Westerplatte

Koordinatar : 54°24′27″N 18°40′17″E  /  54.40750°N 18.67139°E  / 54.40750; 18.67139
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Westerplatte
halvøy
Land   Polen
Kart
Westerplatte
54°24′27″N 18°40′17″E  /  54.4075°N 18.671388888889°E  / 54.4075; 18.671388888889
Wikimedia Commons: Westerplatte

Westerplatte er ei halvøy i Gda?sk i Polen , som stikk ut i Austersjøen ved munningen av Martwa Wisła (ein del av estuaret til Wisła ) i hamnekanalen til Gda?sk. Fra 1926 til 1939 eigde det polske militære transittdepotet (WST) halvøya, innanfor omradet til Fristaden Danzig (no Gda?sk).

Staden er kjend for slaget ved Westerplatte , den første store slaget under invasjonen av Polen i 1939 .

Transitdepoet [ endre | endre wikiteksten ]

I 1925 let Folkeforbundet Polen fa halde 88 soldatar pa Westerplatte. I september 1939 hadde mannskapet pa Westerplatte auka til 182 soldatar. Dei var armert med ein 75 mm feltkanon , to 37 mm Bofors panservernkanoner , fire bombekastarar og fleire medium maskingevær (MMG). Det hadde ikkje vore bygd verkelege festningsverk, berre fleire vaktbuer i betong gøymd i skogen pa halvøya.

Mellom den polske garnisonen og Fristaden Danzig (Gda?sk) lag hamnekanalen og berre eit smalt eid knytte halvøya til fastlandet. I tilfelle krig skulle forsvararane matte halde ut i 12 timar før den polske hæren nadde fram.

Befalshavande for den polske garnisonen var major Henryk Sucharski og nestkommanderande var kaptein Franciszek D?browski .

Slaget ved Westerplatte [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sja Slaget ved Westerplatte .

1. september 1939 , kl. 0445 lokal tid, starta det tyske slagskipet ≪Schleswig-Holstein≫ a bombardere den polske garnisonen, samstundes som tyskarane byrja invasjonen av Polen . Dette vart etterfylgd av eit atak fra tysk marinesoldatar, som vart slatt tilbake. To forsøk til fra dei tyske soldatane vart slatt tilbake seinare pa dagen. I løpet av dei neste dagane bombarderte tyskarane stadig Westerplatte med sjøartilleri og tungt feltartilleri , samt stupbombing av Junkers Ju 87 Stuka -fly. 3500 tyske soldatar vart slatt tilbake av dei 180 polske soldatane i sju dagar. 7. september valde major Henryk Sucharski a overgjev seg pa grunn av lite ammunisjon og sidan han innsag at han ikkje kom til a fa hjelp fra den polske hæren. Som eit teikn pa ære let den tyske kommandanten, general Eberhardt, major Sucharski a fa behalde offiserssverdet sitt medan han var fange.

Etterverknad [ endre | endre wikiteksten ]

Ruinane av kasernane og vaktbuene star framleis i dag. Etter krigen vart eit av vaktbygga omgjort til eit museum. To 280 mm granatar fra ≪Schleswig-Holstein≫ star ved inngangen.

Den polske diktaren Konstanty Ildefons Gałczy?ski skreiv eit særs kjend dikt i Polen om dette slaget, Ein song for soldatane pa Westerplatte ( Pie?? o ?ołnierzach Westerplatte ).

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Zbigniew Flisowski (1982). Tu, na Westerplatte . Warsawa: Ksi??ka i Wiedza.  
  • Zbigniew Flisowski (red.) (1989). Westerplatte . Warsawa: Wydawnictwa MON. ISBN 83-11-07694-4 .  
  • Maria and Zbigniew Flisowscy (1985). Bastion u wrot Gda?ska . Warsawa: Nasza Ksi?garnia. ISBN 83-10-08779-9 .  
  • Władysław Kluz (1989). Honor : mjr Henryk Sucharski . Warsawa: Akademia Teologii Katolickiej.  
  • Mirosław Gli?ski (1998). Westerplatte . Gda?sk: Muzeum Historii Miasta Gda?ska : Wydaw. Gda?skie. ISBN 83-85843-76-0 .  
  • Stanisława Gornikiewicz-Kurowska (1988). Lwy z Westerplatte . Gda?sk: Wydawnictwo Morskie. ISBN 83-215-7237-5 .  
  • Stanisława Gornikiewicz-Kurowska (1999). Westerplatczycy : losy obro?cow Wojskowej Składnicy Tranzytowej . Gda?sk: "Marpress". ISBN 83-87291-53-6 .  
  • Andrzej Drzycimski (1989). Wojna zacz?ła si? na Westerplatte . Gda?sk: Krajowa Agencja Wydawnicza. ISBN 83-03-02403-5 .  
  • Andrzej Drzycimski (1990). Major Henryk Sucharski . Wrocław: Ossolineum . ISBN 83-04-03374-7 .  
  • Melchior Wa?kowicz (1990). Westerplatte . Warsawa: Pax. ISBN 83-211-1113-0 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Westerplatte

54°24′27″N 18°40′17″E  /  54.40750°N 18.67139°E  / 54.40750; 18.67139