Oase

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
For den kristne rørsla, sja OASE-rørsla .
Oase i den libyske delen av Sahara .

Oase er ei isolert vasskjelde i ein ørken . Ein oase blir til ved at ein straum av grunnvatn kjem til overflata. Av og til veks det mange platevekster omkring kjelda, planter som lever ekstra godt nar vatnet er heilt nær dei, og dei treng difor ikkje a ha lange røter for a na grunnvatnet.

Ordet oase kom til norsk og andre europeiske sprak fra gresk ?ασι? oasis , et ord som er lant direkte fra egyptiske w?3t eller fra demotiske w??. Det er ikkje lant fra det koptiske ordet oua?e (*/waħe/) slik det ofte blir pastatt, sidan det det greske ordet er funne fleire hundrear før koptisk eksisterte som et skriftsprak.

Oasar har svært stor innverknad pa handels- og transportruter i ørkenstrok. Karavanar ma reisa via oasar, slik at ein kan fa nye forsyningar av vatn og mat. Dette har ført til at militær eller politisk kontroll med oasar ofte har ført til kontroll over handelsruter. For eksempel har oasane Awjila, Ghadames og Kufra i dagens Libya, til ulike tider vore vitale knutepunkt for bade nord-sør og aust-vest handel i Sahara.