한국   대만   중국   일본 
Var Frelsers gravlund ? Wikipedia Hopp til innhald

Var Frelsers gravlund

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Var Frelsers gravlund

Kart
Var Frelsers gravlund
59°55′16″N 10°44′42″E  /  59.920994444444°N 10.745069444444°E  / 59.920994444444; 10.745069444444
Fra den sørlege seksjonen av gravlunden.
Foto: Chris Nyborg

Var Frelsers gravlund er ein gravlund i bydel St. Hanshaugen i Oslo sentrum, mellom gatene Ullevalsveien , Akersbakken og Akersveien . Mange kjende nordmenn er gravlagde pa denne gravlunden, dels i ein særskild æreslund, dels i andre seksjonar.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Det gamle gravkapellet pa gravlunden er no Var Frelsers ortodokse kirke, kyrkjelydkyrkja for Hellige Olga menighet, som er Den russisk-ortodokse kyrkja (Moskvapatriarkatet) sin fyrste kyrkjelyd i Noreg i moderne tid, skipa i 1996. Kyrkja har tilkomst fra Akersveien.
Foto: Chris Nyborg

Gravlunden vart teken i bruk sommaren 1808. Den fyrste som vart gravlagd der var Anna Lange Thulesius , ei enke etter ein prest i Den norske kyrkja . I 1864 kom kapellet pa plass. Det har vorte forandra ei rekkje gonger. Ettersom det er svært fa nye gravferder pa gravlunden har det vorte overdregen til den ortodokse kyrkjelyden heilage Olga , som har konsekrert den som Var Frelsers ortodokse kirke .

I 1903 vart gravlunden teken i bruk som æresgravlund. Den fyrste som vart lagt der var malaren Hans Gude . Nokre fa ar etter, i 1911, var gravlunden full, og det vart berre oppretta nye gravstader der festet hadde gatt ut. I 1952 slutta ein heilt a opprette nye graver, men det var framleis mogleg a bruke familiegraver der det var plass. I seinare ar har ein slutta a ta imot kistegravfreder pa grunn av at leirgrunnen er lite eigna for slike, og det er dermed berre mogleg med urnenedsetjingar. Fra og med 2006 var det mogleg a fa oppretta nye gravstader for urner. Den siste grava som vart oppretta i æresgravlunden er Borghild Hammerich si fra 1981, og planen er at det ikkje skal kome til nye, men at den skal takast vare pa som eit kulturhistorisk minne.

Ein del av gravene vart endra pa 1950-talet ved at ein fjerna steinrammer for a gjere vedlikehaldet enklare. Ein finn likevel ein rekkje monumentale gravminne der, mange av dei familiegraver som har vore brukt i fleire generasjonar. Over 4500 av gravminna er verdige til a verte tekne vare pa, og vert difor ikkje fjerna sjølv om festetida gar ut. Det er ikkje tillate a erstatte nokre av gravminna, inkludert dei som i seg sjølv ikkje er verdige til a takast vare pa, med moderne monument, ettersom ein ynskjer a ta vare pa særpreget for heile gravlunden.

Den katolske kyrkja har hatt ei nær tilknyting til gravlunden, ettersom den ligg rett ved sidan av det tidlegare katolske sjukehuset Var Frues hospital og svært nær Oslo katolske bispedømme sine kontor, bustader og domkyrkje . Det er ein eigna gravstad for katolske prestar, og eit omrade for St. Josephssystrene . Ingen av desse har vore brukte etter at ein slutta a tillate kistegravferder.

Pa den austre delen av gravlunden star eit lite klokketarn. I motsetnad til det mange trur har dette aldri vorte brukt ved gravferder; det vart brukt til a ringe ved byrjinga og slutten av arbeidstida i den perioden da det var mange tilsette som stelte gravlunden.

Personar som kviler pa Var Frelsers gravlund [ endre | endre wikiteksten ]

Grava til Bjørnstjerne Bjørnson og kona Karoline.
Foto: Domenico Erdmann / Riksarkivaren
Familiegrava til Henrik Ibsen .
Foto: Hedning
Rikard Nordraak (1842?1866) si grav. Nordraak døydde i Berlin og leivningane vart overført til Var Frelsers gravlund i 1925. [1]
Foto: Dagny
Johan Sverdrup sitt gravminne med byste av Gustav Lærum . [2]
Foto: A-S. Ofrim
Skodespelarane Laura og Sigvard Gundersen .
Foto: GAD
For meir om dette emnet, sja Kategori:Gravlagde pa Var Frelsers gravlund .

Lista nedanfor er eit utval kjende personar som er gravlagde pa Var Frelsers gravlund. Det er ikkje meint a vere ei uttømmande liste over dei mange tusen som er gravlagde der gjennom tidene.

I æreslunden [ endre | endre wikiteksten ]

Den vestre delen [ endre | endre wikiteksten ]

Den sørlege delen [ endre | endre wikiteksten ]

Gina Krog si grav.
Foto: Chris Nyborg
Ivar Aasen si grav.
Foto: Chris Nyborg

Den austre delen [ endre | endre wikiteksten ]

Familiegrava til Camilla Collett og Peter Jonas Collett .
Foto: Chris Nyborg
Henrik Wergeland si grav. Gravminnet er ei gave fra europeiske jødar og vart avduka 17. juni 1849.
Foto: Chris Nyborg

Den nordre delen [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Referansar
  1. Finn Benestad. ≪Rikard Nordraak≫ . Norsk biografisk leksikon . Henta 4. april 2016 .  
  2. Per Fuglum. ≪Johan Sverdrup≫ . Norsk biografisk leksikon . Henta 4. april 2016 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Var Frelsers gravlund