Mammut

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Mammut
Utbreiing
Utbreiinga av mammut
Utbreiinga av mammut
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Snabeldyr Proboscidea
Familie: Elefantfamilien Elephantidae
Understamme: Elephantina
Slekt: Mammut Mammuthus
Brookes , 1828

Mammut er namnet pa fleire utdøydde dyr i elefantfamilien . Mammutar var nærmast i slekt med den nalevande indiske elefanten . Dei levde pa steppene i Nord-Amerika og Eurasia gjennom Pleistocen -tida, og heldt seg som regel ved iskantane .

Mange stader i verda, ogsa i Noreg, kan ein finne rester av mammutar. I Gudbrandsdalen har ein gjort mange funn av støyttenner. I Sibir har ein funne mammutar godt bevarte i isen. Derfor veit ein ein del om korleis dyret sag ut og kva det at.

Skildring [ endre | endre wikiteksten ]

Mammutane likna elefantar, men utmerka seg ved ein stor kul pa hovudet og ein pukkel framme pa ryggen. Kroppen var dekt med tett, tjukt har , og hadde eit opptil 12 cm tjukt lag med spekk under huda ved vinterstid. Støyttennene kunne verte opptil tre meter lange og vege 80 kg, og snodde seg etter kvart som dei voks. Hoene hadde mindre og rettare støyttenner enn hannane.

Det fanst fleire mammut artar i ulike storleikar i ulike delar av verda. Dei største mammutartane levde i Nord-Amerika , og kunne bli 5 meter høge ved skuldrene. Dei fleste av dei vart likevel ikkje stort større enn dei indiske elefantane vert i dag.

Utrydding [ endre | endre wikiteksten ]

Dei fleste mammutartane døydde ut samstundes med at den siste istida slutta for om lag 12000 ar sidan. Nokre fa, isolerte bestandar heldt likevel stand; pa St.Paul Island i Alaska klarte dei seg heilt til ar 6000 f. Kr., og ein dvergart som levde pa Wrangeløya døydde ikkje ut før mellom ar 1700 og 1500 f. Kr. Forskarane er usamde i kvifor dei døydde ut.

Dei viktigaste hypotesane om utrydjinga gar pa darleg tilpassing til klimatiske endringar og menneskeleg overbeskatning. Nokre forskarar meiner og at dei vart offer for ein epidemi . Dei fleste meiner likevel at løysinga ligg i ein kombinasjon av klimaendringar og jakt .

Det har vorte vist, ut fra studium gjort pa moderne elefantar, at menneskeleg paverknad kan ha vore ein faktor, om ikkje den einaste. Ein veit at allereie menneskearten Homo erectus at mammut kjøt sa tidleg som for 1,8 millionar ar sidan.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Mammut