Gerard van Honthorst

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gerard van Honthorst

Pseudonym Gerard Honthorst
Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 4. november 1592
Utrecht
Død

27. april 1656 (63 ar)
Utrecht

Yrke kunstmalar , bygningstegner , grafikar
Sjanger sjangermaleri , portrett , malarkunst , mytologisk maleri , historiemaleri , Christian art
Gerard van Honthorst pa Commons

Gerard van Honthorst eller Gerrit van Honthorst ( 4. november   1592 27. april   1656 ) var ein nederlandsk malar under barokken , bade fødd og død i Utrecht . Han var ein av dei fa nederlandske malarane med internasjonalt ry i samtida, ofte kalla for Utrechts Caravaggio grunna bruken av chiaroscuro .

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

'Den fortapte sonen', 1623

Honthorst var ei tid elev av Abraham Bloemaert. I 1616 reiste han til Italia og fullførte utdanninga si i Roma , der han i særleg grad studerte verk av Caravaggio . Han arbeidde elles for mektige oppdragsgjevarar som kardinalen Scipione Caffarelli-Borghese og bankieren, markgreven Vincenzo Giustiniani, ein samlar av Caravaggio-verk. Han møtte den italienske malaren Guido Reni og arbeidde saman med han.

Kring 1620 kom Honthorst tilbake til Utrecht og gifta seg med kusina si. Ar 1622 vart han teken inn i malar lauget i Utrecht. Der trefte han den fordrivne vinterdronninga, Elisabeth Stuart, og vart hyra til a undervise borna hennar. Han kjøpte seg eit stort hus og opna malarverkstad i byen. I 1628 oppheldt han seg i London, saman med eleven Joachim von Sandrart. I London arbeidde han for kong Karl I , og mala mellom anna eit allegorisk bilete med portrett av den kongelege familien.

Pa 1630-talet mala Honthorst nokre bilete fra dansk historie til danskekongen, Kristian IV , og mellom anna eit portrett av kongsdottera Leonora Kristine. Fyrstane av Oranje , Fredrik Henrik og Vilhelm II utnemnde han til hoffmalar i 1637 og gav han talrike oppdrag. Ettersom han fekk sa mange oppdrag i Haag opna han der den andre malarverkstaden sin, og fra 1637 var han medlem av malarlauget i Haag, aktiv i byen til 1652.

I verka sine blanda Honthorst element bade fra Abraham Bloemaert og fra Caravaggio. For det meste vende hans seg mot nattleg belysning med bruk av kjertelys eller lampelysa. Desse bileta plar ha ein noko kraftigare gulfarge i lysninga og svakt gjennomsiktige skuggar. Han mala ogsa mange framifra portrett.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Gerard van Honthorst