra originalen 19. desember 2008 . Henta 31. mai 2010 .  
  54. diamondleague-oslo.com: ExxonMobil Bislett Games Resultater Spyd Menn Arkivert 2010-06-08 ved Archive.is Besøkt: 31. juli 2010
  55. diamondleague.com: Andreas THORKILDSEN Arkivert 2010-10-02 ved Wayback Machine . (besøkt 31. juli 2010)
  56. sportresult.com: Bergen SPAR European Team Championships Besøkt: 31. juli 2010
  57. Underlaget gav Thorkildsen trøbbel . nrk.no . Henta 31. juli 2010 .  
  58. Seiersrekka sprakk for Thorkildsen . nrk.no . Henta 31. juli 2010 .  
  59. Nettavisen - Thorkildsen fikk juling , besøkt 7. mai 2011.
  60. Adressa.no - Sesongbeste for Thorkildsen Arkivert 2020-07-04 ved Wayback Machine ., besøkt 15. mai 2011.
  61. Aftenposten.no - Kaster ikke pa Bislett , besøkt 6. juni 2011.
  62. Adressa.no - Thorkildsen tilbake med seier Arkivert 2020-07-04 ved Wayback Machine ., besøkt 25. juni 2011.
  63. TV2 Sporten - Thorkildsen med arsbeste i Lausanne , besøkt 1. juli 2011.
  64. VG.no - Arsbeste i verden for Thorkildsen , besøkt 10. juli 2011.
  65. Nettavisen - Thorkildsen med arsbeste i verden [ daud lenkje ] , besøkt 29. juli 2011.
  66. Fedrelandsvennen (14. august 2011) Takker NM-arrangørene for kjempekastet , hentet 14. august 2011
  67. daegu2011.iaaf.org: Javelin Throw - M Qualification Arkivert 2013-12-04 ved Wayback Machine . hentet 4. september 2011
  68. NRK .no - Jeg var heldig som fikk medalje i dag , hentet 4. september 2011
  69. daegu2011.iaaf.org: Javelin Throw - M Final Arkivert 2014-02-23 ved Wayback Machine ., hentet 4. september 2011
  70. Diamond League ? Javelin Throw Men Arkivert 2011-11-01 ved Wayback Machine ., besøkt 19. oktober 2011.
  71. Fædrelandsvennen ? Sølvgutt, men best i verden , besøkt 19. oktober 2011.
  72. NRK (19. mai 2012): Thorkildsen matte gi seg halvveis i sesongapningen , hentet 20. mai 2012
  73. NRK (28. juni 2012): Thorkildsen trakk seg fra EM-finalen , hentet 29. juni 2012
  74. Dagbladet.no - Thorkildsen-fiasko i OL-finalen , besøkt 8. april 2013.
  75. NRK.no - NM-arrangørene svært skuffet over Andreas Thorkildsen , besøkt 8. april 2013.
  76. Siste.no - Thorkildsen er pa gang Arkivert 2014-07-29 ved Wayback Machine ., besøkt 5. juli 2013.
  77. Fedrelandsvennen - Andreas Thorkildsen vant i Florø , besøkt 5. juli 2013.
  78. NRK.no - Spydfiasko for Thorkildsen pa Bislett , besøkt 5. juli 2013.
  79. ABC Nyheter - Thorkildsen best i Birmingham , besøkt 5. juli 2013.
  80. NRK.no - Thorkildsen vant i Birmingham , besøkt 5. juni 2013.
  81. NRK Sport - Diamond League 2014 , besøkt 1. juni 2014
  82. TV2.no - Andreas Thorkildsen endte pa sisteplass , besøkt 12. juni 2014.
  83. Dagbladet.no - Andreas Thorkildsen avslutter sesongen umiddelbart , besøkt 23. juli 2014.
  84. VG.no - Thorkildsen gir opp arets sesong , besøkt 9. juni 2015.
  85. ≪Andreas Thorkildsen legger opp≫ . TV 2 . 11. mai 2016 . Henta 11. mai 2016 .  
  86. european-athletics .org (2. oktober 2008): Andreas Thorkildsen (NOR) is the male Waterford Crystal European Athlete of the Year 2008 , besøkt 29. mars 2011

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]