Bali

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Bali
øy
Land   Indonesia
Del av De sma Sundaøyer, Bali
Areal 5 632,86  km²
Folketal 4 225 384 (2014)
Kart
Bali
8°20′06″S 115°05′17″E  /  8.335°S 115.08805555556°E  / -8.335; 115.08805555556
Wikimedia Commons: Bali

Bali er ei øy og ein provins i Indonesia . Ho er ein del av ei øyrekkje der Java ligg vest og Lombok aust for henne.

Bali har ein folkesetnad pa 3,6 millionar menneske der fleirtalet er hinduar . Ho er kjend for ei rekkje særmerkte kunstformer innan musikk , dans , skulptur , biletkunst , ler - og metallarbeid , mellom anna gamelanmusikk og balinesisk skuggeteater . Øya har mykje turisme og er kjend som ei tropisk paradisøy . Sidan 2002 er ho og blitt eit bombemal for islamistiske terroristar .

Dei viktigaste byane pa Bali er den nordlege hamnebyen Singaraja og hovudstaden Denpasar , som ligg nær kysten i sør. Ubud blir sett pa som eit kulturelt midtpunkt pa Bali.

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Den kvite ≪hemmelege≫ stranda i Padangbai .
Gunung Batur

Øya er 153 km lang og 112 km brei med ei flatevidde pa 5 700 km². Ho ligg om lag 8 grader sør for ekvator , 3,2 km aust for Java .

Bali er vulkansk , men omringa av korallrev . Sørsida har kvite strender medan nordsida som oftast har svart , vulkansk sand. Ein fjellkjede gar fra midten av øya til austsida. Den austlegaste toppen er den aktive vulkanen Agung , pa 3 148 meter, som og er det høgaste punktet pa øya. Den større og nedslitne, men fortsatt aktive vulkanen Batur i same fjellkjeda stod for 30 000 ar sidan for eitt av dei største utbrota pa jorda.

Innbyggjarar [ endre | endre wikiteksten ]

I følgje tal fra 2003 hadde Bali rundt 3,57 millionar innbyggjarar. Hovudspraka er balinesisk og indonesisk med engelsk som eit viktig tilleggssprak pa grunn av turismen . Det er vanleg a kunna fleire sprak.

Balinesisk hinduisme er den viktigaste religionen pa øya, med 92 % av folket i denne gruppa, medan det finst grupper av mindre religionar, som islam (5,7 %), kristendom (1,4 %) og buddhisme (0.6 %) (2003).

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Øya blei truleg først busett rundt 2 500 f.Kr. Den førhistoriske tida tok slutt rundt 100 f.Kr. da hinduar fra India kom til øya og tok med seg brahmiskrifta , som ein kan finna pa keramikkrestar .

Vernestatue fra slottet i Ubud .

Majapahitriket pa Aust-Java grunnla ein koloni pa Bali i 1343 . Da riket fall kort tid før 1500 flykta mange av innbyggjarane til øya.

I 1597 kom den nederlandske oppdagaren Cornelis de Houtman til Bali, og kort tid etter grunnla nederlendarane ein handelsstasjon der. Nederland festa grepet pa Bali i løpet av det neste hundrearet, og stod som klar herskar etter ei rekkje kolonikrigar i 1846 - 1849 . Desse krigane hadde likevel vore krevjande nok til at koloniherrane let øya halda pa mykje av sjølvstyret og dei religiøse og kulturelle tradisjonane sine.

Bali blei del av den austindonesiske republikken etter a ha blitt erobra av japanske styrkar under den andre verdskrigen , og blei del av øyrepublikken Indonesia i 1948 .

I oktober 2002 blei øya raka av ei bilbombe i turistomradet Kuta som drap 202 menneske. Eit nytt atak pa Kuta og Jimbaran i oktober 2005, der 20 menneske blei drepne, stadfesta at Bali var blitt eit ynda mal for terroristar.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Bali