Birger Eriksen

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Birger Eriksen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1875
Moskenes
Død

16. juli 1958 (82 ar)
Oslo

Yrke offiser , politikar
Sprak norsk
Politisk parti Høgre
Birger Eriksen pa Commons
Byste av Birger Eriksen i badeparken i Drøbak

Birger Kristian Eriksen ( 17. november   1875 16. juli   1958 ) var ein norsk offiser.

Bakgrunn [ endre | endre wikiteksten ]

Eriksen var fødd i Flakstad i daverande Moskenes kommune i Lofoten i Nordland . [1] Han tok examen artium i 1893, og gjekk deretter inn pa Krigsskolen. Her vart han uteksaminert i 1896, og gjekk inn som befal ved infanteriet . I 1889 gjekk han over i det nyoppretta festningsartilleriet , der han vart utnemnd til kaptein i 1901 og major fra 1915, da han vart kommandant for Tønsberg befestninger . Same aret vart han kommandant ved Agdenes befestninger , fra 1918 som oberstløytnant . I 1931 vart han kommandant for Bergen befestninger , da som oberst . I 1933 vart han overført som kommandant ved Oscarsborg festning .

Andre verdskrigen [ endre | endre wikiteksten ]

Eriksen skreiv seg inn i noregshistoria da han som kommandant for det siste festningsverket før Oslo matte ta stilling til det tyske ataket morgonen 9. april 1940. Han hadde da fatt meldingar fra Oslofjord festning om at framande krigsskip hadde unnlate a stoppe for varselsskot, og heldt fram nordover forbi festninga, altsa med kurs for Oscarsborg. Eriksen vurderte da situasjonen opp mot hans instruks. Hans vurdering var da at dei framande skipa ikkje hadde stoppa for varselskot fra Oslofjord festning, og neste trekk skulle etter instruksen vere a gi retta eld med skarp ammunisjon.

Eriksen slutta ut fra dette at han matte gje eld med skarp ammunisjon utan varsel. Det var dette han gav ordre om da festninga kl. 04.21 gav eld med alt tilgjengeleg artilleri og torpedoar mot det første framande skipet i flotiljen. Dette skipet skulle seinare vise seg a vere den tunge tyske kryssaren ≪Blucher≫ .

Da ≪Blucher≫ vart oppdaga, skal Eriksen ha sagt følgande: ≪Visst fanden skal der skytes med skarpt! Enten blir jeg stilt for krigsrett eller jeg blir behandlet som krigshelt. Fyr!≫

Resten av flotiljen stansa framfor Drøbaksundet, og landsette soldatane som var meint for Oslo bl.a. i Son . Oberst Eriksen forsinka med andre ord den reelle okkupasjonen av Oslo med næmare eitt døgn, og han skaffa dermed Kongen, Regjeringa og Stortinget det naudsynte tidsvindauget til a forlate Oslo og ta opp motstanden. Forseinkinga gjorde det og mogleg for Noregs Bank a evakuere heile gullbehaldninga pa 48,8 tonn.

Eriksen gjekk av for aldersgrensa i november 1940. Han engasjerte seg ogsa i det sivile samfunnet. Da han tenestegjorde ved Agdenes sat han i kommunestyret i Rissa kommune . Han sat og i kommunestyret i Frogn kommune , og som pensjonist sat han i Drøbak bystyre. Heile tida representerte han Høgre .

Etter andre verdskrigen vart oberst Eriksen mellom anna dekorert med Krigskrossen med sverd, [2] den franske utmerkinga Croix de Guerre og han blei offiser av den franske ordenen Æreslegionen .

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. TORE KUBBERØD. (2008) Kongen ærer oberst Eriksen . Østlandets Blad. Besøkt 25. august 2012
  2. Erik Gjems-Onstad (red.): Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren , Oslo: Grøndahl Dreyer, 1995, s. 148?149.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Birger Eriksen