Dei sameinte nasjonane (avstytta SN eller FN (etter bokmal De forente nasjoner )) er ein internasjonal organisasjon som har som mal a fa alle landa i verda til a samarbeida. Det er om lag 193 sjølvstendige anerkjende statar som er medlem av SN. Vatikanstaten og Palestina er ikkje medlem, men er observatørar. [2] I tillegg har organisasjonen ein stor administrasjonsstab som blir leidd av ein generalsekretær .
Nobels fredspris 2001
Organisasjonen har ei generalforsamling der representantar fra alle medlemslanda sit. Tryggingsradet er eit mindre organ med ein handfull land som har moglegheit til a handla raskare. Generalforsamlinga og administrasjonen til SN ligg i New York . SN har og dotterorganisasjonar som konsentrer seg om ulike felt, som UNICEF (barn), UNESCO (kultur), WHO (helse), UNHCR (flyktningar) og UNHCHR (menneskerettar). Organisasjonen har seks offisielle sprak; engelsk , fransk , spansk , russisk , arabisk og kinesisk ( mandarin ).
SN fekk Nobels fredspris for 2001.
SN er ein etterfølgjar av det eldre Folkeforbundet . SN blei til etter Den andre verdskrigen , pa ein konferanse i San Francisco der femti statar var med. 24. oktober 1945 hadde dei fleste landa som var med ratifisert avtalen, og dette vert derfor rekna som grunnleggjingsdagen.
Namnet ≪United Nations≫ er likevel eldre. Det blei først foreslatt av den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt og brukt i 1942 om landa som allierte seg mot aksemaktene under andre verdskrigen .