Mat

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
For elva i Albania, sja elva Mat .
Den vietnamesiske matretten ph? med kylling.

Mat (norrønt matr ) [1] er alt det ein kan eta. Mat er viktig for a fa i seg næringsstoffa ein treng, men smak , lukt, utsjanad, tekstur og kulturell tyding kan likevel vera like viktig som nytteverdien til maten. Ulike omrade har derfor utvikla sine eigne, heilt forskjellige former for kokekunst .

Ein skil som regel mat fra drikke , sjølv om dei har mykje av dei same funksjonane. Mat kan finnast i like flytande form som drikke, men ein seier som regel at ein et mat (ogsa flytande, som suppe ) medan ein drikk drikke.

Historisk utvikling [ endre | endre wikiteksten ]

Menneske i tidlegare tider brukte mykje av kreftene sine pa a skaffa mat, enten ved a sanka , jakta , eller dyrka jorda . Ettersom landbruket er blitt meir og meir effektivt treng ikkje folk bruka sa mykje tid eller pengar pa a skaffa seg maten ein treng. I staden er det blitt eit problem at ein del far for mykje eller feil næring, noko som kan føra til livsstilsjukdommar som overvekt og eventuelt hjarte- og karsjukdommar eller kreft . Andre, derimot, far for lite eller feil næring, anten fordi dei er fattige eller fordi dei har eteforstyrringar . Dette kan føra til mangelsjukdommar , ufullstendig utvikling, eller i verste fall til at dei døyr av svolt .

Mat som symbol [ endre | endre wikiteksten ]

Massa er ein viktig del av jødisk pesah -feiring.

Mennesket er rekna som altetande , det vil seia at me kan ta til oss næring fra mange ulike kjelder, bade fra dyr og plantar. Det finst likevel mange kulturelle grenser for kva ein meiner er bra a eta. Religionar som islam , jødedom , hinduisme og buddhisme har til dels kompliserte reglar for kva som er lovleg mat og kva som ikkje er det. Andre kulturar har grenser som er mindre uttalte. Dei fleste nordmenn vil til dømes unnga a eta larvar eller maur fordi dei tykkjer det er ekkelt.

Mat blir brukt til a markera høgtider , anten ved at ein lager ein særskild rett eller ved at ein avstar fra ein viss type mat. I svært mange kulturar er det og vanleg a ofra mat til gudar eller ander, anten dagleg eller pa spesielle dagar.

Ulike mattypar [ endre | endre wikiteksten ]

Animalsk mat

Fra pattedyr : Kjøt , mjølkeprodukt , blodmat o.a.
Fra fugl : Kjøt av fjørfe og villfugl , egg
Fra havet : Fisk , skaldyr og blautdyr
Plantebasert mat
Annan organisk mat
Uorganisk mat

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]