Otto Lange

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Otto Lange

Fødd 30. november 1797
Jevnaker
Død 4. november 1870 (72 ar)
Statsborgar av Noreg
Parti ingen
Yrke politikar
Alle verv

Otto Vincent Lange ( 30. november   1797 4. november   1870 ) var ein norsk stortingsrepresentant og statsrad.

Lange var fødd pa Jevnaker , der faren var sokneprest. Han tok examen artium i 1814 i Kristiania, andreeksamen i 1816. Studerte deretter teologi i eit par ar. Arbeidde sa fra 1818 som huslærar hos statsrad Niels Aall pa Ulefoss i tre ar. Etter sjukdom og ei lengre sjøreise vart han i 1823 førstelærar ved Arendals borgarlege realskule . Aret etter vart han styrar ved skulen. I 1832 var han ein av stiftarane av 'Arendals Skoles offentlige Bibliothek og Museum'.

Lange vart i 1834 tollkasserar i Arendal .

Lange vart vald inn pa Stortinget som førsterepresentant fra Arendal i 1833. I 1836 og dei seks pafølgjande stortingsvala (det siste i 1854) vart han vald som førsterepresentant for Arendal og Grimstad . Han var formann i tollkomiteen pa alle storting fra og med 1839. Fra 1842 var han, med eitt unnatak, medlem av Lagtinget , i 1845 saleis medlem av riksretten . Lange var elles politisk aktiv i Arendal og sat i bystyret fra 1837 til 1854.

7. oktober 1854 vart Lange statsrad. Dei neste knappe ni ara leia han dels Kyrkje- og undervisningsdepartementet , dels Finansdepartementet . Tre bolkar var han medlem av den norske statsradsavdelinga i Stockholm . Han gjekk ut av statradet 22. juni 1863.

Lange fekk fleire ordenar for si gjerning. Han vart riddar av St. Olavs orden i 1847, kommandør i 1857, og i 1863 vart Lange tildelt storkorset av St. Olavs orden ≪for statsborgerlig og Embedsfortjeneste≫. To svenske ordenar vart han til del, han bar storkors av Nordstjerneordenen og var riddar av Vasaordenen . Lange var ogsa innehavar av første klasse (tilsvarande storkors) av den osmanske Mecidi-ordenen .

Han døydde i Arendal i 1870. Ulrik Lange var bror hans.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947 , utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947.