Zygmunt Bauman

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Zygmunt Bauman

Fødd 19. november 1925
Pozna?
Død 9. januar 2017
Leeds
Nasjonalitet Polen, Storbritannia
Omrade sosiologi
Yrke filosof , sosiolog , universitetslærar , skribent , kommentator
Institusjonar University of Leeds
Universitetet i Warszawa
Korpus Bezpiecze?stwa Wewn?trznego
Alma mater London School of Economics
Faculty of Philosophy and Sociology, University of Warsaw
Ektefelle Janina Bauman
Barn Irena Bauman
Medlem Komitety Polskiej Akademii Nauk

Zygmunt Bauman ( 19. november   1925 9. januar   2017 ) [1] var ein polsk jødisk sosiolog og filosof. Han vart driven ut or Polen da den kommunistiske regjeringa sette i verk politiske utreinskingar i 1968, samstundes som han vart tvinga til a gje avkall pa sitt polske statsborgarskap da han flytta til Storbritannia . Bauman var ein av dei aller fremste samfunnsteoritakarane i verda, med verk om sa atskilde emne som modernitet, holocaust , forbrukarsamfunn og seinmoderne samfunn.

Familie [ endre | endre wikiteksten ]

Zygmunt Bauman var fødd inn i ein jødisk familie og budde fram til byrjinga av den andre verdskrigen i Pozna? . Dernest flytta familien hans til Sovjetunionen . Bauman tok del i slaget om Kołobrzeg der han vart sara og i slaget om Berlin .

Etter krigen studerte han sosiologi ved Universitetet i Warszawa . Som fylgje av dei politiske utreinskingane i 1968 forlet han Polen og emigrerte fyrst til Israel , og dernest til England i 1971, der han vart professor i sosiologi ved University of Leeds , og seinare emertius i 2004. [2]

Han var gift med forfattaren Janina Bauman (fødd Lewinson) som overlevde Warszawagettoen .

Filosof [ endre | endre wikiteksten ]

Bauman var særleg kjent for sine analysar av den postmoderne forbrukarkulturen og samanhengane mellom moderniteten og Holocaust . [3] Han yrkte mykje med postmodernismekonseptet , men nytta sidan 2000 nokre anna omgrep for a skildra utviklinga innan moderniteten, nemleg ≪fast≫ og ≪flytande modernitet≫. [4]

Bauman er særleg kjent for boka si Moderniteten og Holocaust fra 1989 der han argumenterte for at jødeutryddinga kunne tolkast som ein logisk fylgje av opplysingstida og det moderne prosjekt . Bauman hevda Holocaust ikkje kunne verta forklara som eit resultat av rasehat i det tyske folk, og heller ikkje til a forsta som psykologiske avvik i krinsen rundt Adolf Hitler . Bauman meinte jødeutryddinga fann stad av di at nyttetenking, produksjon og orden hadde vorte overordna mal for nasjonalstaten slik at solidaritet og ansvar for medmenneske vart forskove fra enkeltindividet til eit ansiktslaust byrakrati . [5]

Prisar og utmerkingar [ endre | endre wikiteksten ]

Bauman tok imot Fyrstinnen av Asturias' pris for kommunikasjon og humaniora for 2010. [6] Han var ogsa æresdoktor ved Universitetet i Oslo . [5] I 1989 fekk han den italienske Amalfiprisen for Moderniteten og Holocaust . [7]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Zygmunt Bauman obituary≫ . The Guradian. 15. januar 2017 . Henta 18. februar 2023 .  
  2. ≪Zygmunt Bauman (1925-2017)≫ . University of Leeds Library . Henta 18. februar 2023 .  
  3. Knut Olav Amas . ? Usikkerhet skaper fundamentalisme ; Aftenposten , 12. oktober 2011.
  4. Nielsen, Torben Hviid: Zygmunt Bauman i Store norske leksikon i snl.no. Henta 18. februar 2023.
  5. 5,0 5,1 13 nye æresdoktorer ved Universitetet i Oslo Uniforum nr. 12 1997
  6. Prince of Asturias Award for Communication and Humanities 2010 , Fundacion Principe de Asturias.
  7. ≪History of the Amalfi Prize and Prize Winners≫ . Arkivert fra originalen 11. januar 2017 . Henta 10. januar 2017 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Zygmunt Bauman
Commons har multimedium som gjeld: Zygmunt Bauman