Tekst-TV

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Tekst-TV fra det tyske fjernsynsselskapet ZDF i 2005. Biletet viser skjermbilete fra den første standarden Teletext Level 1.0 samanlikna med Teletext Level 2.5.

Tekst-TV eller tekst-tv er eit system for kringkasting av tekst og enkle grafiske figurar saman med fjernsynskanalar . Systemet er hovudsakleg brukt til overføring av korte meldingar, samandrag av nyhende, programoversyn og liknande. Tekst-TV vart lansert i Noreg i 1983. [1] I dag er det berre NRK som framleis har tekst-TV, etter at TV2 la ned løysninga si i 2017. [2] Same aret var det kring 400 000 nordmenn som framleis brukte tekst-TV, trass den aukande populariteten til internett som informasjonskanal. [3] Tekst-TV sidene til NRK er ogsa tilgjengelege pa internett.

Fjernsynsmottakarar som skal ta imot tekst-TV, ma vere utstyrt med ein dekodarkrins og fjernkontroll . Sjaaren kan kalle opp tekstinformasjon pa skjermen ved a trykke pa knappane pa fjernkontrollen. Tekst-TV er ogsa brukt for teksting av fjernsynsprogram for personar med svekt høyrsel .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪Ho brukar heller Tekst-TV enn smarttelefonen≫ . NRK . 2. februar 2018 . Henta 1. mars 2019 .  
  2. ≪TV 2 avvikler tekst-tv≫ . TV2 . 31. januar 2017 . Henta 1. mars 2019 .  
  3. ≪400.000 bruker tekst-TV hver dag≫ . NRK . 2. februar 2017 . Henta 1. mars 2019 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]