Jack Steinberger

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Jack Steinberger

Jack Steinberger
Fødd Hans Jakob Steinberger
25. mai 1921 (102 ar)
Bad Kissingen
Død 12. desember 2020
Geneve
Nasjonalitet Tysk-amerikansk
Omrade fysikk
Yrke fysikar , universitetslærar
Institusjonar Columbia University
CERN
University of California, Berkeley
Alma mater University of Chicago
Illinois Institute of Technology
New Trier High School
Doktorgradsrettleiar Edward Teller
Kjend for Oppdagubga av myonnøytrino
Barn Ned Steinberger , Julia K. Steinberger
Medlem Accademia Nazionale dei Lincei
Heidelberger Akademie der Wissenschaften
American Academy of Arts and Sciences
Academia Europaea
National Academy of Sciences

Jack Steinberger ( fødd  25. mai   1921 ) er ein tysk-amerikansk fysikar som i 1988 mottok Nobelprisen i fysikk . Han vart tildelt prisen pa bakgrunn av metoden med nøytrinostralar og pavisinga av dobbeltstrukturen til leptonet gjennom oppdaginga av myonnøytrino . Prispengane vart delt med Leon M. Lederman og Melvin Schwartz .

Steinberger emigrerte til USA i 1934 og tok doktorgraden sin ved University of Chicago i 1948. Han var professor ved Columbia University i New York , fra 1950 til 1971. Fra 1968 arbeidde han ved CERN i Geneve .

Pa starten av 1960-talet utførte Lederman, Schwartz og Steinberger eksperiment ved Brookhaven National Laboratory der dei brukte partikkelakselerator for a generere ein strale av nøytrino , partiklar som ikkje har nokon paviseleg masse eller elektrisk ladning. Det var kjent at nar nøytrinoet treffer materie, sa blir generert nokre gonger elektron eller elektronlike partiklar som blir kalla myonar . Det var derimot ikkje kjent om dette kom av at det fanst ulike typar nøytrinoar. Lederman, Schwartz og Steinberger viste at dette var tilfelle og kalla den tidlegare uidentifiserte typen av nøytrinoar som genererte myonar for myonnøytrino .

Denne oppdaginga leia til innsikta i at leptona , den familien av partiklar som elektron og nøytrinoar tilhøyrer, dannar ≪familiar≫ av partiklar. Dette er no ein del av standardmodellen som skildrar oppbygginga og kategoriseringa av elementærpartiklane .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]