Olav Aukrust

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Olav Aukrust

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. januar 1883
Lom kommune
Død

3. november 1929 (46 ar)
Lom kommune

Yrke lyrikar , pedagog , skribent , skodespelar
Sprak norsk, nynorsk
Medlem av Antroposofisk Selskap
Olav Aukrust pa Commons

Olav Aukrust ( 21. januar   1883 3. november   1929 ) var ein norsk lærar, lyrikar og diktar fra Lom kommune i Oppland fylke . Han skreiv pa nynorsk med ein svip av gudbrandsdalmal. Aukrust nytta gjerne lokalomradet som inspirasjon for dei romantiske dikta sine.

Liv og virke [ endre | endre wikiteksten ]

Fram til 1917 arbeidde Aukrust som lærar og etter kvart folkehøgskulestyrar i Lom. Garden der han var fødd og budde heile livet, Nordgard Aukrust, er open for publikum i turistsesongen. Det vert drive ein stor urtehage pa staden, men det er og mogleg a sja minne etter Aukrust.

Typisk for Aukrust er store, rapsodiske dikt med religiøst og filosofisk innhald. Han brukte gjerne den sakalla wergelandtrokeen , men ikkje sa mjukt som Henrik Wergeland ? til det var Aukrust for rimglad. Ved sida av Ibsen er han vorten rekna som var mest rimglade poet. [1]

Mellom Aukrusts mest sentrale dikt kan nemnast Emne . Leif Mæhle skreiv doktoravhandlinga si med utgangspunkt i emneproblematikken i Aukrusts dikting. Eit anna sentralt og velkjent dikt er ≪Still meg ei storvengja sorg overskygde≫, som byggjer pa ei ekstatisk-mystisk oppleving Aukrust hadde i ungdommen, og som kom til a tyda mykje for diktinga hans. Typisk er og det stemningsmetta ≪Einsemd≫. Kjært for mange er det vesle diktet pa fire sma strofer som heiter ≪Ei naki grein≫:

Ei naki grein med blodraud bær
og ei som bladrik blømer,
pa kvar sin mate fagre er
for den som kjærleg dømer.

Komponisten Sparre Olsen tonesette mellom anna ≪Fjell-Norig≫ og ≪Varbla himil i mars≫. Det fyrste er vorte folkeeige som korsong. Camilla Granlien Band har pa plata Jarnnetter (2008) brukt mange av tekstane til Aukrust og sambygdingen Tor Jonsson , inkludert ≪Ei naki grein≫.

Aukrust stod pa fleire matar folketradisjonen nær. Han kunne t.d. bruka lokale segner som emne for dikting, som i ≪Sota≫. Han skreiv ogsa populære folkelivsbilete som Aksion pa Tande og Bilbeistet .

Aukrust var musikalsk, og ønska a bli musikar, men fekk leddtuberkulose som øydela for desse planane. Han spelte likevel litt folkemusikk fra heimetraktene pa fele og munnharpe.

Aukrust si dikting inspirerte fleire andre lyrikarar, mellom dei Aslaug Vaa og Olav H. Hauge , som begge byrja sin lyriske karriere i tilnærma Aukruststil.

Aukrust var gift med Gudrun Blekastad. Fram til 1917 arbeidde han som lærar, og vart etterkvart folkehøgskulestyrar pa Dovre og i Gausdal.

Bilethoggaren Dyre Vaa , som er kunstnaren bak Aukrustmonumentet i Lom, gav skulpturen som framstiller St. Clemens pa Nidarosdomen, Aukrusts trekk. Nordgard Aukrust, garden der diktaren vart fødd og budde heile livet, er open for publikum i turistsesongen. Det vert no drive ein stor urtehage pa staden, men det er og mogleg a sja minne etter Aukrust.

Olav Aukrust var onkelen til den folkekjære Kjell Aukrust .

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

  • Himmelvarden , 1916.
  • Hamar i Hellom , 1926.
  • Emne , Gyldendal, 1926.
  • Solrenning , Gyldendal, 1930.
  • Norske terningar , Gyldendal, 1931.
  • Dikt i samling , I-II, Gyldendal, 1942.
  • Skaldespor. Artikler, taler og brev i utvalg, Gyldendal, 1952. Utval ved Leif Mæhle . Innleiinga til Mæhle er ein utførleg biografi over diktaren.

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Jf. Hallvard Lie i Norsk verslære .
  • Mæhle, Leif 1968: Vegen til varden (doktoravh.)
  • Birkeland, Bjarte : ≪Den nye lyrikargenerasjonen≫ i Noregs litteraturhistorie b. 4 1975. Spesielt om Aukrust s. 668-692.
  • Havnevik, Ivar 2002: Dikt i Noreg s. 301-306

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]