Leon M. Lederman

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Leon M. Lederman

Fødd 15. juli 1922
Buffalo i New York , New York by
Død 3. oktober 2018
Rexburg
Nasjonalitet Amerikansk
Omrade fysikk
Yrke partikkelfysiker , universitetslærar , fysikar
Institusjonar University of Chicago
Columbia University
Illinois Institute of Technology
Fermilab
Alma mater City College of New York
Columbia University
James Monroe High School
Doktorgradsrettleiar Eugene T. Booth
Gilberto Bernardini
Kjend for Nøytrinoar
Barn Rena Lederman
Medlem National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

Leon Max Lederman ( fødd  15. juli   1922 ) er ein amerikansk matematikar og fysikar . Lederman vart tildelt Nobelprisen i fysikk 1988, saman med Melvin Schwartz og Jack Steinberger , for metoden med nøytrinostraler og pavisinga av dobbeltstrukturen til lepton gjennom oppdaginga av myonnøytrino . Han har og mottatt Wolfprisen i fysikk .

Lederman tok doktorgrad ved Columbia University , New York, i 1951, og vart professor ved same universitet i 1958. Han var sjef for Fermi National Accelerator Laboratory in Batavia, Illinois mellom 1979 og 1989.

Pa starten av 1960-talet utførte Lederman, Schwartz og Steinberger eksperiment ved Brookhaven National Laboratory der dei nytta partikkelaksellerator for a generere ei strale av nøytrinoar , partiklar som ikkje har nokon merkbar masse eller elektrisk ladning. Det var kjend at nar nøytrinoar treffer materie, sa vert det nokre gonger generert elektron eller elektronlike partiklar som kallast myon . Det var derimot ikkje kjend om dette kom av at det fanst ulike typar nøytrinoar. Lederman , Schwartz og Steinberger viste at dette var tilfelle og kalla den tidlegare uidentifiserte typen av nøytrinoar som genererte myon for myonnøytrino . Denne oppdaginga førte til innsikta i at leptona, den familien av partiklar som elektron og nøytrinoar tilhøyrer, dannar ≪familiar≫ av partiklar. Dette er no ein del av standardmodellen som skildrar oppbygginga og kategoriseringa av elementærpartiklane .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]