Harald V av Noreg

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Harald V )
Harald V av Noreg

Fødd 21. februar 1937
Fødestad Skaugum
Gift med Sonja av Noreg
Dynasti Huset Glucksburg (Norge)
Motto Alt for Norge
Far Olav V av Noreg
Mor Martha av Noreg
Born Martha Louise av Noreg , Haakon Magnus av Noreg

Kong Harald V av Noreg er kongen av Noreg sidan 1991. Harald var kronprinsregent fra mai 1990, da far hans var sjuk. Den 17. januar 1991 døydde kong Olav, og Harald vart da ny konge. Han vidareførte valspraket til faren og farfaren sin, ≪ Alt for Norge ≫. Lik faren sin vart han signa i Nidarosdomen i Trondheim .

Kongen er øvste leiaren for Den norske kyrkja og øvstkommanderande for den norske hæren .

Barndom [ endre | endre wikiteksten ]

Kong Harald vart fødd pa Skaugum den 21. februar 1937 som son av kronprinsparet Olav og Martha . Han har to eldre søstrer, prinsesse Ragnhild fru Lorentzen og prinsesse Astrid fru Ferner . Harald V høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glucksburg .

Under Den andre verdskrigen flykta kronprinsesse Marta med dei tre barna til Sverige og sidan til USA , der dei budde i Washington, D.C. til krigen var over.

Da prinsen kom tilbake til Noreg, gjekk han pa Smestad skule , der ei politivakt i gangen var det einaste som skilde han fra dei andre skulebarna.

Kong Harald som kronprins (lengst til venstre) med far sin, kong Olav , under fredsprisutdelinga i 1963.

Utdanning [ endre | endre wikiteksten ]

Etter at han fekk artium gjekk prins Harald inn i militæret , først pa Kavaleriets befalsskule og sidan pa Krigsskulen , der han vart uteksaminert i 1959. Deretter drog han til Balliol College i Oxford der han studerte historie , samfunnsvitskap og økonomi .

Kronprins [ endre | endre wikiteksten ]

Da kong Haakon VII døydde den 21. september 1957 blei prins Harald kronprins . Han møtte til statsrad , og opptredde som regent nar kong Olav var vekke, første gong i 1958.

Familie [ endre | endre wikiteksten ]

Dronning Sonja og Kong Harald V ved Konserthuset i Stockholm i Sverige , dagen før bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no prins Daniel) 18. juni 2010.

Kronprinsen gifta seg den 29. august 1968 med Sonja Haraldsen , som no er dronning Sonja. Dei to hadde kjent kvarandre i ni ar, men det at ho kom fra borgarskapet og altsa ikkje var adeleg vart da sett pa som eit problem. Etter at kong Olav hadde radspurd regjeringa og ulike stortingsleiarar, fekk dei to lov til a gifta seg.

Paret fekk borna Martha Louise av Noreg og Haakon Magnus av Noreg i høvesvis 1971 og 1973.

Interesser [ endre | endre wikiteksten ]

Harald byrja a segla i ti-arsalderen og har halde denne interessa ved like sidan. I 1964 deltok han i Dei olympiske leikane i Tokyo , og i 1987 vart han og mannskapet pa ≪Fram X≫ verdsmeistrar i segling for eitt-tonnarar. I 2005 tok kongen og mannskapet pa ≪Fram XV≫ gull i EM i Sverige .

Kong Harald er innehavar av ei lang rekkje ordnar, mellom anna St. Olavs Orden .

Meisterskap [ endre | endre wikiteksten ]

Segling [ endre | endre wikiteksten ]

Meisterskap 1964 1968 1972 1974 1984 1987 1988 2005
Sommar-OL 7 11 10
Verdsmeisterskapen Sølv Sølv Gull Sølv
Europameisterskapen Sølv Gull

Dekorasjonar [ endre | endre wikiteksten ]

Kongen er innehavar av følgjande norske og utanlandske ordenar, medaljar og dekorasjonar. Oversikta er basert pa Kongehuset si liste over dekorasjonar. [1]

Norske dekorasjoner

Utanlandske dekorasjonar

Galleri [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Harald V av Noreg