Togo

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
[ endre ]
Republique Togolaise

(norsk: Togo, togolesisk)

Det togolesiske flagget Det togolesiske riksvåpenet
Flagg Riksvapen
Nasjonalsong Salut a toi, pays de nos aieux
Motto Fransk : Travail, Liberte, Patrie (Arbeid, rettferd, fedreland)
Geografisk plassering av Togo
Offisielle sprak Fransk
Hovudstad Lome
Styresett
Republikk
Faure Gnassingbe
Komi Selom Klassou
Flatevidd
 ? Totalt
 ? Andel vatn
 
56 785 km² ( 124. )
4,2 %
Folketal
 ? Estimert (2017)
 ? Tettleik
 
7 965 055 ( 99. )
140,3 /km² ( 64. )
Sjølvstende
fra Frankrike
27. april 1960
Nasjonaldag 27. april
BNP
 ? Totalt (2015)
 ? Per innbyggjar
 
10 820 mill. USD ( 151. )
1 700 USD ( 183. )
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC
Telefonkode +228
Toppnivadomene .tg


Togo (tidlegare del av protektoratet Togoland) er ein republikk i Vest-Afrika , som grensar til Ghana , Burkina Faso og Benin .

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Kart over Togo

Togo er eit langt og smalt land, om lag 600 km langt og mellom 50 og 150 km breitt. Dei nordlege delane av landet er prega av savannar . Midtdelane har kupert terreng. Dei sørlege delane ved kysten er dominerte av marskomrade , sletter og lagunar .

Større elver er Oti , Mono og Kara .

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Kystomrada av Togo har to regntider, ein fra april til juli, og den andre fra september til november. Dei nordlege omrada har berre ei regntid som startar i mai eller juni. Kystomrada har mindre nedbør enn omrada like innanfor. Dette kjem av kalde havstraumar utanfor kysten og at den sørvestlege vinden i omrade er kystparallell. Minst sannsyn fra nedbør pa kysten er det i perioden desember til februar. Arsnedbøren er likevel jamnt over 1000-1500 mm i landet.

Dei nordlege omrada har tørketid mellom oktober og april, og temperaturane kan da bli ganske høge med middeltemperaturar over 30 °C og særs lag relativ fukt . Kjøligast er det i juli og august med middeltemperaturar kring 25 °C. Fra desember til februar kan den nordaustleg harmattanvinden paverke heile landet, bortsett fra kystomrada. Denne vinden fører ofte med seg ein del støv.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Portugisarar var dei fyrste europearane som kom til Togo pa 1400-talet. Saman med Benin hadde landet ei sentral rolle i slavehandelen i fleire hundre ar, men det blei ikkje kolonialisert av europearar før pa slutten av 1800-tallet. I 1884 blei delar av dagens Togo eit tysk protektorat . Dei neste ara blei det forhandla fram fleire avtalar med Frankrike og Storbritannia som definerte det eksakte grenseforløpet i den einaste tyske kolonien i Nordvest-Afrika. Kolonien omfatta ogsa eit større omrade som i dag er del av Ghana.

Ved byrjinga av fyrste verdskrigen (1914) invaderte britiske troppar landet fra vest og franske troppar fra aust. Delen som blei kontrollert av britane blei til Britisk Togoland og blei ein del av Ghana etter ei folkerøysting i 1954. Den austlege delen var under fransk kontroll, og blei i 1918 eit fransk mandatomrade (Fransk Togoland) og seinare til dagens Togo. Etter andre verdskrigen skifta mandatet for dei to omrada fra folkeforbundsmandat til SN -mandat, men Frankrike og Storbritannia blei verande mandathaldarar. Togo oppnadde sjølvstende gradvis fra 1955 og til full uavhengighet 27. april 1960. Sylvanus Olympio vann presidentvalet i 1958 og blei den fyrste presidenten i landet.

Olympio prøvde etter kvart a undertrykke dei politiske motstandarane sine og forby konkurrerande parti. Det førte til eit kupp den 13. januar 1963 der Olympio blei drepen. Opposisjonspolitikaren Nicolas Grunitzky vende tilbake fra eksil og overtok regjeringsansvaret som statsminister (eit verv han ogsa hadde hatt fra 1956 til 1958); han blei vald til president i mai 1963. Han støtta seg pa militæret, men maktbasisen hans blei etterkvart svekka, og eit nytt kupp 13. januar 1967 førte til at oberstløytnant Etienne Eyadema (seinare general Gnassingbe Eyadema)]] blei president. Han grunnla eit militærdiktatur og blei verande president dei neste 38 ara.

I ein periode mellom 1990 og 1993 matte Eyadema ga med pa at ein ≪nasjonalkonferanse≫ skulle laga ein overgangsgrunnlov som kunne ha ført til ein demokratisk stat. I maktspelet som gjekk føre seg i denne perioden greide Eyadema etterkvart a fa overtaket. I dei neste ara matte han gje opposisjonen nokre rettar, men klarte a halda pa makta til han døydde 5. februar 2005 . Militæret utnemnde sonen hans Faure Gnassingbe til ny president. Dette blei bekrefta i eit svært omstridd val i april 2005.

Samfunn [ endre | endre wikiteksten ]

Folkesetnad [ endre | endre wikiteksten ]

Ved folketeljinga i 2010 hadde Togo 6 191 155 innbyggjarar. [1]

Største byar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Lome (837 437 innbyggjarar)
  2. Sokode (118 000)
  3. Kara (104 000)
  4. Kpalime (96 000)
  5. Atakpame (81 000)

Administrativ inndeling [ endre | endre wikiteksten ]

Regionar i Togo

Togo er delt opp i fem regionar, fra nord til sør Savanes , Kara , Centrale , Plateaux og Maritime .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Recensement General de la Population et de l'Habitat (06 au 21 novembre 2010). Resultats definitifs Arkivert 2012-04-21 ved Wayback Machine ., Direction Generale de la Statistique et de la Comptabilite Nationale, 2011, s. 3.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Togo