Jonsok

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Jonsokbal )
Bal pa jonsokaftan.
Foto: Malene Thyssen, 23. juni 2005

Jonsok (ei samandraging av jonsvoke ), og kalla sankthans eller jonsmesse , er den 24. juni . Ved jonsok er det vanleg mange stader i Nord-Europa a feire midtsommar . Mange stadar vert det brent bal pa jonsokaftan den 23. juni . Pa primstaven er jonsok gjerne merkt av med ei krone , ein kross , ein lja eller eit tre .

Namnet jonsok kjem av det norrøne jonsvaka, av Jon , som er ei forkorting av Johannes. St. Hans er ei forkorting av Sankt Johannes' dag. I den katolske kyrkja er den 24. juni minnedag for Johannes døyparen .

Jonsokbalet blir ogsa kalla ≪brise≫, ≪brising≫ eller ≪briseld≫ - i følge Ivar Aasen ≪især Lystild som optændes pa et høit Sted for at sees i Frastand.≫ [1]

Opphav og utvikling [ endre | endre wikiteksten ]

Pa same mate som jul , er midtsommarfesten ein gammal heidensk tradisjon. Han blei feira med leik , dans , drikk og ulike skikkar med heidensk opphav. Rundt reformasjonen pa 1500-talet gjorde kyrkjer og styresmakter mykje for a stoppa det dei sag pa som ei umoralsk feiring. Tradisjonen blei noko svekka i land som Danmark-Noreg og Storbritannia , men heldt seg betre i Sverige , Finland , Estland og Latvia .

≪St. Hansbal ved Jølstravatnet ≫ av Nikolai Astrup .

I Noreg var jonsokdagen offentleg heilagdag etter Kristian den femtes norske lov , under namnet St. Hans Babtistæ Dag . I kyrkjene vart det preika over Evangeliet etter Lukas , 1. kapittel versa 57-79 Johannes vert fødd og Sakarjas lovsong . Dette vart oppheva fra 1771 ved Festdagsreduksjonen , men nokre stader i Noreg, mellom anna i Vestfold , har jonsokdagen vore fridag opp til vare dagar.

Olaus Magnus skildra feiringa slik i 1555: [2]

≪Midtsommeraften samles folk, uansett kjønn og alder, pa byens torv eller ute i det fri, for der a danse i skinnet av tallrike bal. Under dansen synger man viser om fortidens helters bedrifter, ogsa om det kvinner har gjort for a bevare sin kyskhet. Man synger ogsa viser om mennesker uten ære og samvittighet, onde og feige. Alt dette synges i viser og pa melodier som er gatt i arv fra forfedrene. Unge piker synger om de mange feil ektemennene gjør seg skyldige i, slik som terningspill, slagsmal i kroen o.a. Unge menn synger til gjengjeld om late, falske, sladresyke og troløse kvinner, og at de ikke ma klage over mennene alene. Man tar ogsa for seg late sjølfolk, uærlige bønder, troløse borgere og grusomme og begjærlige fogder. Dette skjer for a vise ungdommen hvor høyt dyden star og at de skal ga i trofasthetens fotspor, og sky det darlige eksempel.≫

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Fotnotar
  1. Aasen, Ivar: Norsk ordbog med dansk forklaring . Kristiania: Cammermeyer, 1918
  2. Sitert i Dag og Tid 22. juni 2012, s. 39, opphavleg pa latin i Historia de Gentibus Septentrionalibus

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]