Johan Fredrik Eckersberg

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Johan Fredrik Eckersberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1822
Drammen kommune
Død

13. juli 1870 (48 ar)
Bærum kommune

Yrke kunstmalar , illustratør
Sjanger landskapsmaleri
Born Johan Fredrik Eckersberg
Johan Fredrik Eckersberg pa Commons

Johan Fredrik Eckersberg ( 16. juni   1822 13. juli   1870 ) var ein norsk kunstmalar. Han er særleg kjend for sine landskapsmaleri fra høgfjellet.

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Tømmerkjørsel og Mærkning
Fra Horgheim i Romsdal , 1857
Romsdalshorn , 1865
Folkedrakt fra Voss, 1861

Eckersberg var fødd i Drammen , der faren var kjøpmann. I yngre ar lærte han seg til farens yrke. Under eit opphald i Nederland vart han for fulle kjend med malarkunsten. Han fekk si malarutdanning ved Den kgl. Tegneskole i Kristiania, under Johannes Flintoe (1843-46), og sidan ved kunstakademiet i Dusseldorf under Johann Wilhelm Schirmer (1846-48). I Dusseldorf fekk han elles rettleiing fra Hans Gude , og Eckersberg vart paverka av bade denne og avdøde August Cappelen sin malarstil.

Fra 1848 busette Eckerberg seg i den norske hovudstaden. Han levde av a male landskapsbilete og illustrere eventyr. Dessutan laga han teikningar til plansjeverk (til dømes Norge fremstillet i Tegninger og Norske Nationaldragter ). 1852-54 budde han av helsegrunnar pa Madeira . Aret etter han kom heim fekk han trykt ei mappe med farge litografi basert pa opphaldet.

I si framstilling av det norske landskapet la Eckersberg etter kvart vekt pa den klare, skarpe strek. Det koloristiske vart tona ned, og landskapa framstar som meir røyndomsnære enn tilsvarande som dei andre norske dusseldorf-malarane laga. Slik vert han ein overgangsfigur i norsk kunsthistorie mellom romantikken og realismen. Fra Valle i Setesdal er hans fyrste hovudverk, midt i 1860-ara kom Solnedgang pa fjellet og Fra Jotunheimen .

Eckersberg oppretta i 1859 ein malarskule i Kristiania. Denne skulen fekk stor innverknad pa norsk kunstliv dei neste tiara. Trass i darleg helse grunna tuberkulose, dreiv han skulen fram til sin død. Skulen vart driven vidare av mellom andre Knud Bergslien .

Eckersberg døydde i Sandvika i Akershus.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

  • Fra Valle i Setesdal , 1852
  • Norske Nationaldragter , 1852
  • Views in the islands of Madeira , 1855
  • Portrett av Rikard Nordraak
  • Romsdalshorn , 1865
  • Brudeferd i Hardangerfjorden , 1865 og 1866
  • Fra Jotunheimen , 1866

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Johan Fredrik Eckersberg