Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ludvig Peter Karsten
(
8. mai
1876
–
19. oktober
1926
) var ein norsk
kunstmalar
. Malarkunsten hans merkar seg ut gjennom bruken av intense fargekontrastar.
Karsten var fødd i
Oslo
(Kristiania) og oppvaksen der. Faren var ein innvandra murmeister fra
Tyskland
, ein mann som sanka seg stor formue. Sonen Ludvig gjekk i lære ved Tegneskolen si kveldsundervisning fra han var femten ar gammal (1891-95). Deretter studerte han i
Roma
1895-96, i
Munchen
1896 og 1900, og i
Paris
1901 og 1910. Han reiste mykje, besøkte bade Italia, Tyskland,
Spania
, Frankrike,
Nord-Afrika
og
Tyrkia
. Fra 1907 hadde han fleire opphald i
Son
. Om lag fra same tid budde han for det meste i
København
.
Karsten mottok avgjerande inntrykk fra
Edvard Munch
, som han trefte fyrste gongen i 1901 i
Asgardstrand
. Han lærte ogsa av dei franske malarane Eugen Carriere (i 1901) og
Henri Matisse
(i 1910) i Paris. Debuten fann stad pa
Haustutstillinga
i 1901, si fyrste separatutstilling heldt han i 1904 i Oslo.
I samtida vart Karsten sett som den viktigaste norske malaren inspirert av Edvard Munch, og den einaste som hadde eit sjølvstendig uttrykk.
Christian Krohg
karakteriserer i ein artikkel fra 1910 Karsten som ein av Noregs seks førande
impresjonistar
. Fram om alt var Karsten ein leiande
kolorist
i norsk malarkunst. Han var mindre interessert i form, line og motiv.
Til dei mest kjende bileta hans høyrer
Sysken
(1901),
Tæringssyk
(1907),
Blatt kjøkken
(1913) og
Ved speilet
(1914). Karsten laga elles personlege parafrasar etter gamle meistrar,
Nedtagelsen
etter den spanske malaren
Jose de Ribera
fekk mykje atgaum.
Etter unionsoppløysinga (mellom Noreg og Sverige) fekk Karsten i oppdrag a male stortingspresident
Carl Berner
. Han fekk da tildelt atelier med divan i stortingsbygninga. Etter kvart vart det vanleg at Krohg og andre vener vart med Karsten pa nachspiel pa Stortinget, etter at serveringsstaden Grand stengde for kvelden. Da dette vart oppdaga mista Karsten atelieret.
Karsten omkom ved eit fall i eit hotell i Paris. Han er gravlagd pa
Var Frelsers gravlund
i Oslo.
- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet
- Gauguin, Pola.
Ludvig Karsten
. 1949
- Krohg, Christian. "De seks". I:
Kunst og kultur
, 1911.
Om: Bernhard Folkestad, Ludvig Karsten, Theodor Laureng, Henrik Lund, Søren Onsager, Anders Castus Svarstad
- Messel, Nils.
Ludvig Karsten
. Messel forlag, 1995.
ISBN 82-7631-027-3
- Stenersen, Rolf E. ≪Nogen ord om Edv. Munch, Ludvig Karsten og Henrik Sørensen≫. I:
Vor Verden
, nr 9, 1928
- Det søte liv: kolorister i nord 1910-1920
Blaafarveværket, 1996. (
Utstillingskatalog
).
ISBN 82-90734-15-8