Det britiske arbeidarpartiet

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Det britiske arbeidarpartiet


Land Storbritannia
Partileiar (ar) Keir Starmer
Generalsekretær Iain McNicol
Grunnlagt 1900
Hovudkvarter City of Westminster
Medlemstal 552 000 (juni 2017) [1]
Ideologi demokratisk sosialisme , Sosialdemokrati   Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjon sentrum-venstre
Farge raudt

Det britiske arbeidarpartiet , Labour Party , er eit sentrum-venstre-parti i Storbritannia . Den noverande leiaren er Jeremy Corbyn .

Tony Blairs leiarskap [ endre | endre wikiteksten ]

Etter Blair tok over leiarskapen i partiet, var det første han gjorde a fjerne den sosialistiske formalsparagrafen til partiet, paragraf 4 i partilovene om felleseige av produksjonsmidla. Denne og andre endringar i politikken til partiet i marknadsliberalistisk retning gjorde at nemninga New Labour blei mykje bruka om partiet, ogsa av Blair og hans tilhengarar sjølve. Den nye retninga blei ogsa kalla ≪ den tredje vegen ≫, annleis enn bade høgrepolitikk og reformistisk sosialisme som Labour hadde statt for før. I utanrikspolitikken la Blair partiet enda tettare opp til USA , og støtta blant anna aktivt angrepskrigen mot Irak .

Minkande oppslutning [ endre | endre wikiteksten ]

Sjølv om Labour vann valet i 2005 , var det med minkande oppslutning (godt under 40 prosent) og minska fleirtal i parlamentet , og dei indre motsetningane i partiet er store [ treng kjelde ] . Men den britiske valordninga med einsmannskretsar gjer at det er vanskeleg for misnøgde arbeidarpartimedlemmer a bryte ut og danne eit konkurrerande demokratisk-sosialistisk parti. Ein tidlegare Labour-representant, George Galloway , greidde likevel a bli vald inn i parlamentet i 2005, for venstrealliansen Respect .

Historisk arv [ endre | endre wikiteksten ]

Det britiske arbeidarpartiet har ei lang og mangfaldig historie, der fargerike personlegdommar som blant andre Aneurin Bevan har spelt ei viktig rolle. Oppbygginga av velferdsstaten og nasjonaliseringa av samfunnsmessig viktige verksemder i Storbritannia etter andre verdskrigen var Labour sitt verk, og noko mange labourites er stolte over den dag i dag.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]